HFK kjempar om opprykk frå fjerdedivisjon.
HFK kjempar om opprykk frå fjerdedivisjon.

Baklengsmål og raude kort

Bortekampen mot Modum vart ingen god start på helga for HFK-herrene.

Fotball: HFK reiste til Modum med håp om tre nye poeng fredag kveld.

På førehand var det spådd ein tøff kamp, og slik vart det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt etter 11 minutt stod det 1-0 til heimelaget. HFK slo tilbake og utlikna like etter, men fekk anullert målet. Nokre minutt etter var dommaren oppe med kortstokken, då Steffen Haugstad fekk direkte raudt kort, medan ein modumspelar kom unna med gult. Då vart det tøffare for gjestene, men det stod likevel 1-0 til pause.

I starten av andre omgang fekk Alfred Scriven sitt andre gule kort i kampen, og HFK måtte spele store delar av omgangen med ni mann. Til slutt vann heimelaget 4-0.