Øystein Bråten var glad etter pallplassen, ei knapp veke før X-Games.
Øystein Bråten var glad etter pallplassen, ei knapp veke før X-Games.

Bråten på pallen

Skiakrobat Øystein Bråten var i angrepsposisjon før siste rennet i Mammoth Mountain.

Freeski: Vind og vêr prega verdscupkonkurransen i slopestyle i helga.

Kvalifiseringa skulle gått fredag, men grunna vind og snø måtte dei utsette til sundag. Der viste Øystein Bråten at han var med i tetstriden med å vinne sitt heat i kvalifiseringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finalen vart prega av tidvis vanskelege forhold, og Bråten bomma på fleire ting i det fyrste runnet. I det andre takla han presset og gjekk inn på tredjeplass.

– Eg er veldig nøgd. Eg klarte å bomme heilt på det fyrste runnet mitt, og følte eigentleg eit stort press etter at eg vann kvalliken, sa Bråten til Fri Flyt etter finalen.

Droppa trippelcork

Eigentleg hadde han planar om trippelcork i det siste runnet, men endra planen grunna forholda.

– Eg torde ikkje å gjere den fordi det var litt for mykje vind. Eg såg på toppen at det var mykje vind, og eg tenkte at eg skulle bestemme meg ved hoppet. Eg følte det ikkje heilt, og håpet at dobbelcork 10 skulle halde til pallen. sa Bråten. Joss Christiensen vann føre McRae Williams (begge USA), Bråten var 2,6 poeng bak vinnaren.

Med pallplass i Mammoth og i sesongopninga på New Zealand i august er han også på andreplass i verdscupen samanlagt.

Utanfor pallen

For Tiril Sjåstad Christiansen vart det ingen stor dag i Mammoth.

Ho leia verdscupen etter sigeren på New Zealand i august, og kom til konkurransen som ein av favorittane. I fyrste finalerunnet datt ho tidleg av fyrste railen, og vart løna med knappe 69 poeng. Før andre runnet begynte det å blåse meir, og fleire sleit med fart. Christiansen kjempar normalt i toppen, men fekk det ikkje til i ein andreomgang der fleire jenter sleit med å setje triksa undervegs. Ho vart til slutt nummer fem, medan Johanne Killi vart beste norske på ein fjerdeplass. Japanske Yuki Tsubota vann føre sveitsiske Giula Tanno og Emma Dahlstrøm frå Sverige.

– Det var ikkje min dag i dag, oppsummerer Christiansen på bildedelingstenesta Instagram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måndag morgon reiste hallingane vidare til Aspen, der X-Gamesfinalane går i slutten av veka.