Hallingminne: Tørrisplassvollen på Imle. Fra venstre Kari Brenno (f. Bergerud 1897), Ragna Tørrisplass (f. Østdahl 1915), Anna Brøto (f. Østdahl 1916) og Gunhild Teigen (f. Sevre 1902).

Set farge på augeblikka

Det som var eit tiltak mot koronadepresjon for Olav Sataslåtten, skaper stor glede blant historieinteresserte hallingar.

– Eg begynte med dette i februar. Eg kom over ein artikkel som fortalde om ei programvare som enkelt gjorde det mogeleg å gjere svart-kvite bilete til fargar, fortel Sataslåtten.

Personbil i Alfarvegen, Nesbyen, ved huset til Barbo Lien. Bilen på biletet skal ifølge Liv Rødningen (født Langslet), fyrst ha tilhøyrd familien Tennvik på Ris i Oslo. Rødningen var tenestejente hjå familien Tennvik. Ho vart køyrd av Tennviks eigen sjåfør i denne bilen, blant anna ned til Majorstua, når ho skulle handle. Biletet er teke ein ein gong mellom 1935 og 1940.

Etter kvart som han fekk dreisen på prosessen og var nøgd med koloreringa, bestemte han seg for å publisere sine første fargebilete.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då starta eg opp gruppa Hallingminne på Facebook, og det var ein enorm respons.

Over natta fekk gruppa 1500 medlemmer. I dag har den auka til 2700.

Det skulle vera ro når læraren las avisa. Biletet er frå Solvang i Hol, rundt 1908-1909. På kontoret i skulehuset sit lærar Sigurd Reinton fordjupa i «Luren — Buskeruds Amtstidende».

På gruppa er det mykje aktivitet og kommentarar når nye bilete kjem. Det gjer det ekstra spesielt og interessant, meiner Sataslåtten.

– Det er folk i dalen som kjenner igjen noko eller nokon på bileta, og kjem med historier til biletet. Det er særleg morosamt når eldre folk vil ha eit bilete frå 1930 tilsendt, fordi mor deira er ei ung småjente på det.

Kari Livgård var nok ei travel kvinne. Ho var einaste sjukesyster i Nes frå 1920-åra og utover. Fotografert rundt 1930.

– Kva trur du er det som fengjer med desse gamle augeblikka?

– Eg trur me søkjer tilbake til røtene og der me kjem ifrå. Gamle bilete på nettet har ein enorm appell i fleire grupper.

Sataslåtten er ingen nybegynnar i kunsten å finne gull i arkiva. Frå før har han samarbeidd tett med Ål bygdearkiv om digitalisering av folkemusikk. På nettsida til bygdearkivet finn ein gamalt hallingspel og intervju med tidlegare spelemenn, digitalisert av Sataslåtten. Mykje av materialet er med hans eigen goffa, den legendariske spelemannen Olav Sataslåtten d.e.

Her er Olav Sataslåtten (t.v.) saman med Ola Terje Oleivsgard ved Ål bygdearkiv. Dei driv med digtalisering av folkemusikk.

Hallingminne eksisterer også som ei eigen nettside. Her publiserer Sataslåtten lokalhistoriske artiklar og bilete. Han leverer også til Dølaminne sine historiske årbøker.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ei konstant jakt etter ukjent materiale. Drivkrafta er jakta. Det er om å gjera å finne sjeldne og lite eller ikkje publiserte bilete. Då viser ein fram noko frå dalen som folk ikkje var klar over, fortel Sataslåtten.

Kven har baka, og kven skal smaka? Biletet er frå eit gjestebod i Nordre Reinton i Hol. Det er teke i 1908 eller 1909. Me ser Birgit Fløto, Anne Olsdatter Reinton og Ola Teigestugun.

Det er ikkje berre på fritida han leiter i arkiv. Sataslåtten er tilsett i Riksarkivet og jobbar med forvalting og tilsyn.

– Eg budde på Torpo som gutunge, men hadde oppveksten i Drammen. No bur eg i Oslo, men har alltid hatt god kontakt med slektningar i Hallingdal.

Før kraftutbygginga: Leif Jensen på bulldoser. Bilde er teke i 1958 på Hagaskogen i Gol. Maskina vart brukt til tømmerutslag på elva for fløyting.

