Bjarte Botnen.
Bjarte Botnen.

Folka har alltid vore på vandring

“Folkevandringstid” sto det i læreboka om hundreåra før og etter at Kristus kom til verda. Eg såg føre meg ei endelaus rekkje av menneske på marsj fram og oppover.

Heilt sikkert har det vore slik alltid. Vi ler av dei som lagar moro av dei første nordmenn som spring etter snøen for å redde skiføret, det var det nok ikkje nokon som gjorde før i våre dagar.

Men det er inga tvil om at dei sprang både langt og snøgt for å skaffe huslyden mat, våga dei seg på ein røsleg og sur mammut i bakkane ved Ringebu, skal tru?

Artikkelen held fram under annonsen.

Gudbrandsdalen er det område i Noreg der det var flest mammutar, og Peer Gynt hadde nok ikkje blunka dersom han støytte på eit elefantdyr.

Men det er nok ikkje berre vona om gode middagsmål som gjer at folk legg ut på vandring i vilt og farleg terreng. Vi veit at reinen har vore viktig for mange nordbuarar, og er det framleis. I landet vårt bur det folk som framleis har eit nomadeliknande levevis.

Utviklinga gjer at vi må lære oss nye ord. Migrasjon seier vi om folk som flyttar ut eller inn, ein emigrant flyttar ut – og ein emissær er ein omreisande predikant.

Dei siste åra er det vorte vanleg å skrive eller snakke om Noreg som det rikaste landet i verda. Slik har det ikkje alltid vore, og går vi attende til 1880-talet, så ser det ut som om vårt kjære fedreland var det fattigaste av alle – berre Irland kunne konkurrere.

I 1882 og 1883 var det 26.000 og 29.000 nordmenn som sette kursen vestover til eit betre liv i Red River-dalen eller i skogen i staten Washington. Og framleis er det mange som dreg. Men mykje er annleis. Dei som drog frå Hallingdal til Minnesota i 1880 måtte rekne med at dei ikkje ville sjå mor og far att. I dag er det ingen som vert skremd av prisen på ein amerika-billett, eller “tikketen” som Mikkjel Fønhus skreiv.

No er det nokre år sidan eg første gong såg ei lysing for weekendturar til Beijing. Det hadde vore noko for Marco Polo, hans lengste reise på desse kantar starta i 1275 og vart avslutta 19 år seinare.

I byrjinga var dei 600 i fylgjet, berre nokre få kom fram. Dei hadde då mykje å fortelje, men så hadde dei sanneleg brukt meir enn ei helg på prosjektet.

Når eg tar bussen ned til sentrum, hender det at eg har selskap med ein flokk asiatiske jenter. Til dagleg passar dei norske barn, men no gler dei seg til møte og samvære med sine eigne. Det er både naturleg og litt merkeleg – slik det ofte er …