– Styrken min er aggressive angrepsstillingar, der eg kan køyre mot kongen, seier Joachim Solberg.
– Styrken min er aggressive angrepsstillingar, der eg kan køyre mot kongen, seier Joachim Solberg.

– Eitt trekk kan endre alt

Joachim Solberg deltek i lynsjakk-EM i Tallinn i helga. – Eg håpar på å slå ein stormeister eller to, seier han.

Sjakk: Familien Solberg har vore hekta på sjakk sidan den kalde krigen. Bobby Fischer fekk heltestatus, og far Solberg vart regelmessig spelar i Moss sjakklubb.

Sjakkfamilien

Det var slik interessa starta for Joachim Solberg. Fleire år seinare er han framleis aktiv sjakkspelar, og deltek på turneringar så ofte han kan. Men mellom etterutdanning og lærarjobb på Gol vidaregåande skule har han ikkje lenger så mykje tid til intensiv sjakk-trening.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjakkinteressa ligg til familien. Far min starta å spele turneringar regelmessig i 1968. Sidan har det gått steg for steg. Eg spelte kampar og seriar i Fredrikstad, og mot dei andre klubbane i Østfold. I helga er Solberg i Tallinn for å kjempe om sigrar i lynsjakk-EM.

– Sjakktradisjonane er litt annleis i dei gamle austblokklanda, der mange satsar fullt med sjakkskule og lærarar. Det blir ei spennande oppleving, seier han.

– Ein veit aldri

Det var tilfeldig at han melde seg på europameisterskapen.

Joachim Solberg kjem opprinneleg frå Moss, men er busett på Torpo. I helga deltek han i EM i lynsjakk i Tallinn.
Joachim Solberg kjem opprinneleg frå Moss, men er busett på Torpo. I helga deltek han i EM i lynsjakk i Tallinn.
– Eg er vel meir fredeleg utanfor brettet. I spelet blir kamplysta tent, seier Joachim Solberg.
– Eg er vel meir fredeleg utanfor brettet. I spelet blir kamplysta tent, seier Joachim Solberg.

– Eg har aldri vore med på EM tidlegare. Då eg kom over påmeldinga for nokre veker sidan, tenkte eg det kunne vere artig å prøve. Når ein kjenner at ein kanskje kan slå gode spelarar, så vil ein gjerne prøve seg. Mange av toppspelarane lever berre for sjakk, og trenar mykje. Så det blir vanskeleg, men ein veit aldri.

Spelar for godkjensla

Solberg fortel om den gongen han spelte uavgjort mot Vladimir Epishin, den tidlegare sekundanten til stormeister og tidlegare verdsmeister Anatoly Karpov.

– Me spelte eit ganske langt parti, og eg synest det såg vanskeleg ut med ein gong. Men det enda med uavgjort. Epishin har vore proffspelar og deltek på turneringar kvar veke. Å greie å halde uavgjort mot ein så god spelar gjev ei god kjensle. Det er slike ting eg vil oppnå. Det skal ikkje så mykje til, eitt trekk kan endre alt.

Let seg ikkje påverke

– Eit sjakkparti kan vere ein tøff psykisk krig. Det har vel hendt at eg har sparka i veggen etter å ha tapt eit parti, men eg prøver å ikkje gjere det på turnering. Om ein er veldig dårleg tapar og stormar ut, slik Magnus Carlsen gjorde etter det eine VM-partiet, så begynnar folk å lure, ler Solberg. Til og med kong Carlsen kan vippast av pinnen.

Håpar på god glid

Kring 520 spelarar deltek i helgas meisterskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er å slå ein stormeister eller to. Om ein har litt glid, så kan det gå. Mål nummer ein er å bli blant dei hundre beste. Men det kjem an på dagsformen, er eg ikkje på topp så risikerer eg å bli slått av spelarar som eigentleg er rangert bak meg på tabellen, seier han.

– Eg spelar for å vinne

– Stemmer det at elevane dine let det gå sport i å prøve å slå deg i sjakk?

– Ja. For eit par år sidan hadde eg to ivrige gutar som spelte mykje sjakk i pausane. Dei utfordra meg til duell på biblioteket. Ikkje for å skryte, men eg slo dei ganske greitt. No går det ei stund mellom kvar duell.

– Du spelar ikkje snilt altså?

– Nei. Eg spelar for å vinne, og gjev maks. Dei får heller slå nokon andre, seier Solberg.