Jomfru Marias mor, St. Anne, var vernehelgen for besteforeldre og fødande kvinner. Denne skulpturen var forma så ho kunne gråte. Dei fylte hovudet med ei seig væske som flaut sakte ut gjennom augekrokane.

Med håp om eit betre liv etter døden

Utstillinga «Forvandlinga – tru og heilage gjen- standar i mellomalderen», syner kyrkjeleg kunst som gav menneska håp i ein vanskeleg kvardag.

I mellomalderen var livet tøft. Men som gode kristne, fekk folk håp om eit betre liv etter døden.

Kyrkjerommet vart før reformasjonen utsmykt som eit lite paradis. Det skulle gi folk ein forsmak på kva som venta dei på den andre sida. Rommet var rett og slett eit lite stykke himmel senka ned på jorda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helgenane var viktige. Dei var Guds heilage menn og kvinner. I kyrkjene vart dei presentert i form av skulpturar og måleri. Folk bad og ofra til dei for å få hjelp og nåde.

Mange av desse heilage gjenstandane og skulpturane er skadde eller prega av elde. Likevel strålar dei i sin unike prakt. Noko er kanskje skadd med vilje – for å ramme og øydelegge? Andre skulpturar har skade etter gjentatt berøring. Til alt hell vart dei stua bort her til lands, i staden for å bli destruert, slik det var vanleg mange andre stader i Europa.

No er fleire av dei norske gjenstandane plukka fram frå magasin og stilt ut i Historisk museum.

Altarskåpet frå Skjervøy. Både Kristi ansikt og Maria sine hender er brende. Mogleg med vilje. For å hindre helgendyrking.

Utstillinga «Forvandling»  i Oslo syner  korleis utskorne ting vart gjort om til noko heilag. Menneska ønskte gjennom rituelle handlingar å påverke krefter utanfor den synlege verda.
Utstillinga «Forvandling» i Oslo syner korleis utskorne ting vart gjort om til noko heilag. Menneska ønskte gjennom rituelle handlingar å påverke krefter utanfor den synlege verda.
Jomfru Marias mor, St. Anne, var vernehelgen for besteforeldre og fødande kvinner. Denne skulpturen var forma så ho kunne gråte. Dei fylte hovudet med ei seig væske som flaut sakte ut gjennom augekrokane.
Jomfru Marias mor, St. Anne, var vernehelgen for besteforeldre og fødande kvinner. Denne skulpturen var forma så ho kunne gråte. Dei fylte hovudet med ei seig væske som flaut sakte ut gjennom augekrokane.
Ein kan lese mykje av myntfunn under golvet i dei gamle kyrkjene. Desse vart funne under golvet i Ål stavkyrkje.

Det var mykje rart ein kunne finne under dei gamle stavkyrkjegolva. Ting som vart mista – men også ting som vart lagt der med hensikt. Alt frå runepinnar til pjåtrepakker. Votivgåver skulle sørge for at bøna vart høyrd.

Utstillinga handlar om overgangar mellom det menneskelege og det guddommelege i mellomalderen. Utsøkte objekt er henta fram frå magasina for å syne den detaljrikdomen som fanst før reformasjonen.

1400-tals Relieffet frå Borre er i ein utmerkt stand, nesten utan sprekker eller tap av detaljar.

Portalen frå Ål stavkyrkje (den store litt til høgre midt i biletet) er av Sogn-Valdres-gruppa og av høg kvalitet. Både kunstnarisk og teknisk.

Stavkyrkjeportalen frå Ål stavkyrkje er verkeleg eit syn.

Ein av få skulpturar bevart frå 1300-talet i Norge. Høgda på den lidande Jesus-figuren er 220 centimeter.

Uvdalskvinna vart funnet under utgravinger i Uvdal stavkyrkje i 1978. Arkeologane fann ei kirtelaus grav rett under golvet. Der lå det fire lik, to kvinner og to barn.
Uvdalskvinna vart funnet under utgravinger i Uvdal stavkyrkje i 1978. Arkeologane fann ei kirtelaus grav rett under golvet. Der lå det fire lik, to kvinner og to barn.
Jomfru Marias mor, St. Anne, var vernehelgen for besteforeldre og fødande kvinner. Denne skulpturen var forma så ho kunne gråte. Dei fylte hovudet med ei seig væske som flaut sakte ut gjennom augekrokane.
Jomfru Marias mor, St. Anne, var vernehelgen for besteforeldre og fødande kvinner. Denne skulpturen var forma så ho kunne gråte. Dei fylte hovudet med ei seig væske som flaut sakte ut gjennom augekrokane.

Krusifikset frå Tretten kyrkje i Oppland er frå 1300-talet og var nok veldig viktig. Treverket er polert av hender og kanskje også lepper. Mogleg hadde krusifikset også ein relikvie gøymd i seg? Ein nagle frå korsfestinga eller ein bit av Kristi kross? I øvre del av det slitne området kan det nemleg sjå ut som om det er ein kvist som er plugga att.

Slike relikviar er funne i andre krusifiks og madonna-skulpturar i Europa.

Utstillinga byggjer på to forskingsprosjekt som ser på tilhøvet mellom kyrkje og menneske i mellomalderen. Mellomalderen vara frå Olav Haraldssons død på Stiklestad i 1030 til reformasjonen kom i 1537.

{{facts}}

.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

.

* I den vakre Art Nouveau-bygningen like ved Slottet ligg Historisk museum, opna i 1904. Her er Norges største samling av gjenstandar frå forhistorisk tid og mellomalder. Mellom mumiar og stavkyrkjeportalar finn ein verdskultur alle dagar – utanom måndagar.

* Kulturhistorisk museum er ein del av Universitetet i Oslo og består av Vikingskipshuset på Bygdøy og Historisk museum på Tullinløkka.

* Me snakkar om eit levande forskingsmuseum med arkeologi, konservering, dokumentering, numismatikk, runologi og museologi.

* Historisk museum er under renovering, men på innsida er alt som vanleg.