I haust startar Paywand Dashtnewerd på vidaregåande skule. Ho vil bli politi. Eller kanskje lærar? – Eg må vere takknemleg for alt eg har. For fridomen, seier 16-åringen.
I haust startar Paywand Dashtnewerd på vidaregåande skule. Ho vil bli politi. Eller kanskje lærar? – Eg må vere takknemleg for alt eg har. For fridomen, seier 16-åringen.

Flykta frå Iran til Norge: - Det var ikkje vanleg barndom

Paywand Dashtnewerd har tenkt vaksne tankar sidan ho flykta frå Iran som seksåring. Ti år seinare treng tenåringen folkeeventyr og eit nytt familiemedlem for å nå fram til barnet i seg.

– Eg hugsar heilt frå eg var seks år. Eg har det alltid i bakhovudet. Det er ikkje noko du kan gløyme så lett. Det var barndom, men det var ikkje vanleg barndom, seier Paywand Dashtnewerd.

HEIME HJÅ FAMILIEN slår heit juliluft knockout på ei hardtarbeidande vifte. Det er framleis fellesferie i Øyer utanfor Lillehammer. Paywand har sommarjobbfri. Godt, men også ei potensiell utfordring for 16-åringen. Fri betyr tid. Tid til å tenkje–og til å hugse bestemor i Iran som alltid var ein moroklump, men også litt seriøs, nett som Paywand sjølv når tenåringen tenkjer seg om.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

Tid til å minnast seks år på asylvent i Norge og Danmark, fire av dei ved no nedlagde Ål statleg mottak.Klumpen i magen som ikkje sleppte tak før 7. mai 2015 då Paywand fekk opphald i Norge saman med mor Halima Osmani, far Ahmad Dashtnewerd og storebror Mohsen Dashtnewerd.

– På den tida var eg ein ung person med vaksne tankar. Og det er jo ikkje slik barn skal vere, ikkje sant?

– Eg hugsar heilt frå eg var seks år. Eg har det alltid i bakhovudet. Det er ikkje noko du kan gløyme så lett, seier Paywand Dashtnewerd. I dag er det fire år sidan 16-åringen fekk opphaldsløyve i Norge.

Hallingdølen var med då det vart klart at familien fekk løyve til å opphalde seg i Norge.
Hallingdølen var med då det vart klart at familien fekk løyve til å opphalde seg i Norge.
Å bla tilbake i reportasjeserien ’Å vente eller ikkje venteª byr på mange kjensler for Paywand Dashtnewerd. – Alle kjenslene, minna, stadene kjem tilbake, seier ho.
Å bla tilbake i reportasjeserien ’Å vente eller ikkje venteª byr på mange kjensler for Paywand Dashtnewerd. – Alle kjenslene, minna, stadene kjem tilbake, seier ho.
Bileta frå 2015, frå augneblinken der Paywand og familien fekk opphaldsløyve i Norge, får fram kjensler i 16-åringen.
Bileta frå 2015, frå augneblinken der Paywand og familien fekk opphaldsløyve i Norge, får fram kjensler i 16-åringen.
– Eg er så glad for at Nora er her. Ho skal                   alltid kjenne på at ho har ei storesøster, seier Paywand Dashtnewerd, her saman med mamma Halima og pappa Ahmad. Storebror Mohsen er på jobb.
– Eg er så glad for at Nora er her. Ho skal alltid kjenne på at ho har ei storesøster, seier Paywand Dashtnewerd, her saman med mamma Halima og pappa Ahmad. Storebror Mohsen er på jobb.
– Eg har det eigentleg ganske bra, men eg prøver kvar dag å gløyme situasjonen som eg var i før. Det gjer eg ved å leike med Nora, ha det gøy med familien, vere på jobb. Då er tankane andre stader, seier Paywand Dashtnewerd.

