Øystein Bråten får køyre X-Games i Hafjell. (Arkiv
Øystein Bråten får køyre X-Games i Hafjell. (Arkiv

Ekstremsportfesten i Hafjell

Eitt år etter at historias fyrste X-Games vart arrangert i Oslo, får Hafjell besøk av ekstremsportsirkuset.

Etter ein lang veg og mange diskusjonar vart det tysdag ettermiddag klart at det blir X-Games i Hafjell i mars.

– X Games Oslo var eit fantastisk arrangement, og det var rått å sjå så mange tilskodarar og eit slikt engasjement, seier X Games-sjef i ESPN, Tim Reed, på sportskanalens eigne heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag kom meldingane om at X-Games-arrangørane igjen valde å sjå på Norge som den beste arrangøren for eit europeisk X-Games. Med økonomien på plass vart det Hafjell i staden for ei Oslo-reprise.

Nytt program

Til forskjell frå i fjor er det i år både bigair og slopestyle på programmet. Slopestylekonkurransen skal gå i ei 750 meter lang flaumlyst løype.

– Vårt mål er å lage det beste action sportsarrangementet nokon sinne i Europa. Me gler oss enormt til å ta fatt på denne oppgåva, seier Henning Andersen i SAHR, som leder X Games-prosjektet i Norge, til Tv2.

– TV 2 skal sende alle finalane på hovudkanalen i beste sendetid. X Games Norway 2017 blir den einaste slopestyle-konkurransen i verda i flaumlys. Det vil bli ei fantastisk oppleving for både utøvarar og fans når lysmagien frå Big Air på Tøyen skal skapast på nytt i ei 750 meter lang løype, meiner Andersen.

Til Hafjell

X-Games er å rekne på line med eit større meisterskap som OL eller VM, men skil seg frå denne typen konkurransar då berre dei beste i verda får invitasjon til konkurransane.

Til no har tre norske skikøyrarar fått invitasjon. Det er Tiril Sjåstad Christiansen, Øystein Bråten og Johanne Killi. Alle tre tok medaljar anten i Aspen eller i Oslo i fjor. Brettkøyrarane Kjersti Buaas og Mons Røisland invitert, i tillegg til medaljevinnarar frå andre nasjonar. Fleire av dei andre verdsstjernene vil få invitasjonar i løpet av sesongen.