Jonas Bergane set inn 1–0 for HFK
Jonas Bergane set inn 1–0 for HFK Foto: ELIAS DAHLEN

2–1 siger til HFK

Kaptein Simen Renslo avgjorde med straffescoring.

Det var ein jamn kamp laurdag ettermiddag då HFK tok i mot Solberg.

Laga ligg nær kvarandre på tabellen noko ein kunne sjå på banen.

Fyrste scoring kom i det 27. minutt då Jonas Bergane fyrte av frå om lag 20 meter og Solbergs keeper måtte hente ballen frå eige nett.

Den målgjevande pasningen kom frå Magnus Bekken som spelte ein god kamp.

Bergane spelte sin 100. kamp for HFK laurdag, så ei scoring var passande for jubilanten.

Kaptein Simen Renslo avgjorde kampen då han scora på straffe.
Kaptein Simen Renslo avgjorde kampen då han scora på straffe. Foto: ELIAS DAHLEN
Det var då Torleif Rullestad blei takla innanfor 16-meteren at HFK fekk straffa som avgjorde kampen.
Det var då Torleif Rullestad blei takla innanfor 16-meteren at HFK fekk straffa som avgjorde kampen. Foto: ELIAS DAHLEN
Magnus Bekken hadde målgivande pasning og leverte ein god kamp
Magnus Bekken hadde målgivande pasning og leverte ein god kamp Foto: ELIAS DAHLEN

I det 42. minutt fekk Solberg det enkelt med å sette inn utlikninga. Alexander Eliassen snappa opp eit dårleg tilbakespel og rulla ballen i mål.

Etter kvilen fortsette laga å stange mot kvarandre.

HFK hadde fleire gode sjansar utan at dei klarte å utnytta dei.

Solberg hadde også mogelegheiter, men HFKS sisteskanse Per Oskar Stave hadde fleire gode redningar og gjorde jobben for Solberg vanskeleg.

I det 83. minutt blei Torleif Rullestad takla innanfor 16-meter. Dommar Adem Sadici peikte på straffemerke til Solberg-spelaranes fortviling.

Kaptein Simen Renslo var sikker i si sak og sette ballen i mål.

2–1 blei sluttresultatet og HFK ligg no på 9.-plass på tabellen.