Bjørnen står i sentrum for mykje av næringsutviklinga i Flå.

I bjørneriket

Flåværingen og bjørnen går hand i hand, men på kven sine premissar?

Ordførar Merete H. Gandrud må tenke seg litt om. Kva tenker ho eigentleg på når ho høyrer ordet bjørn?

— Det er jo noko som er loddent og stort. Og samtidig sterkt. Eg syns det er festleg at Flå som er minst i Viken og Hallingdal har det største rovdyret som emblem. Det likar eg, det er jo gøy!

Artikkelen held fram under annonsen.

Med eigen bjørnepark kjem det ikkje som ei overrasking for nokon at bamsefar har eit stort nærvær i Flå. Også inne på ordførarkontoret finn ein det store dyret trykt opp på diverse material og former. Sjefen sjølv er ærleg på at dei i kommunen brukar bjørnen for det han er verdt.

— Treningssenteret vårt heiter jo Ursus (latinske namnet på bjørnefamilien red.merk) og drosjeselskapet i bygda bytta nettopp til ein bjørnelogo. Me tyner det for det me kan, men det er jo litt moro. Det er merkevara vår, om du ser ein bjørn så skal du tenke på Flå.

Ordførar Merete H. Gandrud flytta til Flå i 2014 og innrømmer at ho ikkje hadde noko personleg forhold til bjørn før det. Men no har ho nye bjørneplaner for kommunen. Neste år skal det settast opp fleire skilt som viser retning for gjester til bygda, og då blir bjørnepoten eit naturleg grafisk val og logo på dei nye skilta.

Men kvifor sit ordføraren og pratar om bjørn, eigentleg? For å finne bakgrunnen til denne reportasjen må ein tilbake i tid. I midten av oktober skreiv Torgeir Beck Lande eit debattinnlegg i Hallingdølen. Etter å ha køyrt igjennom kommunen bad Lande Flå vere ærleg med seg sjølv. Han kalla bjørnebruken i bygda tragikomis, og såg heller at det stod skulpturar i sentrum av bankkort og milliardær Thons karakteristiske raude lue enn bjørnar. Innspelet fekk Gandrud med seg.

Dagens utgåve av kommunevåpenet til Flå vart tegna i 1985. Men på kontoret til ordføraren finn ein fleire bjørnar.

— Eg tenkte at det var då svært så hissig han var. Det var det fyrste eg tenkte. Det var så mykje han klarte å vri ut av eit lite kjøpesenter på sin veg. Kva var det som gjekk i vranga for han?

Då bjørn var jakt

I 1845 blei det innført nye jaktlover i Norge. Eitt av måla med desse var å utrydde rovdyra her i landet, og skotpremiar vart innvilga til dei som felte dei største dyra. Berre det fyrste året etter lova vart innført skaut ein 219 bjørnar. Bakgrunnen for den nye lova var vern av matvilt for landets jegerar og husdyr for bøndene.

Buskerud var rikt på bjørn, noko som det gamle fylkesvåpenet fortalde. Etter mykje hard jakt i regionen, trekte bjørnen seg attende til Vassfaret, eit stort aude naturområde, som delvis ligg i Flå kommune. Vassfaret vart tilfluktsstad for det som var eit relikt av ein større bjørnestamme. Her var det vill natur og det var vanskeleg å nå fram.

Jegar Harald Syversen Thon syner fram den skotne bjørnen for fotografen etter jakt i Svenkerud i Nes.

Men det vara ikkje lenge. Frå 1925 fram til like etter krigen blei det skote mange binner i Vassfaret. I åra etter kom skogsdrift, anleggsvegar og hyttar og la press på det vesle av bjørn som var att. Den siste bjørnebinna frå stammen i Vassfaret døydde truleg på midten av 70-talet (meir om det seinare).

I heile sitt vaksne liv har Torgeir Beck Lande jobba med naturfilm. Han er blant anna kjend for samarbeid med Arne Nævra og serien «Norges villmarker» som gjekk på NRK. Når ein har vore mykje rundt ville dyr og rovdyr, er oppteken av artsmangfald og intakte økosystem, så er det kanskje ikkje rart å reagere på kommersiell bruk av bamsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Når du kjem til Flå og tenker på bakteppet med Vassfaret og den siste heilnorske bjørnen, så kan marknadsføringa etter mi meining virke hyklersk. I Flå har ein aldri vore glad i bjørn og det har vore mykje frykt. Den einaste bjørnen som er ønskt i Flå i moderne tid er den som er gjerdet inne, meiner Beck Lande.

