Uvdalskvinna vart funnet under utgravingar i Uvdal stavkyrkje i 1978. Arkeologane fann ei kistelaus grav rett under golvet. Der låg det fire lik, to kvinner og to barn.
Uvdalskvinna vart funnet under utgravingar i Uvdal stavkyrkje i 1978. Arkeologane fann ei kistelaus grav rett under golvet. Der låg det fire lik, to kvinner og to barn.

Kyrkjekunst: Nærmare deg, mitt tak

Kyrkjekunsten før reformasjonen skulle gi folk håp om eit evig liv i Paradis. Kanskje rakk ho å tenke på det, ho dei fann under golvet i stavkyrkja.

{{imageLeft}}

No kviler ho på Historisk Museum og skodar rett opp i Ål-taket. Den kjende takhimlinga frå Ål stavkyrkje som framstiller heile bibelsoga som ein teikneserie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er første gong at folk får sjå dei meir enn 700 år gamle levningane. Det var i 1978 at den unge kvinna vart funnen under kyrkjegolvet i Uvdal stavkyrkje. Ho låg gravlagd i lag med ei annan ung kvinne og to små barn. Det skjedde ein gong i siste halvdel av 1300-talet. Kvinna kom for ein dag att under ei restaurering av kyrkja. Levningane låg der utan kiste og utan å vere tildekt av jord.

Det er berre overdelen av kroppane som er att. Resten vart truleg knust då det ved eit seinare høve vart lagt store steinfundament over grava.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Det originale Ål-taket frå stavkyrkja er stilt ut på Historisk museum i Oslo. No kan du kome nærare. Både betre lys og ei nybygd trapp med eit lite reip gjer at du kan sjå fleire detaljar.
Det originale Ål-taket frå stavkyrkja er stilt ut på Historisk museum i Oslo. No kan du kome nærare. Både betre lys og ei nybygd trapp med eit lite reip gjer at du kan sjå fleire detaljar.
Det originale Ål-taket frå stavkyrkja er stilt ut på Historisk museum i Oslo. No kan du kome nærare. Betre lys og ei nybygd trapp med eit lite reip gjer at du kan kome nærmare og sjå fleire detaljar.
Det originale Ål-taket frå stavkyrkja er stilt ut på Historisk museum i Oslo. No kan du kome nærare. Betre lys og ei nybygd trapp med eit lite reip gjer at du kan kome nærmare og sjå fleire detaljar.
Uvdalskvinna vart funnet under utgravingar i Uvdal stavkyrkje i 1978. Arkeologane fann ei kistelaus grav rett under golvet. Der låg det fire lik, to kvinner og to barn.
Uvdalskvinna vart funnet under utgravingar i Uvdal stavkyrkje i 1978. Arkeologane fann ei kistelaus grav rett under golvet. Der låg det fire lik, to kvinner og to barn.
Det originale Ål-taket frå stavkyrkja er stilt ut på Historisk museum i Oslo. No kan du kome nærare. Betre lys og ei nybygd trapp med eit lite reip gjer at du kan kome nærmare og sjå fleire detaljar.
Det originale Ål-taket frå stavkyrkja er stilt ut på Historisk museum i Oslo. No kan du kome nærare. Betre lys og ei nybygd trapp med eit lite reip gjer at du kan kome nærmare og sjå fleire detaljar.
Ho er kledd for den siste reisa, den unge kvinna som vart funnen under golvet i Uvdal stavkyrkje. Ho vart gravlagt på 1300-talet, utan kiste og lite tyder på at det var lagt jord på heller.
Ho er kledd for den siste reisa, den unge kvinna som vart funnen under golvet i Uvdal stavkyrkje. Ho vart gravlagt på 1300-talet, utan kiste og lite tyder på at det var lagt jord på heller.
Svein H. Gullbekk er numismatikar og professor ved Kulturhistorisk museum i Oslo. Hans fagfelt er norsk og europeisk mynt og mynthistorie frå vikingtida til nyare tid.
Svein H. Gullbekk er numismatikar og professor ved Kulturhistorisk museum i Oslo. Hans fagfelt er norsk og europeisk mynt og mynthistorie frå vikingtida til nyare tid.
Eili Lindøe er overarkitekt ved utstillings- og publikumsseksjonen. Ho fortel at dei har sett meir lys på Ål-taket no, i tillegg kjem ein nærmare taket, ved hjelp av den nye trappa.
Eili Lindøe er overarkitekt ved utstillings- og publikumsseksjonen. Ho fortel at dei har sett meir lys på Ål-taket no, i tillegg kjem ein nærmare taket, ved hjelp av den nye trappa.