Det siste året har han budd i Tirana i Albania der kona jobbar som diplomat. Også der har samfunnet vore stengt ned. Då har koloreringa vore eit tiltak mot å ikkje gå på veggane.

– Eg kjem til å fortsette med dette, heilt klart. Det var eit tiltak mot koronadepresjon som er artig å halde på med.

Gol, september 1890. Den svenske fotografen Axel Lindahl var i Hallingdal rundt august 1890 og nokre dagar inn i september. Under opphaldet på Nesbyen blei det tatt fleire bilete. Både av landskap, kjente eiendommer i bygda og bilete av kulturell art. På ferda vidare oppover dalen stoppa Lindahl og hans assistent i Herad, Gol, Torpo og Hemsedal, før retur til Nesbyen. Biletet skal vera frå Rolfshus. Lindahl og hans assistent, Axel Lundin. tok inn på gamle Svenkerud Hotell i Alfarvegen.

Målet for Sataslåtten er å publisere eit bilete kvar dag. Det er ikkje alltid han klarer såpass, men når han gjer det får han gode tilbakemeldingar. Mange seier det er dagens høgdepunkt.

Dei fyrste bileta han kolorerte var teke av Ola A. Strand. Han var ein velståande gründer som hadde tilgang til kamera rundt førre hundreårsskifte. No finn han nytt materiale i bygdearkiva, og blant det som er tilgjengeleg på nettet. Ifølge Sataslåtten handlar mykje om å bruke dei riktige søkjeorda når han saumfer arkiva.

Materialet han jobbar med strekker seg

Artikkelen held fram under annonsen.

Staseleg følge framfor Aavestrud hotel mellom 1890-1900. Fotograf er ukjend.

frå 1870-talet fram til åra rundt 1960.

– Kor lang tid brukar du på eit bilete?

– Alt frå ein til tre timar. Nokre har så mykje detaljar at eg må legge dei vekk, og jobbe vidare med dei seinare.

Kunstnarane var spennande folk. Biletet er frå gamlestova på Langslet i Nes. Ukjent årstal. Mannen med langpipe er nok ein kunstnar, Jensen, her i samtale med Ola Langslet.

– Men kva med fargevalet. Du veit jo ikkje om buksa var grøn eller raud?

– Nei, men berre det å gje biletet fargar får fram fleire detaljar i det. Mange av kommentarane går på nettopp det. Det var nokon som var kritiske i begynninga og meinte at det var historieforfalsking. Men ein må ta det for det dei er.

Her har fotografen fanga frøken Kjøste og - sitjande - Ella Olsen som vart postmeister i Nes. Det gamle postkontoret låg i Mjøligården. Biletet er teke ca 1920.

– Så kritikarane har stilna?

– Eg trur dei har forlate gruppa. Sjølv meiner eg at fargar er med på å gjere lokalhistoria rikare. Særleg om ein klarer å blåse opp detaljar som gir ny kunnskap.

Trygve Haug frå Ål med fin fiskefangst i Fødalen ca. 1952. Forfattarane av lokalhistorie, Sigbjørn Tormodsgard og Olav Oppsato, skriv at ingen kjende Fødalen betre enn Trygve Haug. Var det saksdokument som var merkt «Fødalen» henta kommunen alltid inn Trygve sitt syn i saka, eller kommunen engasjerte Trygve til å arbeide for sitt syn.

Sataslåtten har blitt oppfordra til å lage utstillingar og bøker av materialet han har skapt. Det er han sjølvsagt interessert i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har jo tilgang til over 13.000 bilete, så det er mykje snadder.

Butikken til Odinsgård i Berggården i Nes. Han sjølv står bak disken. Ukjent fotograf og årstal. F.v. Lars Odinsgård, Ola O. Gudbrandrud, Ole Haraldset d.e. og Andreas Syversrud.
Her langt til fjells fann fotografen Borghild Arnesdotter Håkonsgard frå Leveld i 1914 (1885-1922). Biletet er teke ved stølen deira i Lysebotn, nordvest for Gyrinosvatnet.
Beiakleiva i Nes fotografert av Axel Lindahl. Olav Sataslåtten har forstørra utsnittet.