Turgåarane Marianne Bøen og Thor-Arne Langelid på veg opp til toppen av Prestholt. Den øvste delen av turvegen opp Prestholtskaret er steinlagt av sherpaer. Steinarbeidet som er gjort av nepalarane har ei levetid på opp til 600 år.

Trapper til topps

I fjor haust stod den nye Skogshornstigen klar i Hemsedal. Som Prestholtstien i Hol er steinarbeidet gjort av sherpaer. Formålet er å verne om marka og betre dreneringa. Har slike stigar og prosjekt vore ein suksess?

Petter Braaten, seniorrådgivar i Statens naturoppsyn, står i botnen av Prestholtstien. Eit prosjekt han har vore involvert i sidan 2009 og framleis er:

– Me la merke til at stien hadde blitt veldig brei og tråkka hardt ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Året etter talde dei kor mange som faktisk tok beina fatt opp Hallingskarvet frå Prestholtseter. Det viste seg at det var snakk om 6000 menneske, såpass mange at det måtte gjerast noko med stien.

Petter Braaten (SNO) ved starten av stien. Her har det komme på plass ei dreneringsrenne for å få unna vatn: – Det er vatnet som øydelegg. Det viktigaste for ein stibyggjar er å få kontroll på vatnet, fortel Braaten.

– Tanken er å motverke at vegetasjon blir aldeles tråkka i hel. Det som skjer då er at regn- og smeltevatn vaskar ut jordsmonnet, så det berre blir stein att. Då begynner folk å gå på sida, og me får det ein kallar «villstiar» som igjen gjer at sjølve stien etter kvart blir veldig brei.

Då det var bestemt at det skulle gjerast noko med Prestholtstien var den 35 til 40 meter på det breiaste.

I den nederste delen er arbeidet gjort med gravemaskin.

Arbeidet starta i 2011. I den nedste delen er arbeidet gjort med gravemaskin. Det er i dei brattaste partia at det vore spesialistar frå Nepal og lagt stein.

Fleire turgåarar

Når stien var klar i 2014, såg ein også at trafikken voks. Berre det at stien kom på plass, lokka fleire på tur.

– Byggjer ein sti, og særleg med hjelp av sherpaer, så får det omtale både i aviser og i sosiale medium. Då kjem folk for å sjå kva som er gjort. Det var ei stor auke med 25.000 årlege turgåarar, fortel Braaten.

Like før toppen er det populært å fylle drikkeflaska. I fjor fekk Braaten lagd stein her slik at folk fekk betre plass. Arbeidet er gjort av sherpaer.

I 2016 som framleis står som toppåret, gjekk 46.000 personar Prestholtstien. I sommar i år opplevde dei dagsrekord 16. juli med 3000 personar.

Ein som har nytt godt av stien er Jarle Uthus. Han driv Prestholtseter kor mange av turgåarane stikk innom for å kjøpe kaffi og lefsekling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prestholtstigen (Hol)

Stien opp til Prestholt på Hallingskarvet frå Prestholtseter stod klar i 2014.

Ein kan gå til toppen av skarvet og snu, eller ta heile Prestholtrunden på 6,5 km.

Det er mogeleg å parkere ved Prestholtseter

– No går det som det susar. I sommar har det vore ekstremt. Det blir meir for kvart år, så eg tykkjer det er kjempebra, fortel han.

Prestholtseter har vore der sidan 1904, Uthus er fjerde generasjon og har drive på i åtte år.

Jarle Uthus driv Prestholtseter som er ein kjør plass for mange, både om sommar og vinter.

– Her var det problem med erosjon, og det var mykje myr. Jobben som er blitt gjort her er heilt strøken. Det er berre pluss. Og at folk bruker fjellet er fantastisk. At det nokon dagar er veldig mykje folk ser eg ikkje som eit problem.

Dilemmaet til ein stibyggjar

Det har vorte kritisert at Prestholtstigen ligg innanfor Hallingskarvet nasjonalpark. Og det er Braaten klar over:

– Nokon, som ein kan kalle naturvernarar, det er for så vidt eg også, vil oppleve stibygginga som eit overgrep mot naturen. Ein sti som dette medfører press på heile området og då må det leggjast til rette med toalett og parkering. Eg forstår at nokon kan oppleve det som mykje med alt som kjem i tillegg.