– Eg er så glad for at Nora er her. Ho skal alltid kjenne på at ho har ei storesøster, seier Paywand Dashtnewerd.
– Eg er så glad for at Nora er her. Ho skal alltid kjenne på at ho har ei storesøster, seier Paywand Dashtnewerd.
Sommarjobb i Hunderfossen Eventyrpark er ei viktig brikke i Paywand Dashtnewerds kvardag. – Det er draumestaden min! seier 16-åringen.
Sommarjobb i Hunderfossen Eventyrpark er ei viktig brikke i Paywand Dashtnewerds kvardag. – Det er draumestaden min! seier 16-åringen.
EI MAGISK KRAFT? Eventyruniverset i Hunderfossen fyller Paywand Dashtnewerd med glød og glede. Draumen om å jobbe i eventyrparken fekk ho då hennar eige liv var utrygt og vanskeleg som asylsøkjar.

Paywand Dashtnewerd er særleg glad i utvalet av ferske oliven i pappas nyopna matvarebutikk i Lillehammer sentrum.
Paywand Dashtnewerd er særleg glad i utvalet av ferske oliven i pappas nyopna matvarebutikk i Lillehammer sentrum.
Paywand Dashtnewerd er særleg glad i utvalet av ferske oliven i pappas nyopna matvarebutikk i Lillehammer sentrum. Maya Omarain ekspederer.
Paywand Dashtnewerd er særleg glad i utvalet av ferske oliven i pappas nyopna matvarebutikk i Lillehammer sentrum. Maya Omarain ekspederer.
Paywand Dashtnewerd tek gjerne i ei tak i familiens matvarebutikk i Lillehammer sentrum når ho har ein fridag.
Paywand Dashtnewerd tek gjerne i ei tak i familiens matvarebutikk i Lillehammer sentrum når ho har ein fridag.
Det var barndom, men det var ikkje vanleg barndom, seier Paywand Dashtnewerd.
Det var barndom, men det var ikkje vanleg barndom, seier Paywand Dashtnewerd.

– Då me fekk avslag ein gong i tida, brydde eg meg veldig om det. Eg kunne jo eigentleg berre ha leika ute. Men eg trur eigentleg ikkje eg kunne noko for det, at eg brydde meg. Det var vanskeleg å unngå, for alle eg var omringa av, alle på mottaket, gjekk gjennom det same. Alle ungar på mottak er barn med vaksne tankar. Du hadde situasjonen din i tankane på slutten av dagen, uansett.

{{facts}}

16-ÅRINGEN KAN HUGSE at ho som ung jente gjekk side om side med pappa Ahmad. Den kurdiske familien hadde nyleg kome til Norge og budde på sitt første asylmottak, i Øyer. Denne dagen var far og dotter, nok ein gong, i Hunderfossen Eventyrpark. Paywand hugsar dei store ungdommane i parken som smilte og prata med henne, minnast korleis alle andre tankar forsvann. Ho hugsar at draumen vart tent om sjølv å kunne jobbe i det eventyrlege universet.

– Då me hadde arbeidsveke på skulen var eg utplassert i eventyrparken, og etter eit intervju kom sjefen til meg og sa at eg kunne starte i ekstrajobb der dagen etter. No jobbar eg i Hunderfossen på andre året og det er draumestaden min! Når eg er der, minnest eg alltid då eg var ung og gjekk rundt i parken. No er det eg som tek initiativ til å snakke med dei unge. Kanskje gjer eg nokon sin dag betre. Det gjer meg glad, strålar Paywand.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har eigentleg lova seg sjølv det. Positiv energi. For 16-åringen kjenner det jo på heile kroppen, at ho blir glad av at dei rundt henne er glade.

– Etter at me fekk opphaldsløyve gav eg meg sjølv løftet: Eg skal vere ein positiv person med mykje positiv energi. Det er jo fordi det har vore så mykje negativ energi i livet mitt. Eg er lei av det, seier ho.

NORA DASHTNEWERD, fødd 18. juli 2017, kalla opp etter handballandslagets Nora Mørk, Paywands veslesøster.

– Eg har alltid ønskt meg ei veslesøster eller ein veslebror, men eg skjønte jo at det ville bli vanskeleg for eit søsken å bli fødd på mottak. No er eg så glad for at Nora er her, og eg blandar meg mykje inn i livet hennar. Eg vil ikkje at ho skal gå gjennom det same som eg gjorde. Det kjem ho ikkje til å gjere, men eg tenkjer mykje på det likevel. Eg vil at ho skal vokse opp så godt som mogeleg, og det gjer ho. Uansett kor mykje eg jobbar med skule eller sommarjobb, tek eg meg tid på slutten av dagen til å vere med Nora. Ho skal alltid kjenne på at ho har ei storesøster, seier Paywand.

