Geilo har mellom anna arrangert Nordic Rookie Tour. Her er Stian Kleivdal i aksjon i 2013. (Arkivfoto)
Geilo har mellom anna arrangert Nordic Rookie Tour. Her er Stian Kleivdal i aksjon i 2013. (Arkivfoto)

- Eit eksempel for snowboardnorge

Juryen i Snowboardawards meiner Geilo er den beste snøbrettklubben i landet.

SNØBRETT: Snøbrettmiljøet heidrar sine eigne i form av prisutdelinga Snowboardawards.

Dei siste åra har nominasjonar og vinnarar vorte offentleggjord på nett, så også i år. Vinnarane vart lagt ut måndag føremiddag. I tre klassar var det lokale nominasjonar, det resulterte i to lokale prisar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I kategorien for årets klubb var det kamp mellom Son slalomklubb, K-town brettklubb (Kristiansand), KIF Snowboard (Kongsberg), Heming Adrenalin Snowboard og Geilo IL. Både publikum og jury var samstemde, og kåra Geilo til vinnar.

Eldsjeler

«Sidan oppstarten i 2001 har denne klubben vore eit eksempel til etterfølging i snowboard-Norge. Klubben har klart å halde fokus ikkje berre på topp, men også i alle år klart å rekruttere ungdommen til snøbrett. Og jobba hardt for å legge til rette i lokalbakken for at dei som køyrer sidelengs skal ha det best mogleg.» Det skriv juryen i grunngjevinga. Dei held fram med å peike på etablerte landslagskøyrarar og talent på veg opp. I tillegg er dei imponert over arrangementa klubben har hatt sist vinter.

«Dei viste igjen kva for eldsjeler dei er når dei stilte opp under NM i Trysil for å sørge for ei prikkfri gjennomføring av snowboardcrossen», meiner juryen. Sist men ikkje minst har dei merkt seg investeringane i Havsdalen, for å sørge for eit tidleg treningstilbod til eigne utøvarar.

Geilo er gode på både rekruttering og å ta vare på etablerte utøvarar, meiner juryen. Her er rekruttar frå Geilo på kidskarusell i 2012. (Arkivfoto)
Geilo er gode på både rekruttering og å ta vare på etablerte utøvarar, meiner juryen. Her er rekruttar frå Geilo på kidskarusell i 2012. (Arkivfoto)
Geilingane får ros for arrangementa dei har hatt sist vinter. Her frå norgescup sist vinter.(Arkivfoto)
Geilingane får ros for arrangementa dei har hatt sist vinter. Her frå norgescup sist vinter.(Arkivfoto)
Stian Kleivdal tok bronse under junior-VM i vinter. (Arkivfoto)
Stian Kleivdal tok bronse under junior-VM i vinter. (Arkivfoto)

Parkplass

Geilo gjorde det godt i prisutdelinga, og henta også prisen for årets anlegg.

Der konkurrerte dei mot etablerte skistader som Trysil, Vierli og Hemsedal.

«Forrige sesong vart det satsa hardt på park på Geilo. Dei lanserte den nye Tirilparken, og tok med det nok ein gong opp kampen om den beste parken med dei andre anlegga. Eit ivrig parkcrew sørga for at parken til ei kvar tid var nysjeipa og held god standard gjennom heile sesongen» heiter det i grunngjevinga frå juryen. Dei trekkjer også fram parken i Havsdalen og moglegheitene som ligg i å vere ein av dei mest snøsikre plassane.

Nominert

Stian Kleivdal frå Geilo var nominert i klassen for årets gjennombrot. Der vann Mons Røisland og Hanne Eilertsen.

Sølvvinnar i Sotsji, Ståle Sandbech vart årets mannlege køyrar, medan X-Gamesvinnar Silje Norendal frå Kongsberg vann prisen for beste kvinnelege køyrar.