Elise Magnetun (7)  måtte fint gå saman med mamma Marion Stensnes då dei gjekk frisklivsløpet på Nesbyen laurdag.
Elise Magnetun (7) måtte fint gå saman med mamma Marion Stensnes då dei gjekk frisklivsløpet på Nesbyen laurdag.

Den nye Marit Bjørgen

Elise Magnetun (7) har skapet fullt av medaljar, pokalar og andre premiar. Laurdag deltok ho på Frisklivsløpet

Dermed vart det nok ein premie i skapet på den unge og spreke jenta frå Nesbyen.

– Det er fyrste gongen eg går fire og ein halv kilometer, men eg er ikkje så redd for å verta sliten. Eg har trent på ski i heile vinter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elise er meir redd for at ho må stå å vente på mor si, Marion Stensnes, gjennom løypa.

– Eg kunne gått frå mamma, men ho seier at eg ikkje får lov. Eg er sprekare enn ho, for når me er på ski må eg ofte venta på ho.

– Du trenar mykje du då, sidan du er så sprek?

Emilie Rask Michelsen (t.v) og Marte Opheim i arrangørkomiteen var strålande fornøgde med at så mange deltok på løpet.
Emilie Rask Michelsen (t.v) og Marte Opheim i arrangørkomiteen var strålande fornøgde med at så mange deltok på løpet.

– Ja, eg trenar både ski og friidrett. Eg skal verta like god som Marit Bjørgen, fortel Elise.

Rekorddeltaking

Frisklivsløpet vart arrangert for fyrste gong i fjor. Det var ein brukar av Frisklivssentralen i Hallingdal som etterlyste eit løp som ikkje berre handla om å bli fyrst i mål, men kunne få alle som ville med ut på tur eller å ha noko å trena mot. Difor vart Frisklivsløpet arrangert. I fjor var det fyrste gongen og kring 70 deltakarar var med. Då startskotet i år gjekk, hadde 126 deltakarar meldt seg på. Dei to løypene deltakarane kunne velje mellom var ei løype på to kilometer og ei på fire og ein halv kilometer. Alt frå små born til eldre deltok laurdag.

– Me var litt uroa då me onsdag såg at berre 30 hadde meldt seg på, difor valde me å avbestille tidtakarutstyret sidan det var så få som ville springe på tid, fortel to av dei i arrangørstaben, Emilie Rask Michelsen og Marte Opheim.

At så mange stilte opp tykte dei var veldig kjekt og meiner dette viser at det er behov for eit løp som passar alle.

– Me kan ikkje slutte no, dette er kjempekjekt. Ekstra kjekt er det at me har sol også. Me ser berre blide folk rundt oss, seier dei to,

Artikkelen held fram under annonsen.

Men om Frisklivsløpet har kome for å bli, er dei likevel ikkje sikre på.

– Me skal evaluere løpet seinare og då vil me sjå om me skal halde fram.

Alle fekk premie

Sjølv om dei aller fleste valde å gå, var det også ein del som ville springe gjennom løypa. Den raskaste gjennom 4,5 kilometerløypa var Vegard Woll frå Nesbyen. Men det hjelpte fint når hovudpremien vart trekt ut på startnummeret.

– Alle som har vore med her i dag kan vinna hovudpremien som er ein hytteweekend til ein verdi av 2600 kroner. Me har også mange andre fine premiar som me har fått sponsa. Alle som har delteke får ein liten premie, fortel Rask Michelsen.