Tore Bøygard sit i styret i det internasjonale skiskyttarforbundet. Han er opprørt etter rapporten som kom før helga.

Bøygard: - Det er brot på brot på brot, og heilt jævlig

Tore Bøygard er sjokkert og forbanna etter skiskyttarrapporten som vart lagt fram før helga. Men han håpar det kjem noko positivt ut av at alt no er på bordet.

Skiskyting: Den mangeårige presidenten i det norske skiskyttarforbundet er sjokkert og forbanna. Torsdag kom rapporten som ein uavhengig kommisjon har laga om det som skjedde i Det internasjonale skiskyttarforbundet, IBU, under Anders Besseberg.

– Det var ein rapport som sjokkerte meg. Eg har jo vore kjend med arbeidet sidan me sette ned kommisjonen i 2018, og fekk ein kortversjon på den ekstraordinære kongressen i 2020. Men dette var heftige greier.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bessebergsaka:

Sidan 2018 har ein uavhengig komité oppnemnt av IBU sjølv granska tidlegare IBU-president Anders Besseberg og tidlegare generalsekretær Nicole Resch.

Dei har sett etter brot på idrettens eigne reglar og etiske verdiar.

Torsdag 28. januar kom rapporten frå granskingskomiteen. Dei har gått gjennom 70.000 dokument og filer, og intervjua kring 60 personar dei siste to åra. Dei har også samarbeidd med WADA og politiet for å få mest mogleg informasjon.

Rapporten teiknar eit bilete av systematiske, uetiske handlingar frå leiinga i IBU. Besseberg har tilbakevist påstandane.

Norsk politi granskar Anders Besseberg for korrupsjon. I Austerrike handterer dei etterforskinga kring dopingspørsmål. Der er slike saker kriminalsaker, og blir handtert av politiet. Det er uvisst når desse prosessane er ferdig granska.

Han seier rapporten teiknar eit bilete av at det gjennom fleire år er jobba for å forsvare russiske interesser i skiskyttarsporten.

– Eg begynte å skjønne at dette var meir alvorleg enn eg hadde sett for meg på kongressen i fjor. Og det vart ikkje betre. Det er ille at dette har fått lov til å utvikle seg.

Må ha etikk i ryggmargen

Bøygard har vore med i IBU-styret sidan 2018. Det var dei som sette ned kommisjonen kort tid etter at det nye styret var på plass. Han reagerer mest på det som kjem fram i rapporten kring doping, og at ein ikkje har teke McLarren-rapportar eller varslaren Grigory Rodchenkov, på alvor.

– Ein jobbar så hardt som ein kan for å ha ein rein idrett, og så opplever ein slikt som er avdekt no. Det er ille, meiner Tore Bøygard.

– Det er eit inntrykk av at det er forsøk på halde att dopingprøver og halde trykket nede. Og så er det to McLarren-rapportar og ein varslar, som ein berre har avfeidd og ikkje trudd på. Når det blir gjort av ein mann som sit i Wada-styret, så er det noko som er heilt gale, meiner han.

Han seier den uavhengige kommisjonen, leia av advokaten Jonathan Taylor, hadde som oppgåve å finne ut om det var brot på idretten sine reglar.

– Så langt eg ser er det brot på brot på brot over fleire år. Som leiar må ein ha etikk i ryggmargen, elles får ein finne på noko anna. Du er vist tillit og om du misbruker den, er det slutt. Sånn sett er rapporten heilt jævlig å lesa.

Reagerte

Arrangørstaden Tjumen i Russland fekk først tildelt VM 2016, men dette vart endra. Difor var det berre verdscup då Vetle Sjåstad Christiansen og Ingrid Lamark Tandervold vart nummer tre på mixstafetten.

Då Tjumen i Russland i 2016 vart tildelt VM, begynte det å gå opp for Bøygard at noko ikkje var som det skulle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vart gjort ved kjøp av stemmer, og det varsla eg om. Men det er heilt håplaust å prøve å bevise. Du ser at det går føre seg, men du har ikkje bevis.

Les også
Tore Bøygard: – Det var eit forsøk på smørjing

Under VM i Hochfilzen året etter vart det pressa på frå fleire nasjonar om å ta opp saka på nytt.

– Ingen torde å ta ordet, men til slutt reiste eg meg og sa rett ut at eg meinte styret burde ha stoppa den søknaden. Det russiske antidopingbyrået var ikkje godkjend av Wada, og då skal ein ikkje tildele nasjonen meisterskap, forklarer Bøygard.

Han fortel at det vart ein oppheita diskusjon mellom den då nyleg avgåtte norske skiskyttarpresidenten, og Besseberg som leia IBU. Saka enda med at Tjumen mista VM, men ikkje verdscupen.

– Det meiner eg er ein skamplett. I ettertid har ein også sett at det var mykje anna som ikkje gjekk etter boka når det gjaldt Russland. Det er skremmande å sjå i rapporten om «happy damer», klokker, jaktturar og sprit. Det er ikkje bra.

Vil rydde opp

Før helga gjekk fleire utøvarar ut og sa dei følte seg lurte av eige forbund. Det har Bøygard ingen problem med å forstå.

– Det er heilt klart at det er utøvarar som er lurt her. Eg skjøner godt at dei reagerer og er forbanna. Eg håpar og trur at dei ser me tek det på alvor og ryddar opp.

Les også
– Eit viktig vegskilje for skiskytinga

Han meiner organisasjonen har fått seg ei alvorleg ripe i lakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje tvil om noko anna. Me har ein jobb å gjere overfor utøvarar og andre. Me skal bygge stein på stein for å vise at den jobben me har starta på er bra, og at me er til å stole på.

Før han vart vald inn hausten 2018 var han klar på at det måtte endringar til, særleg når det gjaldt openheit og lovverk. Det meiner han framleis.

– Det var på høg tid å starte ei opprydding, og me har framleis ein veg å gå for å bygge opp att den tilliten. Men eg håpar og trur me er på rett veg.