Parken i Havsdalen har mange element å gjere triks på.
Parken i Havsdalen har mange element å gjere triks på.

«Alle» vil køyre freeski

Små eller store svev, halsbrekkjande hopp eller trygg sladd på rails. Switch eller safety grab. Her får alle syne kva dei kan.

((Qid=46C1790D))

Over 30 små og litt større freeski-køyrarar var i helga på kretssamling i freeski på Geilo. I skisenteret i Havsdalen var parken klar med fleire store og små hopp, rails i mange variantar og andre ting me ikkje er heilt sikre på kva heiter. Men ungane var særs trygge på det meste av elementa og heilt klart klare for ein liten uformell slopestyle-konkurranse som avslutning på helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uformelt

I freeski-gruppa til Geilo Il er det over 40 medlemmar. Ein god del stilte på kretssamlinga, men dei hadde og besøk av ein hemsedøl laurdag og ein liten gjeng med køyrarar frå Kongsberg.

Freeski-miljøet har eksplodert på Geilo dei seinare åra. Og no i år har gruppa trenar-hjelp frå mellom andre Tiril Sjåstad Christiansen og Andreas Håtveit, i tillegg til nokre frå NTG. Dette trigger skigleda hjå dei små også. Mathias Eide Sataøen, Jon O. Sletto og Rune Hallingstad i foreldregruppa riggar høgtalarar og skyflar snø.

– No skal dei få sjå korleis ein konkurranse ser ut. Og alle kan vere med, smiler Sletto. Her skal det vere låg terskel for å melde seg på.

Sondre Sataøen (10 år) digger freeski. – Det beste er at ein kan gjere kva ein vil. Raile eller hoppe og kva triks ein vil. Eg starta med alpintrening, men så fekk eg twintip-ski.
Sondre Sataøen (10 år) digger freeski. – Det beste er at ein kan gjere kva ein vil. Raile eller hoppe og kva triks ein vil. Eg starta med alpintrening, men så fekk eg twintip-ski.
I Havsdalen var det samla over 30 ungar for å køyre triks i helga.
I Havsdalen var det samla over 30 ungar for å køyre triks i helga.
Miljøet for freeski-køyring i Hol har vekse raskt.
Miljøet for freeski-køyring i Hol har vekse raskt.
Arrangementsansvarleg Giljar Groven og deltakar Erik Sausgard like før konkurransen sundag.
Arrangementsansvarleg Giljar Groven og deltakar Erik Sausgard like før konkurransen sundag.
Parken i Havsdalen har mange element å gjere triks på.
Parken i Havsdalen har mange element å gjere triks på.

– Det har vore ein fin samling. Me har trent rails og hopp på dagen og laurdag ettermiddag var dei i Geilohallen og hadde eit par timar med turn, fortel Sataøen. Då var det Tore Lie som hjelpte til.

Stort løft

Foreldre som stiller opp er viktig for freeski-gruppa – som i alle idrettar.

– Mine to gutar har køyrd freeski i tre år, fortel Astri Haraldseide. Ho meiner både Christiansen og Håtveit er supergode rollemodellar.

– At me har fått så bra trenarhjelp er eit skikkeleg løft. Den store oppgraderinga vår i år, seier arrangementsansvarleg Giljar Groven.

– Det me skal øve no på er å vere kreative i parken. Få mest mogleg ut av turen ned, seier Groven. Ein skal ikkje berre syne fram det beste ein kan fleire gonger, men syne variasjon undervegs i rennet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har hatt eit par skader, men det dreier seg om ømme bein og vonde tær. Det kjem nok av mykje trening i helga, smiler Groven. Han legg til at yngste medlemmet er fire år og at dei no endeleg har ei liten gruppe jenter med også.

– Me har ikkje aldersklasser, men det er meir fordelt på nivå og lyst, fortel han.

Vêret har til alt hell ikkje vore noko hindring for kretssamlinga i helga.

– Laurdag klaga me på dårleg sikt og mykje snø. Det tykte Kongsberg-gjengen at var eit luksusproblem, smiler han.

Digger freeski

Ti år gamle Sondre Sataøen starta skikarrieren med å køyre alpint. Men så fekk han seg twintip-ski. Då vart det freeski på denne karen.

– Det beste er at ein kan gjere kva ein vil. Raile eller hoppe og kva triks ein vil, smiler han og syner fram nokre kunstar i lag med Marius Opsahl og Leo Gundersen.

Erik Sausgard testar og nokre triks på railen.

– Det eg likar best med freeski er å stå med venner og lære nye ting, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det noko som er spesielt vanskeleg?

– Dei høge og tynne railsa. Der er vanskelege, innrømmer han. Sausgard legg til at alle gutane i klassen, så nær som ein, køyrer freeski. Så det er veldig populært i klasse 6A på skulen han går.

Så startar konkurransen, og ungane kastar seg ut i fifty-fifty og railslide med switch, 180-ar, 360-ar og 540-ar med safetygrab og andre grabbar. Dette er framtidas freeski-køyrarar på høgare nivå. Det er heilt klart.