Heimelagets Alfred Scriven (t.v.) blir gratulert av Sondre Liseth etter at han sju minutter på overtid utlikna til 4-4 i eliteseriekampen i fotball mellom Mjøndalen og Bodø/Glimt på Consto Arena.
Heimelagets Alfred Scriven (t.v.) blir gratulert av Sondre Liseth etter at han sju minutter på overtid utlikna til 4-4 i eliteseriekampen i fotball mellom Mjøndalen og Bodø/Glimt på Consto Arena.

Debuterte i eliteserien - og scora

Alfred Scriven var nær ved å bli poengbergar i eliteseriedebuten for Mjøndalen.

Den tidlegare HFK-spissen er inne i sin andre sesong for nyopprykte Mjøndalen. Fire år etter at han starta med organisert fotball i Hallingdal FK fekk han innhoppet på Consto Arena i Mjøndalen.

Det kom i ein kamp som hadde dramatikk frå start til slutt. Fyrst tok gjestane leiinga, både 1- og 2-0, før heimelaget slo tilbake og utlikna på straffe før pause. I andre omgang bølga kampen fram og tilbake, og på stillinga 4–3 til Bodø Glimt fekk innbytar Scriven sjansen for Mjøndalen. Etter berre nokre minutt på banen i sin fyrste eliteseriekamp, steig han i vêret på kjent vis. Den tidlegare HFK-spisse sette ballen i mål bak vikarkeeper Vegard Leikvoll Moberg. Mjøndalen lukta poeng på heimebane, mot bortelaget som var redusert til ti mann etter skade på keeper. Men på overtid av overtid, i det 101. minutt, sette Glimt inn 5–4. Mjøndalen er dermed poenglause etter to kampar i eliteserien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan avgjere

For Scriven vart det likevel ein god debut med scoring i sin fyrste kamp i eliteserien.

Den tidlegare HFK-spissen viste også i fjor evnar til å avgjere kampar, då han kom innpå og berga tre poeng borte mot Sogndal. Då var det fyrstedivisjon, no er det eliteseriefotball. Han meiner sjølv han har teke steg i løpet av vinteren, og held eliteserienivået.

– Eg håpar å få fleire innhopp og meir speletid. Men det er tøff konkurranse. Om eg får spele eller ikkje kjem også an på kven me møter og kva taktikk me går for. Men alt kan skje. Om eg får sjansen trur eg at eg taklar det fint, eg har vorte sterkare og betre sidan i fjor, sa han før seriestart.

Tøff skalp

I fyrstedivisjon var nesningen Espen Garnås involvert i fleire situasjonar då Ull/Kisa tok imot Sogndal sundag.

På 1–0 til heimelaget mot Sogndal, vart Garnås felt innanfor gjestanes 16-meter. Dommaren peikte på straffemerket, og lagkamerat Martin Wilhelmsen Trøen sette inn 2–0. Garnås og Ull/Kisa vann til slutt 3-0, og står med fire poeng etter to kampar.

Bjørn Gulden (Geilo)

To mål for Bryne:

27/6-87: Mot Kongsvinger

10/7-87: Mot Vålerenga

Eirik Markegård (Hemsedal)

To mål for Stabæk:

20/5-04: Mot Brann

13/9-04: Mot Brann

Fredrik Gulsvik (Flå)

Sju mål for Odd:

22/4-07: Mot Lyn

29/4-07. Mot Aalesund

10/6-07: Vålerenga

25/05-09: Mot Fredrikstad

28/9-09. Mot Brann

3/10-09: Mot Molde

5/5-10: Mot Strømsgodset

Eitt mål for Sandefjord

19/9-10: Mot Tromsø

* Gulsviks første toppseriemål var eit knallhardt frispark frå 27 meter, mot Lyn. Dette vart kåret til årets mål i Tippeligaen 2007.

Alfred Scriven (Gol/Kenya)

Eitt mål for Mjøndalen

5/4-19: Mot Bodø/Glimt