Øystein Bråten kom laurdag på andreplass i slopestylekonkurransen i Dew Tour i Breckenridge. Biletet er frå X-games i Oslo i februar. (Arkiv
Øystein Bråten kom laurdag på andreplass i slopestylekonkurransen i Dew Tour i Breckenridge. Biletet er frå X-games i Oslo i februar. (Arkiv

Andreplass i Dew Tour

Øystein Bråten vart nummer to i Dew Tour laurdag kveld.

Freeski: For tredje år på rad køyrer Øystein Bråten Dew Tour i amerikanske Breckenridge. Han var med for fyrste gong i 2014, og kapra finaleplass gjennom kvalifiseringa. I fjor var det høge poengsummar og jamt mellom køyrarane i finalen. Då vart Bråten nummer sju.

I år var han einaste nordmann blant dei seksten som var invitert til å delta i skikonkurransen, som er rekna som den mest prestisjefylte etter X-games.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bortimot perfekt

Tidlegare har slopestylekonkurransen I Dew Tour hatt ei løype som kombinerer hopp og rail. I år var konkurransen delt i to, hopp fredag og rail laurdag. Bråten kom på femteplass i hoppkonkurransen med ein trippel cork og ein switch dobbelcork 1440. Etter at railkonkurransen var avslutta, laurdag, vart poengsummane lagt saman.

– Øystein har kanskje styrken sin på rail. Eg synest han gjennomførte bortimot perfekt, men det er knivskarp konkurranse, seier pappa Ove Bråten.

Feilfritt i to av tre run

Det var fire element i rail-konkurransen. I siste runet fekk Bråten trekk for at han sklei av ein rail før han fekk fullført.

– Eg vart overraska over at det var så mykje bra køyring hoppkonkurransen fredag. Og det var mykje bra køyring i dag òg. Eg prøvde å finne dei beste runa eg kunne gjere i denne løypa, og er nøgd med at eg køyrde feilfritt i to av tre run i railkonkurransen, sa Øystein Bråten tilDew Tour. Samanlagt enda han på andreplass, 4,33 poeng bak svenske Henrik Harlaut. Alex Beaulieu-Marchand kom på tredjeplass.

For Tiril Sjåstad Christiansen vart det ingen USA-tur før jul i år, men tidleg julefri heime på Geilo. I fjor vart ho nummer to, berre slått av det estiske stjerneskotet Kelly Sildaru.