Frå venstre Ola Buøen, Torkild Bjøre, Eirik Bjøre og Per Rese. Med hunden Bamse som har ein O på låret etter eigaren Ola Buøen. Bjørnen vart skoten ovanfor Bjørøyplassen i Grønlio på Gol i 1910 eller 1911. Den vog utan innvoller 150 kilo.

Med kritikken sin føyer Beck Lande seg inn ein gammal debatt og ide. Kan ein få inn att bjørn i Vassfaret? Naturvernarar og romantikarar har tala for det, og det er ikkje lenge sidan Miljøpartiet Dei Grøne vedtok på sitt landsmøtet at dei er positive til den tanken.

— Vassfaret er ideelt for ei ny norsk bjørnestamme. Me menneske har i dag utrulege føresetnader for å regulere ein bestand. Med den erklærte naturkrisa, syns eg me skal få til intakte økosystem. Bjørnen høyrer heime i norsk natur, meiner Beck Lande.

Torgeir Beck Lande (til høgre) frå Kongsberg har dreve med naturfilm heile livet. Her i lag med Arne Nærva.

Han peiker på blant anna Finland og andre land som tener pengar på å ha bjørn i naturen. Berre i Finland er det omsetning i millionklassen som trekker naturfotografar og andre villmarksinteresserte.

— Folk er villige til å betale mykje for ei slik oppleving. Lokalsamfunnet kunne ha tent på det, og det veit Flå. På den måten kunne ein setje pris på den ville bjørnen.

Svarte på kritikken

Kristian Akervold, som er dagleg leiar i Flå Vekst, kunne ikkje la innlegget til Beck Lande stå utan svar og kritikk. Flå er jo trass alt stolt over si bjørnehistorie.

— Det var fleire flåværingar som tok kontakt med meg og meinte at dette måtte me svara på. Eg var einig og tenkte «Nei, den der kan ikkje stå uimotsagt».

— Vart du provosert?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ja, eg vart det. Eg ville jo gjerne hatt besøk av fyren og prata meir. Me er stolte over bjørnehistoria vår, og den kan brukast til mykje. Poenget mitt er at eg ikkje ser nokon problem med at Flå kan fokusere på bjørn sjølv om det ikkje går bjørn i Vassfaret lenger. Bjørnen er noko me kan vere stolte av.

Før var bjørn ein naturleg del av dyrelivet, men så skjedde det ting. Og det er jo ikkje på grunn av Vassfaret, men vips var bjørnen fjerna og den siste stammen var i Vassfaret. Eg seier ikkje at det var godt at den norske stammen blei utrydda, men han blei det, seier Akervold.

— Kor mykje har bjørnen hatt å sei for Flå som næringskommune?

— Ganske mykje, alt starta jo med Bjørneparken.

Bjørneparken, eller Vassfaret bjørnepark, som det var opphavlege namnet, var eit lokalt initiativ for å heidre historia til nettopp Vassfaret. Historia og informasjon om naturområdet skulle vere i fokus for å fremje Vassfaret som ein destinasjon.

Då var det sjølvsagt at ein måtte ha bjørnar å vise fram. Dei to bjørnane Rugg og Nora vart importert frå svenske dyreparkar, og parken opna i 1997.

Rugg (til venstre) er i dag 25 år gamal. Her leikar han med kjæresten Nora etter å ha vakna frå dvalen førre vinter. I lag har dei vore med på å auke bjørnesbestanden i kommunen.

Det skulle dryge nesten ti år før Olav Thon blei stoppa i fartskontroll i bygda og tok turen innom parken. Det var starten på Thon si satsing i den minste kommunen i Hallingdal.

— Han såg då at det bjørnane trong ein vassdam. Det var vel få av dei som tok initiativ til parken den gongen som såg for seg korleis parken ville endre Flå. Men den har vore ekstremt viktig for at Flå også har blitt ein sommardestinasjon, fortel Akervold.

