Siv Weisten har oppskrifter på det meste, om det skulle vere mat, kaker eller berre den perfekte førjulstida og romjul med senka skuldrer saman med familien. Her får katten Kita all merksemd i eit varmt og godt matmors fang.

Hjå Siv startar jula alt i september - her deler ho sine mattips

Med god planlegging kan ein halde på roa i førjulstida. Då kan ein nyte romjula også.

Siv Weisten er det ein kan kalle ein racer når det gjeld jul. Ho har full kontroll frå slutten av september og held stø kurs inn mot slutten av året. Det heile dreiar seg om planlegging, og om vegen fram til julekos med familien.

– Eg startar allereie i slutten av september. Bakinga gjer eg unna frå oktober. Og den biten med nedvask av kjøkkenskap og loft, det har eg kutta ut. Det er uansett ingen som skal inn i skapa mine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Sel som hakka møkk
Les også
Mat til familien

Me besøker Siv Weisten

Katten Kita sit og småskjelv på trappa og ventar på at eg skal sleppe henne inn i varmen. Matbordet er dekt med juleservice og levande lys set stemninga.

– Her er det jul fleire gonger i året, seier Weisten og ler. - Eg riggar opp og ned jula på grunn av jobben min. I oktober blei ungane bekymra for at me skulle rekke å pakke vekk jula igjen, før halloween.

Hjå Siv Weisten kjem julestemninga med ein gong. Lukta av nybaka kanelstjerner og adventsstjerner som lyser med varmt lys inn i stova. Matbordet er dekt med juleservice. Levande lys set stemninga.

Alle mann til benken

Når det skal bakast hos familien Weisten, er det ikkje vanskeleg å få med ungane. Dei samlar seg på kjøkkenet og tryllar fram heimelaga søtt og smakfullt bakverk og godt. Noko skal dei ete sjølv og noko skal dei ha til gåver.

– Det er ofte like koseleg å gi vekk noko heimelaga, som kjøpte gåver. Ikkje treng det å vera til jul heller. Det passar like godt å gi bort noko når ein skal på besøk i romjula.

Les også
No kjem bok nummer to - forlaget jublar over nok eit ellevilt førehandssal

– Ungane har vekse opp med at alle er med og hjelper til på kjøkkenet. Det er vorte tradisjon og det gjer at me får ekstra mykje tid i lag. Når ungane kjem heim frå skulen, sparkar dei av seg skoa og kjem rett inn på kjøkkenet og spør meg om kva dei kan få hjelpe til med. Eg vil at ungane får prøve seg på både bakst og mat. Det handlar mykje om det å vere saman.

Deler julekosen med andre

Weisten er matbloggar med ein heil armè av følgarar og har gitt ut to bøker med oppskrifter for familien. Den siste boka kom nettopp og heiter sjølvsagt Julegøy med mat til familien.

– Eg ville lage ei bok som ikkje handla om dei vanlege tinga som juleribbe og krumkaker. Det bakar eg forresten ikkje, for det lagar svigermor mi til oss.

Boka er proppa med lette og gode oppskrifter, både for smaken og for gleda med å vere saman på kjøkkenet. Ei kosebok, rett og slett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siv Weisten har funne den magiske oppskrifta på å finne roa i den hektiske tida før jul. Ei kanelstjerne er bakt utan noko stress, for ho har planlagt alt så godt at det er ikkje noko som kan velte lasset. Lukta av nybaka gjærbakst sette julestemninga i heimen hos Weisten.
Julegøy med Siv Weisten. – Eg ville lage ei bok til overskuddstider. Den skulle bli noko som er koseleg å lage, og ikkje berre dei vanlege tinga som juleribbe og krumkaker.
Her er det mykje godt. Alt er heimelaga. Krydder, kakaopulver, marshmallows, kakeblanding og instant chai latte.

