Brørne August og Vebjørn Grimeli tok fyste- og tredjeplassen i klassen samanlagt.
Brørne August og Vebjørn Grimeli tok fyste- og tredjeplassen i klassen samanlagt.

August (12) får køyre verdsfinalen

August Grimeli nådde sesongens store mål; ein plass i verdsfinalen på Le Mans.

Motorsport: I helga køyrde brørne August (12) og Vebjørn Grimeli (10) frå Flå siste runde i Vestlandsmesterskapet/Iame Series Vest i Haugesund.

Før helga hadde August leiinga i meisterskapen med 50 poeng, medan veslebror Vebjørn, låg på femteplass etter tre løp. Fyrst på dagen var Vebjørn best, og vann innleiande heat. Før finalen låg dei som nummer to og fire. Det var jamt i teten, og dei øvste plassane vart ikkje avgjort før siste sving. Til slutt var det vestlendingen Tord Raugstad som drog det lengste strået, med Vebjørn Grimeli som nummer to.

Artikkelen held fram under annonsen.

August hadde ikkje heilt klaff med motoren denne dagen og fekk ein litt tung finale. Han var likevel tett opp til teten og køyrde inn til femteplass i løpet. Det dårlegaste resultatet i serien blir stroke, og August kunne stryke resultatet frå helga ettersom han hadde betre plasseringar i løpa tidlegare i sesongen.

Med fleire pallplassar og bonuspoeng for raskaste rundetide tidlegare i år, gjekk August Grimeli heilt til topps samanlagt i Vestlandsmesterskapet. Med resultatet frå det siste løpet klatra veslebror Vebjørn opp på pallen og tok tredjeplassen.

Sigeren i meisterskapen gir ein gjev premie for August Grimeli. Han er kvalifisert til verdsfinalen i Gokart på legendariske Le Mans bilbane i Frankrike. Det har vore hovudmålet for 12-åringen og teamet i Grimeli Motorsport heile sesongen. I oktober reiser han og familien nedover. Der møter han mange unge gokartførarar på toppnivå frå heile verda.

August Grimeli vann Vestlandsmesterskapet og start i Verdsfinalen.
August Grimeli vann Vestlandsmesterskapet og start i Verdsfinalen.
Vebjørn og August Grimeli markerte seg for alvor på gokartbanen i Haugesund i helga.
Vebjørn og August Grimeli markerte seg for alvor på gokartbanen i Haugesund i helga.

– Det er ei «ein gong i livet-oppleving», seier familien.