Med berre éin bom på fire skytingar og stor fart i løypa tok Aleksander Fjeld Andersen sølv i junior-VM onsdag. (Arkivfoto)
Med berre éin bom på fire skytingar og stor fart i løypa tok Aleksander Fjeld Andersen sølv i junior-VM onsdag. (Arkivfoto)

Andersen sikra VM-sølv

Aleksander Fjeld Andersen (19) tok sølv og vart berre slått av valdrisen Harald Øygard under junior-VM i skiskyting onsdag.

Skiskyting: Det vart dobbeltsiger til Valdres og Hallingdal då junior-VM i Romania starta med normalprogram onsdag.

Geilo og Skrautvål

Under ungdoms-OL i fjor kom Aleksander Fjeld Andersen heim til Geilo med bronse og fjerdeplass i dei individuelle renna og stafettgull.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Romania fekk han ein endå betre start på konkurransane mot verdas beste juniorar. Med eitt tilleggsminutt på fyrste liggjande, fullt hus på dei tre neste skytingane og stor fart i løypa gjekk Andersen inn til ein glimrande andreplass.

Den einaste som greidde å tukte geilingen var Harald Øygard frå Skrautvål i Valdres. Også han hadde eitt tilleggsminutt og tok gullet, 40 sekund før Fjeld Andersen.

Bronsevinnar Michael Durand frå Italia skaut feilfritt, men var halvminuttet bak Andersen og over minuttet bak Øygard.

Tre VM-renn til

Tredjemannen på det norske juniorlaget, Endre Strømsheim, vart nummer seks av 98 deltakarar med to tilleggsminutt.

Normalprogrammet for 18/19-åringane var fyrste øving i junior-VM. Torsdag skal Anders Schiellerup i aksjon og forsvara bronsemedaljen han tok for Danmark under junior-VM i fjor. Han er eitt år eldre enn Aleksander Fjeld Andersen og konkurrerer i eldste juniorklasse.

Geilingen får tre nye medaljesjansar i VM. Han går sprint fredag, jaktstart sundag og stafett måndag.