Den mest profilerte hundekøyraren i Hallingdal, Ralph Johannessen, under trening på Hardangervidda.
Den mest profilerte hundekøyraren i Hallingdal, Ralph Johannessen, under trening på Hardangervidda.

Forskar på hundekøyrarar

Han har vore interessert i hundekøyring sidan han var unggut. No forskar geilingen Rune Waaler på fenomenet.

Han skreiv både mellomfags- og hovudoppgåve der tema var hundekøyring. Og førstelektoren har ansvaret for hundekøyring som ein del av tilbodet ved Universitetet i Tromsø – Norges Arktiske universitet, avdeling Alta. No blir hundekøyring både universitetsfag og forskingstema.

– Eg er vel over gjennomsnittet interessert, seier Runa Waaler på telefon frå Røros. I fjor henta fire forskarar informasjon frå Finnmarksløpet. I skrivande stund er Waaler, Knut Skjesol frå Høgskolen i Nord-Trøndelag og student Mailene Skjølås på Femundløpet for å samle informasjon til forskingsprosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Livsstil

– Er det uvanlege menneske som driv med hundekøyring?

– Ja, det kan du godt spørje om. Dei brukar i alle fall veldig mykje tid og ressursar på sporten eller hobbyen sin. Dei legg ned så mykje innsats at dei korkje har tid eller ressursar til å drive med særleg anna. Langdistanse hundekøyring er ikkje berre ein hobby, det er ein livsstil, seier førstelektoren. Sjølv vart han som ung svært fascinert av polare hundar og eigenskapane deira då foreldra passa ein grønlandshund. Han grov hendene inn i pelsen til det veltilpassa dyret, som slett ikkje let seg merke av over 20 minusgrader ute.

Waaler har alltid hatt hund sjølv, men ikkje hundespann. Han køyrer heller mykje med andre sine spann, og har både jobb og forskarauge på fenomenet. Fordi det er gøy. Den mest artige forma for friluftsliv han veit om.

Førstelektor Rune Waaler ved UiT Norges arktiske universitet forskar på langdistanse hundekøyrarar. Forskarteamet har intervjua hundekøyrarar på Finmarksløpet 2013. No tek dei for seg køyrarane på Femundløpet.
Førstelektor Rune Waaler ved UiT Norges arktiske universitet forskar på langdistanse hundekøyrarar. Forskarteamet har intervjua hundekøyrarar på Finmarksløpet 2013. No tek dei for seg køyrarane på Femundløpet.

– Samanlikna med mange andre idrettar, er dei fleste billege og tek mindre tid i forhold til det å drive med hundekøyring, påpeiker han. Dette er grunnen til at dei no vil forske på kva for motivasjon som ligg bak denne krevjande livsstilen. Hundekøyring er basert på både idrett og friluftsaktivitet. Indre og ytre motivasjon, målsetjingar, vitalitet og lidenskap skal bli målt og kartlagt. Livsstilen vil bli grundig undersøkt.

– Dei to-tre åra framover no skal me analysere dataen me samlar inn frå Finnmarksløpet og Femundløpet, seier Waaler. Korleis er eigentleg menneskes psyke når dei går gjennom ekstreme kraftprøver som Femundløpet og Finnmarksløpet? Og korleis speglar hundekøyring samfunnet elles?

Motivasjonsfaktor

Forskarteamet ser på faktorar som er viktig for hundekøyrarane. Ser på motivasjonsstrukturen. Kor dei bur, naturopplevingar, fart og spenning, sosiale forhold, og så vidare. Tidsbruken er på line med det ein vanleg toppidrettsutøvar brukar på sporten sin. Minst. Undersøkingar syner at langdistansekøyrarar brukar halve året brukar rundt 50 timar i veka på hundane.

Forskarane ser og på motivasjonen som ligg meir skjult. Den indre og ytre motivasjonen og forholdet mellom desse. Indre motivasjon kan vere glede, at det er verdifullt og at ein rett og slett gløymer tid og stad når ein driv på. Noko som kan resultere i ein veldig innsats. Ytre motivasjon er meir målorientert mot ei premiering.

– Ein må kanskje vere meir indre motivert som hundekøyrar, enn i mange andre idrettar, trur Waaler. Og er ein indre motivert, er vedkomande ofte meir harmonisk når det gjeld lidenskapen overfor idretten sin. Ein elskar det ein driv med, men har kontroll. Er lidenskapen meir besettande, går det gjerne utover noko.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er her skilsmisser og dårleg økonomi kjem inn. Ein tek snarvegar – og er meir ytre motivert, forklarar forskaren.

