Ragnhild Jepsen i det vesle Mariakapellet.
Ragnhild Jepsen i det vesle Mariakapellet.

Presten i Nidaros

Trondheim: 19. mai 2004.

«Eg kjem til 55 heilage kvinner og menn i stein. Pluss Jesus og dei to Maria’ane. Så dukkar Ragnhild Jepsen opp, barnefødd og oppvaksen i Ål. Ho har ein travel dag bak seg. – I natt hadde me nattevandring med konfirmantane i Nidarosdomen, fortel hop. Me gjekk rundt i den mørke kyrkja med berre lommelykter til lys. Då me kom opp i tårnet, stod politiet nede på plassen. Dei lurte på kva skummelt dette kunne vere.» (Hallingdølen 19. mai 2004).

Ragnhild Jepsen, (då 34) var den eine av fire prestar i Nidarosdomen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er heilt vanlege prestar som driv vanleg kyrkjelydsarbeid – om enn i ei uvanleg kyrkje, fortalde ho.

Så vandra me rundt i den tomme Nidarosdomen med Ragnhild Jepsen som guide. Bratte trapper og smale gangar, enkelte stader måtte me gå sidelengs, og ofte bøygd. Her trengst det kjentmann for å finne fram – og attende. Mariakapellet var ein av dei stadene me kom, eit lite, nyrestaurert rom med vakre, moderne glasmåleri og plass til eit tjuetals menneske.

– Er det ikkje skummelt å gå rundt i dette store, mørke kyrkjerommet med så mange krikar og krokar?

I 2004 var ho kapellan i Nidarosdomen, i dag er ho domprost der.
I 2004 var ho kapellan i Nidarosdomen, i dag er ho domprost der.

– Det har mange spurt meg om. Men skulle eg verkeleg føle meg trygg nokon stad, måtte det vere her inne, seier Ragnhild Jepsen (Hallingdølen 19. mai 2004).

Ragnhild Jepsen tok teologisk embetseksamen i 1997 og var kapellan i Åmot frå same året. Frå 2003 var ho kapellan i Nidarosdomen og frå 2006 sokneprest. Sidan 2010 er ho domprost der. Namnet hennar har vore nemnt i samband med fleire bispeutnemnelsar, seinast i samband med ny bispetilsetjing i Nord-Hålogaland bispedømme, med sete i Tromsø. Ho har også vore nemnt som mogleg ny biskop i Nidaros.