Eirik Hesla Berget satsar mot ein ny sesong og debut i RallyX Nordic.

Etter to usikre år har han inngått avtale: - Det har vore tøft for motivasjonen

Pandemien har sett heile satsinga på vent for rallycrossførar Eirik Hesla Berget. Løysinga vart ein avtale med eit svensk rallyteam.

Motorsport: Det har ikkje vore lett å vere rallycrossførar med privat satsing dei to siste åra. For Eirik Hesla Berget har det vore to sesongar nesten utan løp. Han stod på trappene til ein internasjonal debut i rallycross, då pandemien sette ein stoppar for mykje. Sidan 2020 har karantenereglar og reiserestriksjonar sett ein alvorleg brems på satsinga til 20-åringen frå Gol.

No ser han derimot lysare på framtida. Nyleg skreiv han under for eit team i Sverige, STS-RX, som gjer at han veit kva han har å halde seg til og kva han kan få til. Endeleg blir draumen om å stille i det nordiske meisterskapet verkeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Måtte utsetje debuten - det vart for krevjande
Les også
Den umoglege draumen

– Om eg gler meg, ja? Hadde eg ikkje hatt øyre, så hadde smilet gått trill rundt. Det har det gjort sidan eg skreiv under, seier Berget.

Satsar stort

Avtala med svenskane gjer mellom anna at han kan gå frå å ha ansvar for eit fullt støtteapparat på løp, til å reise med eit mindre følge.

Det har vorte mange treningstimar for Eirik Hesla Berget dei siste to åra.

– Dei siste åra hadde eit heilt team på sju-åtte mann hamna i karantene om me reiste. No kan eg reise berre eg og ein til. Det gjer alt mykje lettare og gir meg ein garanti for at det blir løp. Det er ei enorm lette, seier han.

Fakta:

RallyX Nordic er den nordiske meisterskapen i Rallycross. Meisterskapen tel sju løp totalt fordelt på ulike banar i Norden.

SuperCar Lites er namnet på bilane som blir køyrt i ein ganske unik cupklasse. Klassen består av identiske bilar utvikla av det svenske teamet Olsberg MSE. Bilane er basert på ein spesialbygd røyrramme kledd med eit Ford Fiesta karroseri, 4-hjulstrekk, sekvensiell 6-trinns girkasse og ein 300 hestekrefters 2,4 Ford Duratec motor. Sidan bilane er identiske og det einaste som er tillaet å endre på i all hovudsak er støytdemparsetting og hjulvinklar stiller alle sjåførar tilnærma likt. Dette er med på å gjere klassen optimal for utvikling og rekruttering.

I fjor sommar begynte dei å sjå om det gjekk an å få til eit samarbeid, i håp om å få køyre løp att. Då dukka svenskane i Charlottenberg opp. Etter fleire samtaler vart dei samde. Når sesongen startar i mai er det

– Det er flinke folk med erfaring, ein familie som lever og andar for sporten. Dei held bilen i orden og står for logistikken. Dette er ein ny start, og eit heilt annleis opplegg, men det er ein god plass å starte.

I den nordiske meisterskapen stiller han med ein bil han kjenner godt frå før.

– Men det er likevel mykje å lære og mykje å trene på. Eg lærer nye ting heile tida, seier Berget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Toppidrettsliv

I fjor flytte Berget heim til Gol, der han fekk seg jobb. Han innrømmer at det har vore opp og ned med motivasjon, når han ikkje visste kva som skjedde med satsinga.

– Det har vore utfordrande. Eg har prøvd å vere positiv og tenkt at det snart ville losne, men du sit heile sesongen ytst på stolen og ventar på klarsignal. Og så er det eit spørsmål om pengar, det kostar med testing og køyring òg. Det har vore ein balansegang heile vegen.

No er det ein streng timeplan for å få toppidrettslivet til å gå rundt. Klokka ringer kvart over fem for å rekke trening før full arbeidsdag. Heime frå jobb ventar simulatortrening

– Når eg veit det blir sesong så har eg motivasjon til å drive på slik. Rallycrossen er det største i livet mitt. Eg vil gjere det eg kan for å bli så god som mogleg, seier Berget, som også har engasjert mentaltrenar.

Bilen er skruvd frå kvarandre og sendt av garde for klargjering. Ingenting er tilfeldig når sesongen startar til våren.

Både han og bilen brukar vinteren til finpussing. No skrur dei frå kvarandre det dei kan, finpussar og set saman att.

– Når me veit det blir ein full sesong, med løp i Sverige, Finland og Latvia er det lettare å legge planar. Bilen skal vere i best mogleg stand til sesongen startar.

– Og du sjølv?

– Eg berre gler meg, eg. Endeleg!

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Golberg & co er nærkontakt til smitta trenar- trur ikkje han kjem til OL
Les også
Spent før Beijing-OL: – Veit ikkje om eg kan ta med meg mobil og mac
Les også
Fleire klubbar kjempa om han - no er Jesper Taaje eliteseriespelar