— Så flåværingane skuldar bjørnen ganske mykje?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Heilt riktig. Eg trur den allmenne flåværing er oppteken av det. Det er ei kopling i kommunevåpenet, du ser det overalt. Bjørn er ein del av historia, me er stolt over den. Når det blir provosert fram, at me ikkje kan bruke bjørnen, blir det feil.

Bjørneparken kjøpesenter byr på bjørnar i fleire positurar.

— Korleis hadde dei reagert om nokon lokalt ville innføre bjørnen i kommunen og i Vassfaret?

— Sjølv om me på mange måtar at me er stolt over historia, er det ikkje dermed sagt at me ønsker 20 bjørnar i Vassfaret på permanent basis. Men korleis folk ser på bjørn? Eg trur det er mykje frykt. Rett og slett basert på for lite kunnskap. Det er mykje frykt, men for all del, eg har aldri sett bjørn andre stader enn i Bjørneparken så eg veit ikkje korleis eg hadde reagert. Det er jo eit svært dyr. Så korleis folk ser på det? Eg trur det varierer veldig.

Den skumle bamsen

Det var faktisk i Flå og i Vassfaret sist gong nokon måtte bøte med livet etter å ha møtt bjørn her i landet. Johan A. Sagadalen var ein gjetargut på 13 år. Kanskje hadde han forstyrra bjørnen i middagsmåltidet. I alle fal gjekk bamsen til angrep. Dette var i 1906. Sagadalen vart frakta til Drammen sjukehus, men døydde ein månad etter angrepet, av hjernehinnebetennelse. Bjørnen hadde påført han eit komplisert kraniebrot.

To år seinare vart dyret, som truleg var drapsbjørnen, endeleg skoten. Desse to hendingane var bakteppe for forfattar Mikkjel Fønhus si historie om slagbjørnen Rugg i samlinga «Der vildmarken suser». Her blir historia fortalt gjennom augo til bjørnen, og det var Fønhus som gav bjørnen namnet Rugg grunna den ruggande rørsla til dyret. Fønhus sine skildringar av nettopp Vassfaret er opphavet til mykje av mystikken til naturområdet.

Det kjente fotoet av bjørnen Rugg og jeger Steinar Steinarson Ormerud med hundane Grei, Hei og Skral. Den sagnomsuste og lengste bjørnejakten i norgeshistorien startet 25. mars 1908 og pågikk sammenhengende til Steinarson satte det fellende skuddet 13. Mai. Sammenlagt gikk 28 mann til og fra jakta.

I Bjørneparken ligg det eit eige rovdyrsenteret som er ein del av Miljødirektoratet. Ifølge naturrettleiar Bjørn Henrik Stavdal Johansen er fryktdemping ein av dei tinga dei driv mest med.

— Før meinte ein at me i Norge hadde grasbjørn, maurbjørn og slagbjørn, i staden for ein bjørnetype. Grasbjørn var den snille og vegetarianaren, maurbjørn var ein mindre mørk bjørn som likte insekt. Ein irritabel og hissig bjørn. Og til slutt hadde ein det blodtørstige beistet kalla slagbjørn. Den åt berre kjøtt og drakk blod. Og aller helst åt den berre gravide kvinner, fortel Johansen og ler.

Naturrettleiar Bjørn Henrik Stavdal Johansen kaller Norges bjørnehistorie for bråkete. – Tidlegare var rovdyra ein naturleg konkurrent og me gjekk inn for å utrydde dei. Med økologiske augo klarte ein å utrydde rovdyra her i Norge.Me bur mykje meir spreidd og har langt meir bruk av beitedyr i mark. Det har gjort at ting er annleis her enn i Sverige. På den tida var me eit fattig land med utfordringar. Då kom naturvern kommer i andre rekke.

— Ein skal tilbake nokre hundre år då ein snakka om desse kategoriane. Men av ein eller annan grunn har slagbjørn fått leve vidare, det har fått rotfeste. Men ein bjørn som tek sau, det er ein heilt vanleg bjørn. Alle bjørnar et kjøt om dei får sjansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Så det eksisterer framleis ein del mytar om bjørn?

