Aleksander Fjeld Andersen avslutta EM med å gå seg opp på jaktstarten.
Aleksander Fjeld Andersen avslutta EM med å gå seg opp på jaktstarten.

Andersen gjekk seg opp i EM

Aleksander Fjeld Andersen hadde ei god EM-helg i Minsk.

Skiskyting: Laurdag morgon gjekk herreløparane sprint i Minsk.

Aleksander Fjeld Andersen (Geilo) var ein av seks norske løparar på start i eit tøft beite. Meisterskapen går halvannan veke før VM i Östersund, og løparar frå fleire nasjonar brukte EM-veka som generalprøve. Fjeld Andersen fekk ein strafferunde på kvar av skytingane, men heldt farten oppe i sporet. Til slutt vart han nummer 25 av 114 startande. I mål var han eitt minutt og 17 sekund etter Tarjei Bø, som vart europameister med ein strafferunde mindre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag gjekk geilingen ut med ambisjonar om å klatre på listene i løpet av jaktstarten. Det vart ein god avslutning for fyrsteårsenioren, som gjekk seg opp tolv plassar og vart nummer 13. Geilingen opna med to fulle hus, før han fekk to bom på tredje serien. På siste ståande fylte han igjen, og i mål var han to minutt og 13 sekund bak dobbeltmeister, og VM-klare, Tarjei Bø.