Håvard Bøkko bruker våren til å bygge seg opp att etter pausen frå skøytebanen.
Håvard Bøkko bruker våren til å bygge seg opp att etter pausen frå skøytebanen.

Bøk­ko satsar mot neste OL

Hå­vard Bøk­ko har lagt bak seg eit knapt halv­år på si­de­li­na. No brukar han våren til å bli klar til comeback.

Skøy­ter: Det nær­mar seg eit år si­dan Hå­vard Bøk­ko kon­kur­rer­te i verds­cu­pen.

Ska­de­prob­le­ma han har hatt i flei­re år set­te han ut av spel, men si­dan ja­nu­ar har Bøk­ko bygd seg opp mot eit co­me­back.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist veke var han til­ba­ke på sam­ling med lands­la­get. Då lada dei opp i In­zell til all­ro­und-VM på Ha­mar til hel­ga. For Bøk­ko sin del var det ei rein tre­nings­veke.

– Det var bra og tungt. Eg had­de flei­re gode øk­ter, og det var moro å vere med lands­la­get og hjel­pe dei i form inn mot VM. Eg mer­ka at eg mang­la litt skøy­te­tre­ning, men det trur det kjem seg.

Treng skøy­te­tre­ning

Dei sis­te må­na­da­ne har han stort sett vore heime på Gei­lo.

Om alt går som han håpar, går Håvard Bøkko sitt fjerde OL når meisterskapen går i PyeongChang neste vinter.
Om alt går som han håpar, går Håvard Bøkko sitt fjerde OL når meisterskapen går i PyeongChang neste vinter.

– Lands­lags­li­vet har vore kvar­da­gen min i 15 år, så det var litt rart å stå utan­for. Eg har sakna det litt, men eg trur også det har gjort godt, sei­er Bøk­ko.

Han er ik­kje uroa over den fy­sis­ke formen, men mei­ner det trengst nokre ti­mar med skøy­te­tre­ning. Bøk­ko har teke mange steg si­dan han star­ta på vegen tilbake, men fram­leis er det ein veg å gå.

– Eg mang­la litt for å hengje med allrounderane på hard­øk­te­ne, men så skal dei vere i form til VM også.

Smer­te­fri

I mid­ten av sep­tem­ber kom mel­din­ga om at skøy­te­pro­fi­len tok pau­se på ubes­temt tid.

– Eg har all­tid fått be­skjed om at den einaste må­ten å bli kvitt kne­prob­le­ma på tru­leg var kvi­le og pau­se. Det er vans­ke­leg å bli heilt bra att når du går og ir­ri­te­rer ska­de­om­rå­det hei­le tida, sei­er han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pausen har tru­leg gjort godt. No kjen­ner han lite el­ler in­gen ting til kne­ska­den.

– For fyrste gong på lengje har eg gått på skøy­ter utan å ha vondt, det kje­nnest utru­leg bra. Det er godt å kun­ne tre­ne utan å ta omsyn til ska­der igjen.

– Kor­leis er det med mo­ti­va­sjo­nen?

– Den er der. Formen blir bet­re og bet­re, og eg har tru på at det er mog­leg å kome til­ba­ke. Ska­der over tid heng gjerne saman med svekt mo­ti­va­sjon, sei­er han.

Så sant krop­pen fram­leis er på lag står han på start når verds­cup­se­son­gen star­tar att til haus­ten.

– Om eg ik­kje har ska­der, skal eg love å gje­re alt eg kan for å vere best mog­leg føre­budd til vin­te­ren. Då er OL i PyeongChang ho­vud­må­let.

Ik­kje fe­rie

Til hel­ga rei­ser han til Ha­mar for å få med seg all­ro­und-VM.

– Eg får gje­re ein jobb frå tribunen. Nes­te veke rei­ser eg til Stav­an­ger for å tes­te ut­styr og tre­ne i sam­band med at verds­cup­fi­na­len går der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne vå­ren blir ann­leis. I sta­den for fe­rie vil han bru­ke ap­ril til å vere i best mog­leg slag til lands­la­get mø­test att i mai.

– Eg skal bru­ke mars, ap­ril og mai godt, seier han.

Han er imponert over rekordløpa til veslesystera i Calgary.

– Det var utruleg spennande. Hege har ikkje berre teke steget frå b- til a-gruppa, men heilt opp i toppen. No går ho i dei siste para på distansen, og er ein outsider til pallen på både 500- og 1000-meter.