Pål Golberg vart nummer 12 på Beitostølen laurdag. Sundag kan han klatre endå høgre på listene når løparane skal ut og gå klassisksprint. (Arkivfoto)
Pål Golberg vart nummer 12 på Beitostølen laurdag. Sundag kan han klatre endå høgre på listene når løparane skal ut og gå klassisksprint. (Arkivfoto)

Ein betre dag på jobben

Pål Golberg revansjerte ei skuffande klassiskopning med ei god plassering i fristil.

Pål Golberg var ikkje fornøgd med klassiskrennet fredag.

Laurdag fekk han sjanse til å revansjere 49.plassen, då langrennsløparane gjekk 15 km fristil på Beitostølen. Golberg passerte både seks- og tikilometersmerket ti sekund bak teten, og viste at han har både form og forbetring på gang i skøyting ved å halde avstanden til teten. I mål var han til slutt 35,8 sekund bak teten, og vart nummer 12.

Artikkelen held fram under annonsen.

Martin Johnsrud Sundby gjorde som fredag, og vann rennet i suveren stil. Bak han var Petter Eliassen næraste utfordrar, føre Didrik Tønseth som også sikra sin andre pallplassering på to dagar.

Sundag står sprint på programmet. Renna i helga er fyrst og fremst ein formtest for landslagsløparane, og ein moglegheit for dei utanfor til å kjempe om verdscupstartar. Neste helg startar verdscupen i finske Kuusamo.