Kleda til den unge kvinna tyder på at ho var av høg byrd. Ho var og uvanleg høg til å vere frå den tida, heile 1,70 centimeter. Uvanleg er også den utruleg gode tilstanden hennar. Forholda under golvet i Uvdal stavkyrkje har vore gunstig, og preservert både henne og kleda hennar for ettertida.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Uvdal-kvinna ber ein lang lys kjortel med plissering over bryst og skuldrer. Ho har raud serk i linstoff, raude ullvottar og ei blå hette i ullstoff, farga med plantefarge av vaid. Vaid var einaste kjelde til blå tekstilfarge i dåtidas Europa. Frø av vaid vart funne i Osebergskipet, og planta har truleg også vore dyrka i Norge.

Vottane er sydd fast i kjortelen. Hetta var opphavleg trekt godt opp over hovudet. Tekstilane er noko av det best bevarte me har i Nord-Europa frå denne tida.

Før Uvdal-kvinna kunne kome på utstilling i hovudstaden, har ein konservator jobba mykje med ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ein lang diskusjon om ho skulle stillast ut. Det har vore ein stor konserveringsjobb for å få henne presentabel. Tanken er at ho skal bringe inn det menneskelege element i utstillinga, fortel professor og numismatikar Svein H. Gullbekk.

Kanskje var det Svartedauden som tok henne. Me veit ikkje. No er berre dei morkne, sprø tekstilane og uttørka levningane att. Men ho høyrer med her, ho også. Det handlar om menneske. Om tru. Om levd liv. Og om døden.

{{facts}}

Kyrkjekunsten skulle gi folk tru på eit betre liv etter døden. Den skulle gi kyrkjelyden ein forsmak på det heilage. Når kyrkjelyden ikkje forstod latin, var løysinga ei biletleg framstilling av det guddommelege. Difor fylte prestane gudshusa med vakre gjenstandar og bilete.

Også i Norge har me hatt rik mellomalderkunst i stavkyrkjene våre. Då Martin Luther i 1517 utløyste den kulturelle og religiøse reformasjonen, blei mellomalderkunst øydelagd, brent og fjerna over store delar av Europa. I Norge er forbausande mykje bevart. Me hadde aldri nokon storstilt øydelegging av katolsk kunst. Ein del av skulpturane manglar kanskje ein nase, eller ein arm eller to. Men det heilage, andelege som kunsten utsondrar, er framleis med.

Altarfrontalar, altarskåp, krusifiks, veggdekor og treskulpturar frå perioden 1100 til 1500 er framleis å sjå i nokre av våre kyrkjer og museum. Men mykje ligg bortgøymd i magasin. Me snakkar om kunst av høg kvalitet. Den er anten produsert av norske handverkarar, eller tinga frå omtykte verkstader i Nord-Tyskland og Nederland.

Norge har ei samling mellomalderkunst som er unik i Europeisk samanheng. Mellom anna har me heile 31 altarfrontalar, som er ei måla eller utskoren plate framfor altaret. Ei slik samling er me aleine om å ha i Europa.

