Martin Lindal: Martin Lindal

Urokråka

Eg veit ikkje kor mange gonger nokon har sagt til meg at «no må du sjå til å få stramma opp denne sonen din».

Som om Martin Lindal er sonen min. Han skriv Lindal utan «h», svarar eg avvæpnande før eg elles ville fått ei skyljebøtte. For denne Lindal, seier dei, og ristar på hovudet.

— Du, dette har eg ikkje høyrt før, ler han. Men det må vere folk som er usamde med meg. Det er mange, det. Men forresten, å skrive Lindahl med «h» er jåleri!

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvart islending som blir trigga av motstand. Og det er det nok av for ein som kjempar heilhjarta og innbiten for naturvernet og mot flatehogst og all hyttebygginga. Og når han heller ikkje er av dei som står med lua i handa og nærmast ber om tilgjeving for at han er til, så må det smelle. Og det gjer det titt og ofte der Martin Lindal er i nærleiken.

— Eg var beskjeden til eg kom inn i militæret. Då skjedde det noko. Eg er sta og strid, og det er vel derfor eg også orkar å drive på med naturvernarbeid.

Martin Lindal

71 år, pensjonist. Gift, tre barn. Bur i Drammen.

Fem kjappe

Sist lesne bok?

— «Det åttande livet» av Nino Haratischwili.

Favorittmusikk?

— Eg likar «Morning har broken» med Cat Stevens.

Favorittprogram på TV?

— «Nytt på nytt».

Favorittmat?

— Pinnekjøtt.

Perle i Hallingdal?

— Hydalen.

Han voks opp i eit miljø der kampviljen er stor, i Sauda. Politisk i noko av det raudaste raude. I helgane, i feriane og om sommaren jobba han på smelteverket. Gloheitt ved smelteomnane, godt betalt, gjerne doble skift i eit miljø som var dominert av Arbeidpartifolk og SV-arar. Eit miljø der folk ikkje gjekk rundt grauten. Der sa dei ikkje «me får sjå», slik hallingane gjer når svaret eigentleg er eit nei eller eit avslag. På smelteverket vart det prata rett frå levera. Her var det klar tale som gjaldt.

I eit slikt miljø blir ein herda. Etter å ha sagt farvel til smelteverket og studert biologi, kjemi, matematikk og fysikk på Universitetet i Oslo kom han til ungdomsskulen i Hemsedal som nyutdanna adjunkt i 1979. Her opplevde han eit miljø der kantane ikkje var så sylskarpe som ved smelteomnane i Sauda.

— Det var lettare å ha avvikande meiningar i Hemsedal, minnest han.

Det var kanskje like greitt for ein stridbar SV-sympatisør. Han kom ikkje til sine eigne, for å seie det slik, oppe i fjellbygda der Senterpartiet dominerte. Ingen skal skulde hemsedølene for å vere spesielt raude. Men full av kamplyst kasta Lindal seg inn i manesjen. Det vart tre og ein halv periode i kommunestyret, stort sett som einaste SV-ar. Ved eit val gjorde partiet det så skarpt at dei vart to. Men ein siger kunne han iallfall bokføre, og den var ikkje liten heller. Det var Lindal som stod midt i stormen og kjempa for noko så spesielt som ein volleyballhall.

— Nokon ville bygge ein liten hall ved skulen, andre ville bygge ein stor hall ved idrettsanlegget og eg kjempa for at det skulle byggjast ein hall som i alle fall var så stor at den kunne romme to volleyballbanar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og slik vart det. For ein som har levd med volleyball i 30 år, vart det ei fjør i hatten. Han bygde også opp eit volleyballmiljø i Hemsedal. Det var den gongen dei hadde lag i Flå, i Gol og i Fjellet IL.

— Me leverte tre spelarar til topp-volleyball, seier han fornøgd.

Men politisk vart det ein einsam kamp.

— Me hadde eit godt samarbeid med Sp og KrF, men eg fekk elles ikkje gjennomslag for så mykje. Det var ein evig kamp i motvind, slår han fast utan å trekke på smilebandet.

Martin Lindal: N/A

Men han følte seg akseptert. Det var toleranse for andre meiningar som hans, og det vart ikkje noko uvennskap ut av det. Han meiner framleis at analysen hans er rett, nemleg kor viktig varme senger har vore for befolkningsveksten i Hemsedal. Og han meiner framleis at gigantutbygginga i og rundt skisenteret var rette måten å gjere det på. Ein blokk i Holdebakken sparar areal, er hans klare meining. Etter 34 år i bygda flytta han og kona heim til barndomsheimen hennar oppe i åsen med super utsikt over Drammen. Det er frå enn idylliske staden han fører kampen vidare — for naturen.

Han er leiar i Naturvernforbundet i Buskerud. Sjølve hærføraren. Heile tida på offensiven. Får tips og er ute og kikkar sjølv. Skriv lesarinnlegg og engasjerer seg. For mange er han eit hår i suppa. Han veit det, det tek han nærmast som ein heider.

