Skulpturen «Nordenvinden» av Arnold Haukeland vekte mange reaksjonar då den stod på Gol.
Skulpturen «Nordenvinden» av Arnold Haukeland vekte mange reaksjonar då den stod på Gol.

Vinden bles norda

Gol, 2. juni 1998.

Vinden bles norda: «Gol sentrum har fått eit nytt landemerke, skulpturen «Nordenvinden» av Arnold Haukeland. Men berre til låns. Når to år er omme, skal den flyttast til Drammen». (Hallingdølen, 2. juni 1998)

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Buskerud fylkeskommune som eigde «Nordenvinden», som eigentleg var å rekne som betalingsmiddel i ein komplisert bytehandel for eit måleri av Christian Skredsvig. Men handelen gjekk i vasken, og dermed stod fylkeskommunen med ein skulptur i fanget. Difor vart den sendt på utlån til Gol.

«Nordenvinden» var ein fem meter høg stålfigur, eit sundrive «lauv» av stål. Nokre var stolte over skulpturen, andre irriterte seg over den. Ein lesar sa det slik:

«Ja, ja, det er no mykje rart dei kallar kunst. Eg har aldri sett nordavinden før og visste ikkje at det er slik han ser ut. Men det er lett å sjå at han har vore ute i hardt vêr. Eg skjønar ikkje at dei lagar til slikt. Det ser ut som han har vorte til borti åsen, og eg er glad for at han ikkje skal stå på Rotneim». (Hallingdølen, 31. oktober 1997)

Dei to åra vart til fem. Den styggvakre stålstatuen trassa både seg sjølv så vel som vesta- og sønnavinden utanfor Gol ungdomsskule. Og så gjorde hovudutvalet for kultur i Buskerud fylkeskommune vedtak om at den skulle flyttast til Drammen.

«Ja, det er litt rart å miste «Nordenvinden». Me hadde håpa at han skulle få bli, seier kulturleiar Liv Rosén». (Hallingdølen 3. mai 2002)

Og ein vakker vårdag i 2002 reiste Nordenvinden sin veg. I dag står den framfor fylkeshuset i Drammen, og der blir den ståande.