Martin Garnås Sire og Stian Kleivdal rauk ut i slopestylekvalifiseringa i Kreichberg. (Arkivfoto)
Martin Garnås Sire og Stian Kleivdal rauk ut i slopestylekvalifiseringa i Kreichberg. (Arkivfoto)

Finaledraumen rauk

Martin G. Sire og Stian S. Kleivdal var i aksjon under slopestylekvalifiseringa i Kreichberg måndag.

Snøbrett: Dei to hallingane var del av ein ung norsk delegasjon som fekk sjansen til å prøve seg mot rutinerte konkurrentar frå heile verda.

Måndag køyrde brettkøyrarare slopestylekvalifisering i Kreichenberg, og på førehand var begge klar på kva som var draumen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Draumen er VM-finale, men det blir tøft, sa dei to før avreise til Austerrike.

Rauk ut

Etter det fyrste runnet låg Sire i andre kvalifiseringsheat best an av dei to.

Med 55 poeng var han ranka som nummer sju av 24 startande i sitt heat. I andre runnet fekk han det ikkje heilt til, og då fleire passerte han på resultatlista vart han til slutt nummer ti i heatet. Stian Kleivdal hadde ikkje fullklaff i fyrste runnet. Men geilingen drog på meir i andre runnet. Då vart han lønna med 50,66 poeng. Det heldt til 13.-plass totalt i heatet.

Ny sjanse

Heller ikkje sistemann i den norske troppen, NTG-elev Håkon Eilertsen gjekk vidare frå kvalifiseringa. Han hamna på plassen føre klassekamerat Kleivdal.

Dei fire beste gjekk direkte til finalen, medan dei fire neste får køyre semifinale og kjempe om dei siste finaleplassane. For begge hallingane er slopestyleeventyret over i Kreichberg, men dei kan få ein ny sjanse når bigair står på programmet fredag.

I tillegg til desse to er Vilde Johansen frå Hemsedal klar for VM. Freeskikøyraren skal i aksjon når kvalifiseringa i slopestyle går tysdag føremiddag.