Stian Bogar skaut i Rio denne veka. (Arkivfoto)
Stian Bogar skaut i Rio denne veka. (Arkivfoto)

Bogar beste norske

Det heldt ikkje til finale, men Stian Bogar er fornøgd med innsatsen på skytebanen i Rio.

– I dag er eg veldig godt fornøgd med det aller meste, unntatt plasseringa, seier Stian Bogar frå Hovet. Skyttaren skaut deltok denne veka i eit World Cup-stemne i Rio.

På 50 meter liggjande torsdag ettermiddag skaut han 621,5 poeng, til ein 25. plass. Det var 3,1 poeng frå finale. Dermed vart veteranen på det norske laget, også den beste.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg gjennomfører ein god konkurranse og føler ikkje at resultatet står i stil med det eg gjorde, seier Bogar.

Norges Skytterforbund konkluderer med at det ikkje var noko heldig generalprøve på Rio-OL for dei norske herrane. Tyske Henri Junghaenel vann tevlinga torsdag.