Per Guldbrandsgård (t.h.) reiste til USA som skitrenar i 1965. Han fekk følge av broren Svein Roar. I dag bur Per framleis i Aspen. Han køyrer på ski heile vinteren.
Per Guldbrandsgård (t.h.) reiste til USA som skitrenar i 1965. Han fekk følge av broren Svein Roar. I dag bur Per framleis i Aspen. Han køyrer på ski heile vinteren.

Dei er legender i «skiløpingas paradis»

{{imageLeft}}

I desember feirar den fasjonable amerikanske skistaden Snowmass i Aspen i Colorado 50 år. Per Guldbrandsgård frå Hovet er med på feiringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

I DETTE MILJØET er han nemleg ei legende. For kor mange har fått eit hjørne i ein av restaurantane i botnstasjonen i Aspen kalla opp etter seg? 79-åringen frå Hovet reiste til USA på ein sementbåt frå Slemmestad til New York i 1965. I Sugarbush i Vermont vart han skitrenar ved Stein Eriksens skiskule. Så flytta «Mr. Ski» som Eriksen vart kalla i USA til Aspen då Snowmass opna i 1967. Per Guldbrandsgård følgde etter, og vart sjefinstruktør for Eriksen i to år. Her arbeidde også broren Svein Roar, og hit kom også andre holingar som Aud Hvammen Lunde, Per Bye, Torbjørn Teigen og Henrik Brusletto.

{{imageLeft}}

HALLINGANE VAR populære, og dei følgde i spora etter nesningen Olaf Rodegård. Alt før andre verdskrig vart Rodegård skitrenar Timberline Lodge ved Mount Hood i Oregon. Under krigen instruerte han amerikanske soldatar. Så vart det New Zealand, der han var med på å bygge opp dei første skianlegga på Coronet Peak. Desse opna for 70 år sidan, i 1947. Han reiste tilbake til Sun Valley i Idaho. I 1966 flytta han heim og starta skiutleige og skiskule på Ranten. Olaf Rodegård gjekk bort i 2010, men køyrde på ski til han hadde passert 95 år. Dei som fekk sjå han køyre på ski, gløymer ikkje den elegante og mjuke stilen. I USA hadde han vore skitrenar for både sjahen av Persia og skodespelaren Clark Gable. Han var på hels med Robert Kennedy. Kan hende skjøna ikkje Nes og Hallingdal kor stor han eigentleg var. Men på veggen i varmestova i Nesbyen Alpinsenter heng eitt bevis på stordomen. Førstesida av amerikanske Life magazine (biletet) frå februar 1948 viser Olaf Rodegård i eit elegant svev i laussnøen. Og har ein vore på coveret til Life magazine, er ein helt enkelt ei legende.

På 1970-talet dreiv Per Guldbrandsgård skiskular i Minnesota. Dei hadde seks-sju tusen elevar i veka. Her er han i svevet på skiskulens reklameplakat.
På 1970-talet dreiv Per Guldbrandsgård skiskular i Minnesota. Dei hadde seks-sju tusen elevar i veka. Her er han i svevet på skiskulens reklameplakat.
Olaf Rodegård på Life Magazine, 23. februar 1948.
Olaf Rodegård på Life Magazine, 23. februar 1948.
Olaf Rodegård avbilda i 2006 i varmestova i Nesbyen Alpinsenter. På veggen bak han heng biletet av han sjølv på framsida til Life magazine i 1948.
Olaf Rodegård avbilda i 2006 i varmestova i Nesbyen Alpinsenter. På veggen bak han heng biletet av han sjølv på framsida til Life magazine i 1948.
Per Guldbrandsgård (t.h.) reiste til USA som skitrenar i 1965. Han fekk følge av broren Svein Roar. I dag bur Per framleis i Aspen. Han køyrer på ski heile vinteren.
Per Guldbrandsgård (t.h.) reiste til USA som skitrenar i 1965. Han fekk følge av broren Svein Roar. I dag bur Per framleis i Aspen. Han køyrer på ski heile vinteren.

SKITRENARANE VAR stjerner i ei verd ukjend for dei fleste. Per Guldbrandsgård har opplevd det, han også. Han har instruert dei som er «rich and famous». Blant dei er skodespelarane Will Smith, Bruce Willis og Lucille Ball. Dei fleste hallingane kom etter kvart attende til Norge, men Guldbrandsgård vart att som skitrenar. Han bygde opp ein skiskule i Minnesota på 1970-talet som hadde seks-sju tusen elevar i veka og selde etter kvart norsk skiutstyr. I 1990 starta han å selje solbriller og vart instruktør att i Aspen. I 2012 gav han seg som skitrenar, men skikøyringa sluttar han aldri med. Måndag til fredag gjennom vinteren er han på ski i anlegget der mange kjenner namnet hans. For i eit av verdas mest fasjonable skimiljø er han så kjend at han i eine restauranten i botnstasjonen i Aspen har eit eige hjørne kalla opp etter seg. «Per’s corner», står det på eit skilt. Om ettermiddagen, etter økta i skibakkane, finn du han her.