Er det New York-Moskva? Eller Amsterdam-Tokyo?
Me kan høyre dei stadig vekk. Høgt der oppe. Av og til kan me sjå dei også – eller spora etter dei. Flystripene.
Ein kan kanskje tru at det er flyet på veg frå Oslo til Bergen eller frå Stavanger til Trondheim, men oftare enn du trur er det langvegsfarande som passerer. New York–Moskva, Doha–Houston eller kanskje Amsterdam–Tokyo.
Denne reportasjen starta med ein fascinasjon for stripene på himmelen, som blir liggande att lenge etter at flya har passert. Av og til skaper dei interessante mønster. Men kven er dei og kor er dei på veg?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Høyrer du?
Det durar over hustaket på Skaga i Gol. Asle Børtnes myser mot den blå himmelen mellom kvite skyer.
– Det er nok eit Bombardier Dash 8, eit propellfly som kjem får ein av dei små flyplassane på Vestlandet. Dei flyg lågt og det er difor me høyrer dei så godt. Men det lagar ikkje striper i den høgda, fortel han.
LES OGSÅ: Bla i heile den lekre reportasjen i Haustmagasiner her
Me tek turen inn i stova. Asle finn fram iPaden kor han har full oversikt.
– Eg har alltid vore interessert i fly, men det var fyrst då eg oppdaga appen Flight24 at eg verkeleg kunne følgje med, fortel han.
{{imageLeft}}{{imageLeft}}
.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det myldrar av gule fly på skjermen. Dei flyg på kryss og tvers av verda. Over Europa er det stappfullt.
– Eg har teke nokon bilete av flystriper dei siste åra. Kan du hjelpe meg å finne ut kva for fly det kan vere? spør eg.
– Oi, no spør du vanskeleg. Det er lett å sjå kva som flyg over oss her og no, men å sjå attende i fortida, er eg ikkje kar om, smiler Asle.
– Men om me veit himmelretninga går det kanskje an å finne nokon ruter som flyg den vegen?
Me set oss godt til rette i sofaen og begynner jakta.
Kva for fly som flyg over oss endrar seg frå dag til dag. Og sjølv om du ser flystripene like over deg, kan det hende dei har reist med vinden.
– Sjølv om du ser flystripene frå Hallingdal kan det hende flya går så høgt at dei er ved svenskegrensa når du ser dei i horisonten, fortel Asle.
Det er altså sjeldan flya er rett over Hallingdal, med mindre dei kryssar rett over hovuda våre.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg kan jo ikkje så mykje om dette, men eg veit at flya følgjer korridorar som er bestemt på førehand. Difor kan det vere at eit langdistansefly frå Midtausten til USA er synleg frå Hallingdal ein dag, men flyg over Finnmark den neste, seier Asle.
{{imageLeft}}
Ein som kan meir om flygrafikken er Pål Arve Halstensgård (53) frå Gol. Han har arbeidd 23 år i luftfarten, 17 av dei som pilot i SAS og Braatens. Der flaug han eit Boeing 737 passasjerfly, både innanriks og i Europa.
– Luftfartssystemet er eit rutenett som går på kryss og tvers i luftrommet. Det er ikkje geografisk forankra, fortel han.
Det er eit føretak i Brussel, kalla Eurocontrol, som tildeler flyrutene. Flyselskapa ber om ei rute og Eurocontrol køyrer ønsket gjennom eit datasystem. Rutestrukturen vert endra frå dag til dag, og ofte påverka av vêr og vind.
– Flyselskapa ønsker alltid dei mest gunstige rutene. Gjerne der dei kan følgje jetstraumar og få medvind. Det vert ofte eit kompromiss mellom faste ruter og der vindane gir mest fart. Alle vil jo inn der det er medvind, men det er ikkje plass til alle, seier Halstensgård.
Difor er det ofte heilt tilfeldig når flya og flystripene er synlege frå Hallingdal.
Det er reglar som seier kor nær kvarandre flya kan gå. For å få flest mogeleg fly inn i dei same korridorane, er den vertikale avstanden rekna til 1000 fot (333 meter), og den horisontale avstanden fem nautiske mil (9,26 kilometer).
Artikkelen held fram under annonsen.
– Når flya kryssar Atlanteren er avstanden endå større fordi det ikkje er radardekning der for flygeleiarane, seier Halstensgård.
– Kva er det som gjer at me ser flystriper?
– Flystripene er kondensstriper. Når drivstoffet brenn, kjem det vassdamp ut i lufta. Om stripene er synlege, er bestemt av temperatur og luftfukt. Det varierer i kva høgde dei oppstår, men det må vere mindre enn 57 minusgrader på utsida av flyet. I kulda vert det varme, fuktige utsleppet frå flyet avkjølt til iskrystallar. Kondensstriper kan også oppstå frå virvlar ved flyvengespissen, men dei forsvinn ganske raskt, forklarar han.
På dei neste sidene kan du sjå bilete av flystriper fotografert frå Hallingdal. Sidan bileta vart fotografert lenge før ideen til denne reportasjen fann stad, kan me ikkje nøyaktig stadfeste flytypen og selskapet. Men at desse flya frå tid til annan flyg over oss er ganske sikkert.
{{facts}}
Flystripene er også gjenstand for konspirasjonsteoriar.
«Chemtrails» – kjemikaliespor – er eit begrep som konspirasjonsteoretikarar nyttar for å forklare noko som skal vere utslepp av aerosol frå fly. Aerosol er ørsmå partiklar av fast stoff eller væske i ein gass.
Det vert hevda at ein dei visuelle spora frå flytrafikken er kjemiske eller biologiske stoff som ulike styresmakter sprayar ut over himmelen av årsaker som folk flest ikkje skal vite om.
Konspirasjonsteoretikarane meiner dette har til formål å påverke klimaet på jorda og at vêret blir manipulert utan at me får vite om det.