Lena Damm har hytte på Geilo men bur i Bergen. Ho har gått turen mange gonger. - Eg likar veldig godt slike stiar. Med har liknande fleire stader i Bergen, både på Ulkriken og i Stoltzekleiven.

For at eit prosjekt som Prestholtstien skal kunne få midlar er det tre krav som skal fyllast. Tiltaket skal trygge verneverdiane, gje gode opplevingar og skape lokal verdiskaping. Braaten trur at turen til fjells, ved sida av å gje ei oppleving, faktisk styrkjer vernet av området:

– Det er eit element eg klamrar meg til, fordi eg er ambivalent når det kjem til denne tilrettelegginga. Om me får 20.000 menneske opp på Hallingskarvet som aldri ville ha tatt turen om det ikkje var for stien, då skjer det to ting. Det eine er at dei får betre turkompetanse, for dei fleste som går her går helst berre tilrettelagde turar. Ein annan ting som skjer når dei står på toppen, er at dei ser at denne nasjonalparken, bortsett frå denne stien, er ganske urørt. Og får dei den oppfatninga at ja, nasjonalpark er ein god ide, då har me nådd fram og vernet av våre verneområde blir endå sterkare. Men det argumentet er ikkje alltid like lett å selje inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Petter Braaten (SNO) meiner at ulike interesser må vegast opp mot kvarandre når ein lagar eigne turstiar i fjellet. – Ein må svelgje nokon kamelar.

Braaten meiner det er viktig å ha to tankar i hovudet samtidig:

– Her var det ein tilstrøyming frå før som auka slitasjen. Så erosjonen ville ha blitt større. Allemannsretten er så sterk at ein kan ikkje stenge av eit område, sjølv om stien opp blir for brei.

Skogshorn

Erosjon var også eit problem med stien opp til Skogshorn i Hemsedal. Her har mykje av fokuset vore på å få unna vatnet ved hjelp av renner.

– Me har ikkje overdrive steinbruken med mest mogeleg trapper. Fokuset har vore på drenering, sa miljøvernrådgivar for Gol og Hemsedal kommune, Jørn Magne Forland til Hallingdølen i fjor haust då stien stod klar.

I dei mest utsatte myrområda er det laga renner av stein for å få unna vatn på vegen opp til Skogshorn.

Dei siste tala viser at 7800 personar gjekk turen i sommar. Det er ca. 1000 fleire enn i fjor sommar då det ikkje var tilrettelagde stapper til den kjente fjelltoppen.

– Det har vore noko auke, men ikkje så mykje som andre plassar med liknande stiar, fortel prosjektleiar i Hemsedal Utmarkservice, Henning Flaget.

Prosjektleiar Henning Flaget.

Det trur han har samanheng med at kommunen ikkje aktivt har marknadsført turen:

– Den er framleis berre ein del av Hemsedal topp 20 slik den alltid har vore.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å tenkje i breidda

Men trappetrinna til Skogshorn er atskilleg breiare enn på Prestholtstigen. Petter Braaten har vore med på begge prosjekta. Han vedgår at stien til Prestholt burde blitt bygd breiare. Det er stader der folk har begynt å gå utanfor stien:

– Bygger ein for smalt slik me har gjort nokon plassar, då går folk på sida og me får same erosjonsproblem på nytt. Difor vurderer å utvide stien litt her og der neste år. Me erkjenner at 60 cm breidda er det for smalt på nokon plassar.

Trappene til toppen av Skogshorn er breiare enn til Prestholt. Steinen som er brukt i dette prosjektet er ikkje lokal, men er blitt henta frå Voss.

– Er det andre toppar i Hallingdal som er aktuelt for stibygging?

– Ikkje per dags dato, men det er område der trykket er stort og slitasjen aukar. Det er stader eg gjerne ville gjort liknande prosjekt. Men når grunneigar ikkje vil, noko som er deira rett, då går me ikkje vidare med dei prosjekta.

Fotturen til Hallingskarvet byr på flotte utsikter og opplevingar, noko seniorrådgivar i Statens naturoppsyn, Petter Braaten, trur på sikt kan styrke vernet av Norges nasjonalparkar.
Skogshornstigen (Hemsedal)

Stod klar i 2019.

Turen tek fire til fem timar og er på ni kilometer tur/retur.

Ein kan parkere på markert parkeringsplass ved F.v. 231, Lykkjavegen