— I alle høgaste grad. Mange mytar er vanskelege å bli kvitt. Det er enkelte utsegn som har et snev av myte ved seg. Der kjem for eksempel uttrykket slagbjørn inn i biletet. Mannvond, eller mannebjørn. Det eksisterer mytar om alle de store rovdyra og alle er seigliva. Noko av det me jobbar mest med er fryktdemping og objektiv informasjon. Me skal ikkje fronte politiske agendaer. Me skal presentere fakta og fortelje om korleis det eigentleg er.

Ei brysam forvaltning

Før 1845 levde det ca. 4700 bjørnar i Skandinavia. Over 3000 av desse, eller 65 prosent, levde i Norge og resten hos söta bror. I dag ser ting heilt annleis ut.

I fjor blei det påvist 148 bjørnar her i landet, 57 binner og resten hannbjørn. Stortinget har bestemt at det årleg skal fødast 13 bjørnekull i utvalde rovviltregionar. Dette er eit mål som aldri har blitt nådd. I fjor kom det sju kull. Bjørnen er raudlista i Norge som ein truga dyreart, men ikkje i verda.

Også i Sverige meinte ein at rovdyra skulle skytast. Lenge køyrde ein same jaktpolitikk også der. Men etter fleire tiltak for å endre praksisen, med blant anna det svenske jegerforbundet i front for ein ny politikk, blei bjørnen freda i 1927. På det tidspunktet var det berre 130 bjørnar igjen i Skandinavia. I 2017 var talet på bjørnar i Sverige 2877.

I Norge gav ein skotpremiar på bjørn fram til 1932. Først i 1973 blei den totalfreda også her.

— Det er berre menneske som har nasjonalitet. Reint genetisk har ein to bjørnestammer, den nordskandinaviske som strekker seg inn mot Finland og Russland og den sørskandinaviske langs svenskegrensa, fortel Johansen.

Bjørnekjønna har ulike prioriteringar. Ein hannbjørn vil streife, det han leiter etter er flest mogeleg binner. Binnene derimot er mest opptatt av å bli kjent i området dei er i, finne nok mat til ungane. På den måten unngår ein innavl. Det er lågare terskel for å felle hannbjørnar som flyttar seg utanfor rovviltregionane. Denne bjørnen minnar folk om å sprite hendene på Bjørneparken kjøpesenter.

Han meiner det mest nyttige er å sjå heile Skandinavia som eit området.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er jo vanskeleg politisk, sjølvsagt. Men det gir meir meining, og dei som forskar på bjørnar og genetikken jobbar under det ein kallar det skandinaviske bjørneprosjektet.

Så me har bjørn om 50 år?

— I Skandinavia ja, stammen held seg stabil. Men det er fyrst og fremst grunna svenskane. Me har ikkje oppnådd måla her i Norge, men stammen er stabil. Det er ingen grunn til å tru at bjørnen forsvinn i morgon, men det er heller ikkje grunn til å tru at det kjem bjørn til Vassfaret. Me må nok leve på historia om bjørn i Vassfaret. Ein har gjort store forsøk på å flytte rovdyr tidlegare. Det som ofte skjer, er at dei går tilbake igjen til dit dei kom frå. Det andre alternativet er at binna skal kome dit naturleg, og det tek tid. Når kjernen av den stammen i Sør-Norge er langs svenskegrensa, så vil spreiinga gå like mykje andre vegen.

Ein kan aldri vere trygg, sjølv om bjørnen søv. Det viktigaste er å gå varleg.

— Så ei ny bjørnestamme i Vassfaret blir verande som ein håplaus draum for nokon?

— Hehe, ja. Slik eg opplever dei lokale, eg har budd mange stader i landet, så er bjørnen blitt ei slags merkevare for Flå og Vassfaret. Men ein skal hugse på at Vassfaret er eit relativt lite område i dag, med tanke på dei store areala bjørnen bruker, så i praksis er det ikkje så realistisk at det skal skje, i alle fall slik Norge ser ut i dag. Det er mange kamelar som skal svelgjast for å få til det. Men innimellom kjem det jo ein slengar av ein hannbjørn.