Lysdesignarar frå Nasjonalteateret har sørga for spesielt tilpassa lys, og gjer at mellom anna krusifikset frå Tretten blir nærmast levande. Lyset kjem og går så sakte at du knapt legg merke til det. Snart er det berre silhuetten me skimtar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også taket er lyssett på nytt. Ål-taket har i meir enn 100 år vore ein av hovudattraksjonane på Historisk museum. Rommet er spesielt tilpassa det 700 år gamle klenodiet. No har taket fått noko nytt å skine ned på. Mellom helgenstatuar og krusifiks som på ny er kome fram i lyset, finn me eit monter som syner objekt funne under kyrkjegolva.

Arkeologane kan finne mykje historie under eit kyrkjegolv. Under golvet på kvinnesida i kyrkja finn dei ikkje berre hårnåler og perler, men også mykje mynt. Det er slikt som vart mista under ofringa, meiner dei fleste forskarane i dag. I 1973 opna arkeologane golvet i Lom stavkyrkje og fann 2262 myntar.

Dei forskjellige myntsortane fortel mykje om kven som opp gjennom generasjonane gjekk til kyrkje, og om kva rikdom som fanst i bygda, og om kva reiser folk hadde vore på.

Samla er det funne over 20.000 myntar i norske kyrkjerom. Meir enn halvparten av desse er frå før Svartedauden, og i eit breitt spekter av valutaer. Pengeoffer tilhøyrer ein før-kristeleg tradisjon som vart vidareført.

– Myntane me stiller ut her kjem frå Ål, fortel professor Svein H. Gullbekk. Han fortel om korleis myntar vart nytta som middel for å kome raskt gjennom i skjærselden og inn i det evige livet. Kyrkjene hadde monopol på livet etter døden. 95 prosent av myntfunna er frå bygdekyrkjer.

– Folk ville til Himmelen. Offergåver var eit ledd i det å vere ein god kristen, smiler han. Men frelse kosta. Folk måtte ha med seg myntar til kyrkja.

Norge og Gotland er stadene i verda der det er funne flest mellomaldermyntar under kyrkjegolvet. I kyrkjene med steingolv ute i Europa er det ikkje tilsvarande myntfunn.

Men det er ikkje berre myntar som låg under kyrkjegolva. Runepinnar og andre votivgåver mot lovnader om helbred og vern vart lagde ned under golvet. Pilegrims- merke av både skjel og bly, vidjespenningar, pinnar, dokker og pjåtrepakker. Pjåtrepakker er tøystykke der givaren har mumla vonde trolldomar inn i tøystykket før det vart lurt på plass i husveggen hjå ein uven. Når ein finn desse i kyrkjegolvet – var det kanskje for å uskadeleggjere den magiske verknaden. Til dømes fann ein ei svartebok under eit kyrkjegolv i Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

På slutten av 1200-talet vart det bygd eit nytt tak over koret i den gamle stavkyrkja i Ål. No har det stått utstilt i Oslo i over 100 år.

Då Ål stavkyrkje vart riven i 1880, vart det rikt dekorerte kortaket, ei såkalla tønnekvelving, frakta til hovudstaden, saman med hovudportalen i til kyrkja. Desse delane vart etter kvart sett opp som ein hovudattraksjon ved Historisk museum. Det blir sagt at høgda i første etasje er tilpassa den høge portalen. Og at rommet der Ål-taket er utstilt, er teikna spesielt for nettopp dette taket.

Kortaket er den største romutsmykkinga me har som stammar frå norsk mellomalder. Her får me bibelsoga rett inn, fortald som ein teikneserie.

Det er 23 ulike scener frå skapelsens-forteljinga og syndefallet, til Jesu liv og død. Alt er forma i ein enkel teknikk, men følger sterk tradisjon om korleis Bibelen skulle stå fram i kunsten.

Her er Jesu fødsel, flukta til Egypt, Herodes barnemord og Judas-kysset. Og sjølvsagt korsfestinga og Jesu oppståing. n