Gullaget til Norge i junior-VM i Romania (18/19-årsklassen). F.v. Endre Strømsheim, Bærum, Harald Øygard, Skrautvål og Aleksander Fjeld Andersen, Geilo
Gullaget til Norge i junior-VM i Romania (18/19-årsklassen). F.v. Endre Strømsheim, Bærum, Harald Øygard, Skrautvål og Aleksander Fjeld Andersen, Geilo

Drøymer om landslag

Aleksander Fjeld Andersen kom heim frå Romania med to VM-medaljar og ein sterk søknad om landslagsplass.

Skiskyting: 18-åringen hadde juniormeisterskapen i Romania som hovudmål i vinter.

– Eg er veldig fornøgd med at eg ikkje vart dårlegare enn nummer fire i noko renn der nede, seier han. Meisterskapen vart avslutta med stafettar denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med den norske troppen kom Aleksander Fjeld Andersen heim til Norge natt til torsdag. Norgescuprenna i helga står han over. No treng kroppen litt rolegare dagar.

– Det var greitt å kome heim til Geilo no. Men utruleg kjekt å reise med VM-troppen og få representere Norge internasjonalt. Det er ein draum alle skiskyttarar har.

Medaljefangst

Med seg i bagasjen frå Cheile Gradistei hadde han stafettgull og ei individuell sølvmedalje frå normaldistansen.

Med 19 treff på standplass imponerte han både seg sjølv og andre under opningsdistansen.

– Eg har jobba mykje med skytinga dei siste åra. Normaldistanse er ikkje det eg har vore best på, så da var det ekstra moro å lukkast der. På sprinten og jaktstarten hadde eg ein bom for mykje, oppsummerer han.

På stafetten fekk Aleksander gå andreetappen. Han hadde ei oppgåve: Skyte to fulle hus og gå så fort at han sende ankermann Harald Øygard ut med eit godt utgangspunkt.

– Eg veksla bak Ukraina og Italia, men brukte berre eitt ekstraskot og gjekk oss opp i leiinga. Det var veldig godt å kjenne at kroppen fungerte også siste konkurransedagen, når eg eigentleg var litt sliten.

Han rakk mest ikkje bli spent før ankermannen var på veg mot mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Stafettgullet var nok det største, meiner han.

Norge i toppen

I fjor var geilingen med på den europeiske utgåva av ungdoms-OL. Han meiner junior-VM i år var større.

– Her var det løparar frå heile verda, og du fekk målt deg skikkeleg mot dei beste internasjonalt.

Mange av duellane stod mellom dei norske og dei russiske løparane.

– Eg vart litt overraska over kor høgt nivå me har i Norge. Er du blant dei beste i norgescupen, så er du blant dei beste i verda.

Til toppen

Sjølv om hovudmålet for i år er nådd, er det framleis viktige renn igjen i sesongen.

– Eg har planer om å gå norgescup i langrenn på Hovden neste helg, og så er det jo junior-NM i Trondheim før påske, seier han.

Meisterskapen i Romania var hans første junior-VM, og med fullklaff har han to moglegheiter igjen til å hente fleire medaljar. Draumen om ein plass på juniorlandslaget lever for alvor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det hadde vore utruleg kjekt. Eg føler at det bør vere mogleg etter det eg har vist no. Det ville vere eit skritt vidare på vegen for meg.