Titt og ofte får rovdyrsenteret og Johansen tips om bjørneobservasjonar i Vassfaret. Johansen meiner ein bør ta dei fleste med ein klype salt.

— Sist hannbjørn som overvintra var i 2008. Når nokon hardnakka hevdar at det framleis er bjørnar der, handlar det meir om eit ønske eller ein identitet for området som skal bli tatt vare på. Det er mange som går inn i bjørnemodus når dei går tur i Vassfaret, og då er det lett å sjå sport overalt.

Tap av naturmangfald har ein tendens til å hamne i skuggen av kampen mot klimaendringar og utslepp. Menneskeleg aktivitet legg press på dyra og naturen verda over.

— Det er viktig å ha ein føre var praksis. Det er ein utfordring me står ovanfor, og her ikkje Norge best i klassen, fortel Johansen og legg til at det er vindar som blæs i riktig retning men at mykje handlar om korleis ein ser på naturen og kva for plass menneske har i den.

— Plassen menneska tar har verkeleg ekspandert, og det kan sjåast på som unaturleg. Me pressar naturen frå alle kantar, og bjørnen er berre ein art, men naturen ligg på mange måtar på hoggebenken. Kva for plass den har i vår samfunnsutvikling varierer sjølvsagt. Det kjem an på kva for natursyn ein har.

Den siste binna i Vassfaret

— Bjørnen er elska og hata, men det er eit fantastisk dyr. Eg kan ikkje tenke meg noko vakrare dyr.

Sigmund Unander blir entusiastisk over telefonen. Den pensjonerte sørlendingen har levd eit langt yrkesliv i naturen som geolog. Jobben har teke han over land og strand, også til Vassfaret. I fem år jobba han som teknisk forskarassistent i det segnomspunne området.

I lag med zoolog Kåre Elgmork, som forska på bjørnar heile sitt liv, var Unander med på eit internasjonalt forskingsprosjekt. I over fem år kartla dei førekomst av bjørn i Vassfaret. 3. mai 1971 kom den unge assistenten over ferske bjørnespor. På god avstand observerte Unander det som truleg var den siste heilnorske binna frå den sørskandinaviske stammen med tilhald i Vassfaret.

— Eg kom over ferske spor i eit ope landskap. Det var ei stor oppleving, kjensle og det var jo òg historisk.

Den neste veka heldt Unander, Elgmork og dei andre forskarane binna under oppsyn. Dei fekk med seg at den både åt maur og klatra i tre. Tre dagar seinare fotograferte Unander og Elgmork bjørnen gjennom eit teleskop. Bilete hamna på framsida av Aftenposten og forskarane vart intervjua.

Faksimile frå Aftenpostens framside 12. mai 1971 då den siste bjørnebinna vart observert i Vassfaret.

— Det var usemje i gruppa om det var fleire bjørnar i Vassfaret. Elgmork meinte lenge at det var fleire bjørnar. Men konklusjonen var at det berre var ein. Me observerte bjørnen ein siste gong i 1974, fortel Unander.

– Det som er djupt skuffande - og direkte meiningslaust - er at bjørnen ikkje er totalfreda. Våre observasjonar er gjort i typisk villmarksområde, som det enno er litt att av. Det må snarast vernast om. I det heile tatt er det på tide at Vassfarsaka kjem ut av daudvatnet, sa bjørneforskar Elgmork til Aftenposten i 1971. Det skulle endå gå to år før bjørnen vart totalfreda. I 1985 blei deler av Vassfaret verna. Truleg blir store deler av Vassfaret no merkt som eit kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse (KULA) av Riksantikvaren.

Kåre Elgmork døydde i 2011, men skreiv fleire bøker om dyret han via livet sitt til. I boka Bjørnens liv skriv han:

— Det var ei fantastisk oppleving etter å ha sett etter bjørn i Vassfaret i over 20 år, for fyrste gong å sjå ein vill norsk bjørn under slike forhold. Det var som at fortid og tradisjon stod så mykje klarare for meg. Her hadde eg eit vilt dyr framfor meg, og ein natur som eigentleg høyrde tidlegare tider til. Og eg følte vel intuitivt at dette var slutten på ein tidsepoke som aldri kjem att. Aldri har ein naturoppleving gjort slikt inntrykk på meg.