Andreas Håtveit tok sin sjette medalje i X Games då han tok bronse sundag.
Andreas Håtveit tok sin sjette medalje i X Games då han tok bronse sundag.

Bronse til Håtveit

Andreas Håtveit tok bronse i X Games i Aspen. Men gir han seg etter denne sesongen?

For i målområdet sa vinnaren Nick Goepper:

– Artig at Andreas også er på pallen fordi dette er hans siste gong i X Games.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om det betyr at Håtveit kjem til å legge opp etter denne sesongen, har ikkje Hallingdølen klarte å bringe på det reine så kort tid etter målgang.

Men det som er sikkert er at ein jublande glad Håtveit feira bronsemedaljen i målområdet saman med vinnaren Nick Goepper og toaren McRae Williams. Med denne bronsemedaljen tok Håtveit sin sjette medalje i X Games, og han er no ein soleklar medaljekandidat i OL i Sotsji om to veker.

Ny medalje

Men vinnaren Goepper var det lite å gjere med.

Med 95 poeng i den tredje omgangen sette han konkurrentane grundig på plass. Williams tok sølvet med 92,66 poeng medan Håtveit klarte bronsen med sine 90,33 poeng frå den fyrste omgangen.

Det vart ein spennande konkurranse, og Håtveit leda etter fyrste omgang. Men i andre runde fekk han ikkje alt til å stemme, og i den tredje omgangen vart det heilmiss etter fyrste railelement. Då var det berre å vente i målområdet for å sjå om den siste startande, svensken og kvalikvinnaren Henrik Harlaut, kunne overgå poengsummen. Men også han bomma stygt. Og då vart det bronse med Sudndalen og Hol.

Resultata

Her er dei fem beste frå slopestylefinalen i Aspen:

1. Nick Goepper, USA. 95,00 poeng

2. McRae Williams, USA. 92,66 poeng

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Andreas Håtveit, Norge. 90,33 poeng.

4. Henrik Harlaut, Sverige. 89,33 poeng.

5, Gus Kenworthy, USA. 87,00