annonse

Femundløpet 2019: Kongen måtte abdisere

Femundløpet 2019
Femundløpet 2019: Thomas Wærner ut frå sjekkpunkt Trysil. (Foto: Line Sandvik)
Nummer to
Nummer to: Robert Sørlie å veg inn til sjekkpunkt Orkelbogen. (Foto: Line Sandvik)
Nykommar
Nykommar: Ho er forholdsvis nykommar i sporten, men klatrar raskt på stigen. Emma Lockhart legg pledd på hundane på Drevsjø2 og er strålande nøgd så langt i løpet. (Foto: Line Sandvik)
Femundløpet 2019
Femundløpet 2019: Emma Lockhart på elveosen under brua i Tynset natt til måndag. (Foto: Line Sandvik)
Ferskt
Ferskt: Ho er forholdsvis nykommar i sporten, men klatrar raskt på stigen. Emma Lockhart legg pledd på hundane på Drevsjø2 og er strålande nøgd så langt i løpet. (Foto: Line Sandvik)
Ralph
Ralph: Tøffe spor mot Trysil. Ralph Johannessen måtte sette att tre hundar her. (Foto: Line Sandvik)
Femundløpet 2019
Femundløpet 2019: Robert Sørlie Femundløpet 650. (Foto: Line Sandvik)
Femundløpet 2019
Femundløpet 2019: Thomas Werner norgesmeister og vinnar av Femundløpet 650. (Foto: Line Sandvik)
Femundløpet 2019
Femundløpet 2019: Emma Lockhart på veg inn til sjekkpunkt Trysil. (Foto: Line Sandvik)
Femundløpet 2019
Femundløpet 2019: Hund, Trysil. (Foto: Line Sandvik)
Femundløpet 2019
Femundløpet 2019: Emma Lockhart, Tynset. (Foto: Line Sandvik)

+ Kongen av Femundløpet, Robert Sørlie, køyrde sitt 30. Femundløp. Men måtte i år sjå seg slått av yngre krefter.

Line Sandvik

Thomas Wærner frå Torpa køyrer inn til målgang i Røros etter 650 kilometer i noko av Norges fantastiske natur. Han har lege i tet sidan start og synt seg som ein verdig kandidat til å ta over trona frå hurdølingen Robert Sørlie.

Sørlie har vunne Femundløpet 12 gonger og køyrd løpet alle 30 gongene. Han er utnemnt til konge for lenge sidan. At han skulle miste trona under sjølvaste jubileumsløpet, var det få som trudde. Men slik vart det.

– Eg har sparka som ein galning dei siste fem kilometerane. Det var gøy å vinne, å bli norgesmeister. Men mest gøy å slå Robert, sa Thomas Wærner etter målgang klokka 07.36 måndag morgon. Ein liten halvtime etter kom Robert Sørlie.

Tøffe spor

Ralph Johannessen frå Dagali køyrde eit stabilt og godt løp. Han var venta inn til Røros måndag ettermiddag i 16-17-tida. Førebels plassering var som nummer ni i løypa.

Johannessen måtte ta ut tre hundar i Trysil. For hundekøyrarane og dei firbeinte, var det tøffe spor mot det nye sjekkpunktet i Trysil. Fleire av køyrarane i tet fortalde om ei røff løype. Det var somme stader vanskeleg å finne sporet.

I Trysil var det eit stort publikum som ønskte hundekøyrarane velkommen. Sjekkpunktet låg ute i elveosen og folk stimla saman for å sjå heltane.

– Eg er overraska over at så mange fann vegen over, sa Johannessen då han kom inn med ein hund i sleden.

På sjekkpunkt Orkelbogen mange mil seinare måtte han setje att to hundar til. Då bar turen vidare mot Røros med berre sju hundar.

Hallingane

Ei som verkeleg har imponert under løpet, er Emma Lockhart frå Skurdalen. Ho køyrde ut frå Orkelbogen klokka halv seks måndag morgon med ti hundar framfor sleden. Då stod det att sjekkpunkt Tolga, før det bar vidare mot Røros og målgang måndag kveld. Måndag morgon låg ho som nummer 15 i løypa. Bra gjort for ei som nærast er ei novise i løpssamanheng. Og sjølv var ho strålande nøgd på kvart sjekkpunkt.

– Eg kosar meg, strålte ho. Målet var å konkurrere etter forholda.

– Eg ser ikkje på dei andre i det heile tatt. Eg konsentrerer meg om hundane og meg sjølv, sa ho undervegs i løpet. Og på sjekkpunkt gjekk det fort. Ho har innarbeidd seg ein enorm rutine på forholdsvis kort tid som hundekøyrar. Me såg eit konkurransemenneske i arbeid. Samstundes syner ho stor omsorg for hundane sine. Dei skal vere med vidare til Finnmark i mars for å køyre Finnmarksløpet 500.

André F. Bjørstad frå Dagali køyrde B-spannet til Lars Monsen i Femundløpet, men måtte bryte måndag ettermiddag. Han hadde lege lengst bak, men målet var å gjennomføre. Bjørnstad måtte kvalifisere seg til Finnmarksløpet 1200 neste månad, då  han etter planen skulle køyre A-spannet til Monsen. Det blir ikkje noko av no.

Lars Sandaker Kvittingen frå Ustaoset braut Femundløpet i Trysil. 24 år gamle Jacobine Langstein køyrde eit spann frå Ralph Johannessen. Ho kom inn til ein fin 20.-plass i det kortare Femundløpet 450.  

annonse