Stian Bogar tapte plassen om OL-billett etter det amerikanske uttaket i Bærum.
Stian Bogar tapte plassen om OL-billett etter det amerikanske uttaket i Bærum.

Bogar må vurdere framtida

Seks år og to tapte OL-plassar etter at han flytta til Oslo for å satse på skyting, må Stian Bogar heim og tenkje.

Skyting: – Han takla forholda betre enn meg, men eigentleg hadde me vel begge fortent ein plass i OL, seier Stian Bogar etter at han for andre gong på fire år har mista OL-plassen til Odd Arne Brekne.

Det var høgdramatisk på Løvenskioldbanen i Bærum, då lagkameratane møttest til amerikansk uttak måndag og tysdag. Etter den fyrste dagen var Brekne i føringa med fire poeng. Men alt kan skje i ein marginal idrett som skyting, og Bogar hadde håp om å slå tilbake i den siste konkurransen tysdag. Men utover i konkurransen vart forspranget berre større. Før dei tjue siste skota låg han åtte poeng bak, og meinte sjølv at det ville bli for langt opp. Lyngdølen vart for sterk, og er dermed klar for OL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skaut godt

Skuffa måtte høværingen sjå at draumen han hadde jobba hardt for i fire år, rauk.

– Eg hadde eit mål om å nå OL, og har ofra mykje for å kome dit. Men Odd Arne var betre enn meg i desse forholda, det var ujamne vindforhold og han er nok betre på å lese vind enn det eg er, seier Bogar.

– Eg er eigentleg nøgd med eigen skyting, måndag tenkte eg fleire gonger at eg skaut godt, men så skaut han like godt, og litt betre. Det hadde vore surare å tape om eg ikkje hadde følt at eg gjorde mitt beste. Men det er klart det er eit nederlag, sjølv om eg unner han plassen. Det er ein dyktig skyttar som skal til OL.

Dette biletet skulle gjerne Stian Bogar vore med på. Her er den norske skyttartroppen til OL i Rio. F.v. Ole Kristian Bryhn, Malin Westerheim, Are Hansen og Odd Arne Brekne.
Dette biletet skulle gjerne Stian Bogar vore med på. Her er den norske skyttartroppen til OL i Rio. F.v. Ole Kristian Bryhn, Malin Westerheim, Are Hansen og Odd Arne Brekne.
Stian Bogar (t.v.) kjempa med Odd Arne Brekne om den siste OL-plassen i skyting.
Stian Bogar (t.v.) kjempa med Odd Arne Brekne om den siste OL-plassen i skyting.

Tøft

Det er ingen tvil om at OL var hovudmålet.

– Eg har tenkt på OL i Rio i fire år, og før det var det OL i London. Eg har sete mykje på vent dei siste åra. Eg har lagt ned tusenvis av timar i trening mot Rio, og eg har funne att godformen etter to litt trøblete sesongar.

Etter OL i London han fort ut at han ville satse vidare mot Rio. No er han usikker på framtida.

– Eg tek ingen raske avgjerder. Eg vil bruke det neste halvåret på å tenkje og finne ut kva eg gjer vidare. Det er mykje som skal på plass for at eg skal satse vidare.

– Kva tenkjer du om eit OL om fire år?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er altfor tidleg å seie. Men eg trur ikkje det blir den satsinga det har vore. Det krev mykje av både meg og dei rundt. Det er vanskeleg å tenkje seg ei satsing utan å kunne vere heiltidsutøvar, om ein også skal kunne vere familiefar.

Håpar på medalje

OL-kommentator som for fire år sidan blir han heilt sikkert ikkje.

– Den rolla trur eg Vebjørn Berg kjem til å fylle heilt glimrande. Eg gler meg til å sjå kva karane kan prestere der nede. Eg håpar på finale og medalje, det trur eg dei er kapable til, meiner han.

Odd Arne Brekne, Ole Kristian Bryhn, Are Hansen og Malin Westerheim er dei norske skyttarane som reiser til Rio-OL om 66 dagar.

Bogar har eit håp om å skyte verdscupfinalen i september-oktober.