Espen Vasby spelar med hjelm grunn fleire rundar med hjerneristing tidlegare i karrieren.
Espen Vasby spelar med hjelm grunn fleire rundar med hjerneristing tidlegare i karrieren.

Fotball: Debuterte i OBOS

Notodden tok imot Sandefjord på heimebane i OBOS-ligaen sundag. Keeper Espen Vasby (Hovet) fekk sjansen frå start i sin fyrste OBOS-kamp for telemarkingane.

Han har vore i klubben i fleire år, og var med på opprykket frå andredivisjon for to sesongar sidan. Det siste halvtanna året har han vore andrekeeper, og spelt mest cupkampar og for andrelaget. I helga fekk han altså sjansen i sin fyrste OBOS-kamp. Han gjorde ein god jobb, trass i at det vart tap 2–0 for ein av opprykksfavorittane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Espen Garnås på Ull/Kisa markerte seg på fleire måtar i heimekampen mot Raufoss. Midtstopparen stod for den fyrste scoringa, i det som etter kvart vart ein målfest på Jessheim. Han heada ballen i mål etter ein corner. Då dommaren bles av kampen stod det 5-1, og Garnås hadde fått gult kort etter ein tøff hovudduell. Onsdag ventar ei større utfordring, då tek Ull/Kisa imot Rosenborg heime i cupen.