Ei god blanding

Med ei god blanding av tradisjon og moderne oppskrifter gjer Weisten jula til sin eigen. Dei berømte sju slaga er ho ikkje så oppteken av, men innrømmer at dei likevel har meir enn nok av kaker til jul. Det er berre ikkje dei typiske julekakene. Før jul går det i nokre slag med kaker og mykje konfekt og annan kos. I romjula er dei meir romslege rundt tradisjonar.

– Det går an å lage ein god pizza eller kanskje litt taco. Me et sjeldan julemat i romjula, for då skal det vere tid for familien. Men julemiddagen lagar eg, som alltid, og mannen min er med på det. På denne måten blir det meir sosialt og koseleg.

Det finst mange slags stjerner men ingen er like smakfulle som kanelstjerner. Oppskrifta finn du i artikkelen.

Romjulskos

Siv Weisten fortel at ho syns det er vel så viktig å kose seg saman i romjula som i førjulstida og har mange oppskrifter på smakfull kos, som er lette å lage. Om du berre vil ha noko godt å ete sjølv, eller om du vil lage ei unik romjulsgåve.

Weisten byr på oppskrifter til kanelstjerner eller chai latte-pulver, eller kanskje begge delar? Her får du eit par oppskrifter du kan teste i romjula:

Chailatte-pulver (frå boka, julegøy med mat til familien)

DETTE TRENG DU

300 g sukker

200 g fløytepulver (f.eks. Coffee Mate)

2 ts. kanel

2 ts. malen ingefær

1 ts. kardemomme

1⁄4 ts. malen nellik

1 ts. muskat

Porsjonar: 2 syltetøyglas

Tid: 10 min

SLIK GJER DU

1. Ha alle ingrediensane i ein foodprosessor eller blender og bland til alt er pulverisert.

2. Ha blandinga over i et lufttett glas. Pynt glasa med pene band og ein handskriven pakkelapp (sjå forslag).

Varm opp 2,5 dl mjølk. Ha 2-3 ss av pulveret i botnen av ein kopp. Hell over varm mjølk og rør godt.

Tips! God å blande i kaffien, også.

Porsjonar: 16 stjerner

Tid: To og ein halv time

Omnstemperatur: 200 °C

Nydeleg, dekorativ kanelstjerne! Ein av mine favorittar når det kjem gjester. Den imponerer alle som kjem på besøk, både når det gjeld utsjånad og smak. Ikkje er den vanskeleg å lage, heller.

Dette trenger du

Gjærstartar:

1 dl mjølk, fingervarm

1 ss turrgjær

2 ss sukker (av de 200 g til deigen)

1 ts. kardemomme

Halv ts. salt

950 g kveitemjøl

200 g sukker

4 dl mjølk, fingervarm

125 g kaldt smør, i terningar

Egg til pensling

Fyll:

200 g smør, romtemperert

40 g sukker

Kanel, ønskt mengd

Slik gjer du

1. Rør saman alle ingrediensane til gjærstartaren. La han stå under plastfolie i 10 minutt.

2. Bland dei tørre ingrediensane i bakebollen til kjøkkenmaskinen din. Ha i mjølka og gjærstartaren i det tørre og la maskinen elte det saman. Ha i kaldt smør og elt til alt er blanda. Elt til saman minst 10 minutt på låg fart.

3. Skru opp farten til maks og elt vidare i 2 minutt. Hev under plastfolie i cirka 1 time.

4. Rør saman ingrediensane til fyllet.

5. Del deigen i fire like store delar og form dei til bollar. Kjevle dei ut til store rundingar. Legg ein av dei på et bakepapirkledd steikebrett. Smør på ein tredel av fyllet.

6. Repeter med dei neste tre emna, det siste skal ligge som et lok utan fyll.

7. Sett eit glas i midten og skjer 16 strimlar inn mot midten der glaset står.

8. Ta tak i to av strimlane og tvinn dei kvar sin veg tre gonger. Gjer dette med alle strimlane og fest til slutt endane saman. Fjern glaset. Legg eit kjøkenhandkle over og etterhev i 30 minutt.

9. Pensle med egg og steik kanelstjerna midt i omnen i 20–25 minutt. Avkjøl på rist.