Jan-Eirik Jansen Thorberg har ei høg stjerne blant fotballglade ungdommar i Quetta. Det same har Hallingdal Fotballklubb og Nesbyen IL, som har sponsa drakter.
Jan-Eirik Jansen Thorberg har ei høg stjerne blant fotballglade ungdommar i Quetta. Det same har Hallingdal Fotballklubb og Nesbyen IL, som har sponsa drakter.

Fekk stadion kalla opp etter seg

Har du ikkje høyrt om Jan-Eirik Jansen Thorberg Football ground? Nyleg vart han høgtideleg opna i Pakistan.

Fotball: Det skjedde på fotballens festdag. Bak høge murar i bydelen Hazara i den pakistanske byen Quetta ligg ein liten jordbane, med grøne gjerde og to små mål. Den er kalla opp etter Hallingdal FK og sportsleg leiar, Jan-Eirik «Jansen» Thorberg.

– Det er jo litt artig. Og eg må også si at det er ei ære. Det er ikkje mange som har ein fotballbane kalla opp etter seg, seier hovudpersonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Historia starta då Hallingdal FK hadde eit fotballtilbod til unge asylsøkjarar på mottaka i Hallingdal.

– Det kom mange frå mottaka og var med på treningar. Dei fekk drakter og utstyr og vart tekne godt vare på, men fleire av dei har etter kvart vorte sende ut av landet, fortel Jansen.

Gir tilbake

Grunnleggjaren av banen i Quetta, Jan Ali Jafari voks opp i byen aust i Pakistan. Per i dag har byen kring 600.000 innbyggarar.

Slik ser det ut, skiltet som heng på veggen på utsida av HFK-banen.
Slik ser det ut, skiltet som heng på veggen på utsida av HFK-banen.
Hallingdal FK har sendt drakter og anna utstyr til Pakistan.
Hallingdal FK har sendt drakter og anna utstyr til Pakistan.
I samband med opninga 16. mai spelte to lag treningskamp på banen. T.h. Jan Ali Jafari, som organiserte bygginga av banen.
I samband med opninga 16. mai spelte to lag treningskamp på banen. T.h. Jan Ali Jafari, som organiserte bygginga av banen.
Jan Ali Jafari håpar fotballbanen i bakgrunnen kan bli eit lyspunkt i heimbyen.
Jan Ali Jafari håpar fotballbanen i bakgrunnen kan bli eit lyspunkt i heimbyen.
Jan-Eirik Thorberg har fått ein bane kalla opp etter seg i Pakistan.
Jan-Eirik Thorberg har fått ein bane kalla opp etter seg i Pakistan.

Han kom etter kvart som flyktning til Norge, og var i ein periode busett på Gol. I lag med fleire frå mottaket der var han med på treningane i samband med integreringsprosjekt i regi av Hallingdal FK. Lenge hadde han ein draum om å bygge fotballbane eller idrettshall i heimbyen. Og då han vart sendt ut av Norge tidlegare i år, starta arbeidet.

– Pakistan er eit land med meir fattigdom enn i mange andre land. Mange likar fotball, men få har råd og moglegheit til å spele. Difor ynskte eg å lage ein skikkeleg fotballbane her, fortel Jafari.

Sjå video frå opninga her: 

Viktig tid

At banen fekk namn etter Thorberg og HFK var ikkje tilfeldig.

– Jan-Eirik var førebiletet mitt i HFK. Han lærte meg mykje om fotball og folk, og eg ville vise at eg sette pris på han og klubben, seier grunnleggjaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han treivst godt i Hallingdal, og med tilbodet frå HFK.

– Gol var ein fantastisk fredeleg plass. HFK hadde ein av dei beste fotballtrenarane eg har møtt, og mange gode og hyggelege spelarar. Derfor var tida der viktig for meg, meiner Jafari.

Spesielt

Jansen var invitert på opninga 16. mai, men hadde ikkje høve grunna pliktene i Norge.

– Eg skulle gjerne ha vore nedover og sett banen ein gong, men det vart vanskeleg å ta turen til opninga, fortel han.

– Me har støtta dei med drakter og utstyr, no treng dei mest økonomisk støtte.

Banen vart høgtideleg opna for to veker sidan med inviterte gjester, snorklipping og ein vennskapskamp mellom to lag med juniorspelarar.

Jafari håpar banen kan vere eit lyspunkt for unge og gamle i Quetta, og hindre at ungdommar hamnar i kriminelle miljø. Han har ein draum om å gjere banen betre, men er avhengig av meir pengar for å få det til.

– Banen er liten med jorddekke no. Han går an å spele på, men eg håpar me får til å gjere han betre med mindre skaderisiko. Eg drøymer om å hjelpe folk i Hazara, og at dei beste spelarane ein gong kjem hit til ein vennskapskamp på banen, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Integrering

På skiltet utanfor banen er også HFK-logoen godt synleg.

Han understrekar at dei var fleire som jobba med integreringsfotballen i klubben. Når fleire mottak har vorte lagt ned, er ikkje fotballtilbodet like aktuelt.

– Stian Bråten, Ingvild Kvåle Myksvoll, Pawel Kaczorowski, Paul Brevig, Karol Sen og Linnea Johansson Thorseth skal også ha mykje av æra for at det har vorte eit godt tilbod. Når det no er færre mottak, blir det mindre aktivitet, seier Thorberg.

Han trur likevel timane på Hallingmo har vore viktige.

– Det er veldig viktig å kunne gi dei gode minne og moglegheit til å knytte kontaktar på tvers av mottak og nasjonar. Det er viktig å gi dei noko meiningsfylt å drive med. Og det er bra for oss, og for klubben.