— Me har ei klima og naturkrise, Politikarane pratar om berekraft og det grøne skifte. Men dei gjer vedtak som går i motsett retning.

— Ja vel …

Artikkelen held fram under annonsen.

— Den førre regjeringa gav kommunane større makt i arealforvaltninga. Det er naivt å tru at ein lokalt kan vareta arealbruken. Det er for tette band. Alle har eit søskenbarn …

— Hm …

— Det er vanskeleg å nekte naboen å bli millionær.

Mens han druknar rekene på rundstykke i majones sukkar han oppgitt over frisleppet på vasscooter og snøscooter. Unødvendig, er dommen hans.

Du blir oppfatta som ei urokråke!

— Det er klart, og eg vil vere det. Det er så mange ting som skjer utan at folk er klar over det.

Spør om flatehogst, det er som gift på tunga til Lindal. Då hogger han til. Han fyrer laus mot det han kallar eit rotent system der skognæringa har all makt.

— I skognæringa blir eg sett på som ei plage som skapar mykje ekstraarbeid for dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei vaktbikkje?

— Ja, eg klaga på ein kantsonehogst ein gong, grunneigaren fekk ei bot på 100.000. Då det skulle vere ein fagdag for skognæringa meldte eg meg på og stilte opp som den stridbukken eg er. Eg vart teken til side då eg kom, og fekk beskjed om at møtet ikkje var for oss. Eg fekk eit blikk frå ein skogbrukssjef som kunne drepe.

Ein rabulist?

— Eg vil ha gode grunngjevingar. At ikkje Naturvernforbundet får vere med på eit seminar om kantsoner …

Han ristar på hovudet. Vedgår at han ikkje er skuggeredd, og at han kjempar for naturen og miljøet fordi det er ein viktig kamp med tanke på barnebarna og dei som kjem etter.

— Eg brenn for naturen, for me forvaltar den dårleg. Me må endre levemåten vår. Det er ein latterleg tanke at auka forbruk fører til lykke for oss rike, smell det.

— Det er 35 år sidan Nils Faarlund, (ein annan utflytt hemsedøl for dei som ikkje er orientert, red. merk.) sa at «det er for seint å vere pessimist». Det er eit godt uttrykk.

Nemn hytteutbygging for Martin Lindal, så får du heilt gratis eit foredrag om det han meiner er galskap. Eller som han seier det:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det går over stokk og stein. Dei bygger i myr, folk skal ha basseng utandørs og motstraums svømmebasseng og koplar seg på straumnettet, for så å reagere på at straumen er dyr. Det er for lettvint.

Sjølv har han ein liten elbil og solcelle på taket. Lindal gjer business på sola. For det han ikkje brukar sjølv, sel han.

Men er ikkje høge straumprisar musikk i øyro for deg?

— Prisen er unaturleg høg. Eg er ingen forkjempar for høgre straumprisar, men eg vil bruke mindre. All energibruk er negativ.

Han er stridbar, ifølgje seg sjølv, men går ikkje rundt og er forbanna heile tida. Han tenner i når hytteutbygginga og det han kallar vanvitig flatehogst blir brakt på bane, pluss kva folk gjer for å unngå klimatiltak og skuvar fattige framfor seg. Politikaren Lindal avgrensar verksemda no for tida til SVs representant, og leiar i klimautvalet i Drammen kommune. Elles brukar han mykje tid på volleyball, som hjelpetrenar i Oslo Volley.

Kva fryktar du?

— Det skal mykje til før eg blir uroleg. Eg er nok psykisk robust, seier han.

— Men eg er bekymra for klimaet og naturen. At ein skal bygge ut Godfarfossen i Hol og Nore og Uvdal er ille, synest eg. Det er bygd ut nok. Ein må sjå på andre løysingar. Solcelle, solpanel, brønnar i bakken der solenergien kan lagrast. Det siste er større anlegg då.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vindmøller eller vasskraft?

— Me kan ikkje seie nei til alt. Men ein må avgrense hyttebygginga og straumen dit. Det blir dessutan sagt at kjernekraft er mindre farleg enn kolkraft. Eg er ikkje framand for at ein må diskutere kjernekraft.

Heile tida på «jobb» for naturen. For å påverke og argumentere. Han bombarderer avisene med lesarinnlegg og tips, irriterer og skaper engasjement. og får stadig telefonar frå folk som har sett i avisa at han har teke opp ting.

— Men eg føler ikkje at eg arbeider i medvind akkurat.

Men kva er du god til?

Etter å ha tenkt uvanleg lenge seier han at «no vart eg mållaus, eg pleier ikkje å bli det».

Kva er det verste du veit?

Det er som om han forsvinn inn i si eiga boble, og blir der uvanleg lenge, før han kjem ut igjen og seier tørt:

— Det er tomt i hovudet no. For ein gong skuld.

Les også
Knoll og tott
Les også
– Unnskyld, Hallgrim
Les også
Livsstilspandemien