– Blir du sjalu for at Nora vart fødd etter at de fekk opphald?

– Ikkje sjalu, det er ikkje det beste ordet, men ho er heldig. Eg tenkjer nokre gonger: Kunne ikkje eg også blitt fødd då? Men eg prøver å unngå å tenkje slik. Eg må vere takknemleg for alt eg har. For fridomen.

MESNA MAT, ein matvarebutikk i Lillehammer sentrum som pappa Ahmad og ein partnar nyleg har starta opp. Storebror Mohsen, som gjer seg klar til å starte masterstudium i Kristiansand. Mamma Halima, som vil ut i jobb etter permisjon over sommaren og som planlegg å ta førarkort.

Paywand, som i slutten av juni sto med grunnskulens vitnemål i handa og som i haust startar ved Gausdal videregående skole, studiespesialiserande med dans som førsteval. Ein 16-åring med planar om å bli politi, eller kanskje lærar? Og som iallfall har mål om å lage ei gruppe som tek med barn på mottak ut på tur. For kva er vel viktigare enn å gi ungar som lever på vent kjensla av å vere eit fritt menneske?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil prøve å hjelpe så godt eg kan. Slik som til dømes Marit Løyte Hansen hjelpte oss då me budde i Ål. Eg var liten då og hugsar ikkje alt, men mamma seier ho aldri kjem til å gløyme måten Marit hjelpte oss på, tok oss med på tur, hjelpte meg å skaffe katt. Eg og familien min fekk sjansen av Norge og me tok han. No driv me butikk, eg jobbar og broren min studerer. Det er liksom ikkje så dårleg, da? meiner Paywand.

DET MÅ HO MINNE seg på når dei tøffe dagane dukkar opp. Eller oppsøker henne, slik som i dag. Å stille opp til intervju er litt som å stikke ein pinne i kvefsebolet.

– Det går på ein måte fint i dag, men alle kjenslene, minna, stadene kjem tilbake. Når eg tenkjer på intervjuet mitt i Utlendingsnemnda (UNE) før me fekk opphald, blir eg like nervøs no som eg var den dagen. Og me køyrde forbi mottaket på Ål for to år sidan …

Paywand vrir seg litt i sofaen. Ho får eit anstrengt uttrykk i andletet.

– Me stoppa ikkje opp, me berre køyrde forbi og såg frå vegen. Det er blitt eit slags hotell der no, trur eg. Alt kom tilbake, alle minna berre kom. Det var tøft. Men eg såg òg volleyballbana der eg alltid var og leika. Den var det fint å sjå. Eg har det eigentleg ganske bra, men eg prøver kvar dag å gløyme situasjonen som eg var i før. Det gjer eg ved å leike med Nora, ha det gøy med familien, vere på jobb. Då er tankane andre stader.

– Kvifor dele når det er så vanskeleg å minnast?

– Eg deler fordi eg meiner det er viktig. Kanskje nokon som les dette går gjennom det eg har vore gjennom. Då kan dei lese og sjå at ting som er negativt og vondt ikkje treng vare evig. Éin dag, uansett om det er etter seks år, så kan det kome nye, gode ting din veg. Og om du får sjansen, bruk sjansen så godt du kan og stå på, seier Paywand Dashtnewerd. 

* Familien Dashtnewerd frå Iran har starta eit nytt liv i Øyer utanfor Lillehammer

* Familien budde meir enn seks år på asylvent ved no nedlagde Torpo statleg mottak

' Hallingdølen følgde i ein artikkelserie den då 12 år gamle jenta Paywand på nært hald

* Serien gav lesarane eit sjeldan innblikk i livet til ein ung asylsøkjar.

* I 2016 tildelte Landslaget for lokalaviser, LLA, journalist Torunn Akersveen Lied Journalistprisen for arbeidet med serien