Vetle Sjåstad Christiansen hadde ei tøff reise i langrennsløypene i Oberhof. Martin Fourcade (bak) vart overraskande nummer åtte etter tre bom på standplass. (Arkivfoto)
Vetle Sjåstad Christiansen hadde ei tøff reise i langrennsløypene i Oberhof. Martin Fourcade (bak) vart overraskande nummer åtte etter tre bom på standplass. (Arkivfoto)

Fekk sjansen i verdscupen

Skiskyttarlandslaget har fleire løparar ute med sjukdom. Då fekk reservane sjansen i Oberhof.

Skiskyting: Vetle Sjåstad Christiansen kom inn i den norske troppen til den fyrste verdscuphelga over nyttår.

Eigentleg skulle han vore i Martell i Italia og gått IBU-cup, men då sjukdom prega verdscuplaget, fekk geilingen sjansen. På sprinten torsdag skaut han ni treff, men fekk det tungt i dei tøffe løypene i Tyskland.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mål var han eitt minutt og 47 sekund bak austerriske Julian Eberhardt, som tok ein noko overraskende siger føre Michael Slesingr (Tsjekkia) og Dominik Windish (Italia).

Geilingen vart til slutt nummer 31, og var dermed fyrstemann som ikkje fekk verdscuppoeng. På plassen føre var Erlend Bjøntegaard, fem sekund føre Christiansen. Beste norske vart Emil Hegle Svendsen på sjuandeplass. Det er utgangspunktet før løparane skal ut og gå jaktstart laurdag. Sundag står fellesstart på programmet.