Vetle Sjåstad Christiansen vann IBU-cup på Beitostølen fredag.
Vetle Sjåstad Christiansen vann IBU-cup på Beitostølen fredag.

Christiansen overbeviste og vann

Med feilfri skyting imponerte Vetle Sjåstad Christiansen i IBU-cupen på Beitostølen. Sigeren er etterlengta.

Skiskyting: – Eg har aldri skote i så ekstreme vindforhold som på oppvarminga i dag. Eg trur eg trefte ein av fem blinkar, fortel Vetle Sjåstad Christiansen.

Med startnummer 62 var han av dei heldige som gjekk då vinden løya ei periode midtvegs i rennet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg stilte på start med låge skuldrer fordi det var så vanskelege forhold, og hadde flaks som gjekk når eg gjekk. Det var mange som var uheldig med vinden, meiner Christiansen.

Vetle Sjåstad Christiansen var i tet frå start til mål på Beitostølen fredag. Med to fulle hus, og betre fart i sporet enn dei fleste av konkurrentane, imponerte geilingen i fyrste runde av IBU-cupen. Dermed tok han sin fyrste individuelle siger på nest høgste nivå.

-Flaks

Mange av dei russiske og tyske verdscupløparane brukte Beitostølen som opplading til renna neste veke. Men ingen av dei klarte å hamle opp med 24-åringen frå Geilo. Tyske Roman Rees vart nummer to, 16 sekund bak, medan Vegard Bjørn Gjermundshaug sytte for to nordmenn på pallen. Han var 47,7 sekund bak Christiansen, med to strafferundar totalt.

– Eg er fornøgd med dagen. Eg var overraskande lett i føtene, mykje lettare enn eg hadde trudd. Men det var litt tungt på slutten av sisterunden. Eg merkar at eg går betre og betre for kvart renn, og det kjennest godt, meiner han. Men eg tør påstå at det var litt flaks òg, at eg var ein av dei som var mest heldig med forholda i dag. Nokre gonger er det slik, det er jo utandørsidrett me driv med.

Comeback

For Christiansen var dette ein revansje etter to tøffe år, med sjukdom og treningsproblem.

– Eg merkar at eg går betre og betre for kvart renn, og det kjennest godt. Eg treng litt konkurransetrening før eg er i skikkeleg form, meiner han.

Toppformen skal uansett ikkje vere inne før på nyåret, når det nærmar seg VM og VM-uttak.

– Det hadde vore kjedeleg om dette var mitt livs form. Eg har mykje meir å gå på, og det kjennest bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to neste helgene skal han i utgangspunktet tilbringe i Ridnaun og Obertillitach i samband med IBU-cup. Etter sigeren fredag håpar han å endre reiseruta til Pokljuka og Nove Mesto, der verdscupen går.

– Eg håpar eg kan nærme meg verdscupen no, med eit godt løp i dag og gode løp tidlegare. Men ein blir aldri sikker.

Optimist

Landslagsløparane Erlend Bjøntegaard og Henrik L’abee Lund går kvar sin sprint på Beitostølen. Christiansen trur han må utkonkurrere dei for å sikre ein plass i verdscupen før jul.

– Førebels har eg slått Erlend, så eg har trua. Eg og Vegard (Gjermundshaug, red.merk) kjempar nok mot dei to om plassane framover, seier Christiansen.

Planen er uansett at han skal gå skirenn nesten kvar helg framover.

– . Eg hadde planlagt å starte slik eg gjer no, så om det ikkje blir verdscup, så satsar eg på at toppformen kjem etter kvart likevel, seier han.

God debut

Christiansen var ikkje einaste geilingen på Beitostølen. Med seks norske løparar til start, var to geilingar ein god prosentdel.

Aleksander Fjeld Andersen er framleis junior, men 19-åringen hadde sin internasjonale seniordebut fredag. Før start håpa han å hevde seg så bra at han fekk gå stafett sundag. Etter den fyrste av to sprintar må han seie seg fornøgd med innsatsen. Aleksander var ein av dei som kjempa med vinden på standplass, men fire strafferundar er meir enn godkjent i tøffe forhold. Geilingen vart til slutt nummer 30, og tredje best av dei norske løparane. Laurdag går IBU-løparane ein ny sprint, medan to mixedstafettar står på programmet for sundagen.