Filip Fjeld Andersen har testa positivt for korona og er sendt heim frå VM i Oberhof.

Fjeld Andersen er sendt heim frå VM med smitte

Filip Fjeld Andersen har testa positivt for korona og er sendt heim frå VM i Oberhof.

Det melder Norges Skiskytterforbund i ei pressemelding onsdag kveld.

– Det er sjølvsagt veldig kjedeleg, og me skulle gjerne hatt med Filip i troppen under meisterskapen, seier skiskyttaranes landslagslege, Aasne Fenne Hoksrud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at av omsyn til dei andre i gruppa er det tryggast å sende Fjeld Andersen heim.

Onsdag morgon vart alle i troppen og støtteapparatet testa for covid på nytt, i samsvar med normal rutine, og ingen testa positivt.

Landslagsleiinga har bestemt seg for å ikkje ta inn ein ny reserve som erstatning for geilingen.

– Vår vurdering er at det er tryggjast å ikkje sende inn ein ny utøvar i troppen no, seier Arne Botnan, landslagssjef i Norges Skiskytterforbund.

Les også
Fullt kaos då straumen gjekk midt i verdscuprenn: – Alt slutta å fungere
Les også
Sport i helga: Mista skia i kvalikdrama og solid medaljefangst i KM
Les også
Uvêr fører til kolonnekøyring: – Bør komma seg over fjellet før kl. 20 i kveld