Det blir felles stopp og bilete på Tjukkekjørr kring klokka 13, som tidlegare år.
Det blir felles stopp og bilete på Tjukkekjørr kring klokka 13, som tidlegare år.

Endrar ruta på grunn av sterk vind

Hovudløypa til Slarverennet er flytta grunna dårleg vêr og stiv kuling i høgfjellet.

– Me gjennomfører sjølv om vêret er dårleg. Alle deltakarar er no informerte om endringa via tekstmelding og e-mail, seier Randi Nibstad.

Kortar ned løypa

«Stuttslarven» på 13 kilometer går som planlagd, frå Nystølen på Torpoåsen via Tjukkekjørr og til mål på Smylistølan. Hovudløpa er derimot korta ned til kring 22 kilometer. Start er flytta frå Holdeskaret i Hemsedal til Øknin på Torpoåsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då slepp løparane å gå over Versjøen, det er der vêret er dårlegast. Der bles det kjerringar. Elles går det meste som normalt. Alle bussane er framskove med ein time frå morgonen, fordi kortare løype gjer at folk kjem tidlegare i mål, seier Nibstad.

Spanske rytmar og velmeinte tips

Festhelga startar alt fredag, med «Fredagsslarven» i partyteltet ved Pers Hotell. Tenk spanske rytmar, beachvibes og tapasbuffet.

– Me køyrer på med spanske musikarar og DJ’s. Dei svingar skikkeleg, og kjem til å lyfte stemninga. Lisa Tønne står for underhaldninga. Ho kjem nok til å dra ein del kvinneproblematikk, vil eg tru. Det er godt for gutane å høyre også, dei er hjarteleg velkomne. Kanskje får dei med seg nokre tips, seier partysjef Sonja Ingebrigtsen.

F.v. Anita Gjengedal, Elin Møllerplass, Anne-Lise Dokken og Randi Nibstad.
F.v. Anita Gjengedal, Elin Møllerplass, Anne-Lise Dokken og Randi Nibstad.
ñ Me tek alltid høgde for vÍret, det har me gjort i år også. No endrar vÍret seg heile tida, og det er veldig av og på med vind. Men me skal gjennomføre rennet uansett, seier Randi Nibstad.
ñ Me tek alltid høgde for vÍret, det har me gjort i år også. No endrar vÍret seg heile tida, og det er veldig av og på med vind. Men me skal gjennomføre rennet uansett, seier Randi Nibstad.