Annette Danielsen og Magic Mathilda vart nummer fire i eit sprangstemne på Hønefoss.
Annette Danielsen og Magic Mathilda vart nummer fire i eit sprangstemne på Hønefoss.

Fjerdeplass på Hønefoss

Annette Danielsen og Magic Mathilda var einaste lokale deltakar då Hønefoss og Ringerike Rideklubb avslutta sesongen med distriktsstemne i sprangriding sist helg.

På 120 centimeter rei dei ein feilfri runde og enda på ein fin fjerdeplass av 22 startande. På 115 cm fekk Annette og Magic ei god tid i omhoppinga. Men eitt riv gjorde at dei datt nedover på resultatlista. Ekvipasjen debuterte på 125 cm med ein feilfri runde og var berre eitt sekund frå premieplass.