Magnhild Meltveit Kleppa var heldig med fyrste salven; her saman med skytebas Sverre Bjølgerud og fylkesordførar Roger Ryberg.
Magnhild Meltveit Kleppa var heldig med fyrste salven; her saman med skytebas Sverre Bjølgerud og fylkesordførar Roger Ryberg.

Historisk skytebas

Brekkebygda, Sokna: 6. september 2011.

Denne dagen smelte samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa av startskotet for ein 70 år gammal draum; nemleg ei innkorting av Rv7 mellom Sokna og Ørgenvika.

«Det var historie som vart skrive i Brekkebygda tysdag». (Hallingdølen 8. september 2011)

Artikkelen held fram under annonsen.

«Etterpå sa Kleppa: Det skulle ha vore gjort for lenge sidan. Hovudplanen vart godkjent i 1974. Denne vegstrekninga er økonomisk lønsam, og det er det ikkje mange vegprosjekt som er».

Og i Brekkebygda ved Sokna var det berre store smil.

«Det er ikkje berre ein stor dag, men ein flaggdag, sa regionrådsordførar i Hallingdal, Oddvar Grøthe. Han minna om at dette vegprosjektet først vart lansert i 1938. Og i Hallingdal har det vore jobba for vegen kontinuerleg sidan 1990». (Hallingdølen 8. september 2011)

Det var berre smil og glede i Brekkebygda denne dagen. Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og regionrådsordførar Oddvar Grøthe var to av dei som smilte breiast.
Det var berre smil og glede i Brekkebygda denne dagen. Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og regionrådsordførar Oddvar Grøthe var to av dei som smilte breiast.

Men denne septemberdagen i Brekkebygda løsna det altså. Startskotet gjekk og anleggsmaskinene rulla inn.

Som kjent opna den nye vegparsellen 27. juni i år. Den kortar ned vegen mellom Oslo og Bergen med 17 km.