Dyktige kvinner

– Er det noko de har vorte overraska over så langt?

– At mange kvinner la inn fart og spenning som ein større motivasjonsfaktor enn det menn gjorde.

Waaler trur kanskje kvinner på eit par område kanskje er betre hundekøyrarar. Utan at dei har målt dette.

– Damer kjem lettare «inn i hovudet» på bikkjene. Dei er mellom anna lettare og lysare i stemma og snakkar meir med hundane. Det kan gjere at dei slepper «parkering», seier han. Dette er når spannet under konkurranse legg seg ned og ikkje let seg rokke. I tillegg meier Waaler det er tendens til at kvinner er meir uthaldande.

– Dei taklar smerte godt, og klarar seg bra med stor søvnmangel, legg han til. Undersøkinga har synt at kvinner legg meir vekt på glede/lykke, naturoppleving og kontemplasjon enn menn. Menn er meir oppteken av meistring og fysisk aktivitet. Hundekøyring som konkurranseform er elles ein av få idrettar der kvinner og menn kjempar på lik line.

Glede og natur

Under Finnmarksløpet i fjor, svara 65 norske hundekøyrarar på spørjeskjemaene til forskarane. Førebels kan ein sjå at glede, naturoppleving, meistring og kontakt med hundane er mest viktig for hundekøyrarane. Spenning, kontemplasjon, det sosiale og utstyr og anerkjenning er mindre viktig.

Spørreskjemaene forskarane nyttar er standardiserte spørjeskjema som blir nytta i anna motivasjonsforsking, berre tilrettelagt hundekøyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forskingsprosjektet om hundekøyrarar står på eigne bein, men Waaler har og hatt liknande undersøkingar på terrengsyklistar og langrennsløparar. Det er og gjort slike undersøkingar på fotballspelarar og elevar i aktivitetsorientert friluftsliv. Til slutt vil forskarane kunne samanlikne desse idrettane der utøvarane utset seg for krevjande og langvarige påkjenningar over tid.

– Er hundekøyrarar tøffare enn andre idrettsutøvarar?

– Eg veit ikkje. Men det å køyre lange løp er tøft. Ein må vere svært dyktig friluftsliv-utøvar. Ein må i alle fall vere ganske tøff for å vere startklar for dei store løpa, seier Waaler. Men han legg samstundes til at i hovudfagsoppgåva hans, og i bachelor-oppgåver til elevane hans, har hundekøyrarane trekt fram stunda og kontakten med hundane om kvelden, under stjernene, som noko av det viktigaste, og det som betyr mest.

– Og det er jo ikkje ei særleg tøff side, ler han.

Men han trur den indre motivasjonen til hundekøyrarar er på nivå med dei beste idrettsutøvarane i Norge. Kanskje høgare.

Heile livet

Hundekøyrarar har ein tendens til å halde på «heile livet». Det syner seg at ein del folk som etter kvart sluttar med ein annan idrett, startar med hundekøyring – då kan dei nemleg halde fram med å konkurrere.

– Då kan dei vere med og hevde seg til dei er over 60, fortel Waaler. Og framleis held mange fram – også utanom konkurranse.

– I Alaska snakkar dei om hundekøyrarfamiliar og om generasjonar med hundekøyrarar, fortel Waaler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner trenden med junior-løp i dei store hundeløpa fortel at idretten no blir teken alvorleg. Samstundes er folk generelt oppteken og fascinert av hundekøyring.

Resultat frå prosjektet vil etter kvart bli publisert internasjonalt og bli presentert i korte artiklar på nettstadene til Femundløpet og Finnmarksløpet før løpa i 2014 og 2015.

– Hundekøyring er vorte ein folkesport, slår Waaler fast.

* Forskingsaktivitet knytt opp til Universitetet i Tromsø.

* Forskarane vil i 2013, 2014 og 2015 granske hundekøyrarar i Finnmarksløpet og Femundløpet.

* Arbeidet blir gjort av førstelektor Rune Waaler og førsteamanuensis Tor Oskar Thomassen ved i Universitetet i Tromsø, saman med Knut Skjesol frå Høgskolen i Nord-Trøndelag og Hallgeir Halvari frå Høgskolen i Buskerud.