Mens vi venter på våren.

Månadens lesarfoto

Vinnar i mars er Bente Tollefsen frå Flå med dette flotte fuglebiletet. Både ho sjølv, dei to blåmeisene og sporven ventar alle på våren. Fotografen får eit eksemplar av Hallingdølens populære turkopp i premie. Gratulerer!

Har du eit bilete du ønskjer å dele med andre? Send det gjerne til vår populære spalte på sistesida. E-postadressa er redaksjonen@hallingdolen.no. Merk sendinga «Lesarbilete». Legg ved ein kort, forklarande tekst. Lykke til!