Mikkel Brusletto har med seg systera, kjærasten og ein kamerat. Dei brukte dagen på isbanen, der dei fekk trene på breisladd og manøvrering av bilen.

Kontrollert grisekøyring på isen: – Mamma har ikkje turt å sitte på enno

Ungdommar frå heile Hallingdal møtte opp på Tisleifjorden for å køyre bil og firehjuling på isbanen.

– Fyrst er det sikkerheitskurs. Etterpå skal me køyre, fortalde Mikkel Brusletto (20) som var på Tisleia-arrangementet for andre gong.

Enea Embre og Mikkel Brusletto hadde ingen innvendingar om at det var obligatorisk å vere med på foredrag og sikkerheitskurs før dei fekk reise ut på banen.

Han hadde tatt med seg kjærasten Enea Embre (19), systera Malin Brusletto (16) og Bjørnar Gunhildgard (17). Alle fire frå fleire plassar i dalen, frå både Geilo, Ål og Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foredrag og kurs

Dei sat i eit fullstappa telt og venta. Klokka 11 vart det halde eit foredrag gjorde sterkt inntrykk, om ei ulykke i Hallingdal, der eit ungt liv gjekk tapt.

Bjørnar Gunhildgard og Malin Brusletto var passasjerar denne dagen, men kven veit, kanskje dei begge kjem attende til neste år med kvart sitt køyretøy?

Kari Birgit Møllerplass frå politiet, heldt foredraget. Det var heilt stille i salen. Dette vart nok ein viktig vekkar for både vaksne og unge, om kor farleg det kan vere å sitte bak rattet.

Etter foredraget vart det halde sikkerheitskurs, før ungdommane fekk utdelt kvikklunsj og sende ut på fjorden for å teste køyretøya på det massive isbaneanlegget.

– Det er heilt rått. Det er delt inn i fleire baner, med øvelsselskøyring, UTV og ATV og for køyring med førarkort. Det er utruleg bra laga til, ein dag som denne. Ein dag i året der dei opnar opp for alle, fortalde Mikkel Brusletto.

Alex Gabrielsen frå Goladde med seg full bil med kameratar. At denne karen har vore utpå isbanen før, er lett å sjå. Han opptredde med piruett på piruett.

Fyrar i gang

Han gjer seg klar for å komme seg ut på banen. Bilen han skal bruke er kvardagsbilen, ein BMW.

– Eg var jo med i fjor også, men i år har eg sprekare bil.

Året før var det BMW`n til kjærasten Enea som vart brukt, men i år skal han køyre sin egen.

– Eg køyrde hennar i fjor, men den var ikkje sprek nok. Det var ikkje nok hest, så me oppgraderer litt i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gunhildgard har UTV heime, men vel å vere passasjer saman med Malin Brusletto og Enea Embre.

Det kan vere fare for å få nokre skraper i fangarar og skjermar denne dagen, men ungdommane meiner at det er likevel verdt det for å få vere med på dette.

– Det er jo moro. Når ein fyrst får lov til å leike seg litt, så må me nytte sjansen.

Henrik Ness tok Hallingdølens journalist med ut på ein runde rundt banen.

Viktig, lærerikt og moro

Henrik Ness (26) og Sara Brenno (16) er to som også var på isen denne laurdagen. Dei var skjønt einige om at dette er eit lærerikt arrangement, og at dei meiner fleire bør komme å vere med på dette neste år.

– Eg har vore med nesten kvart år sidan eg fekk lappen. Det er kjempebra at det er mange folk her. Og det er jo kjempemoro, bekrefta Ness.

Han har hatt fleire bilar og har «brukt opp» nokre av dei på isen, gjennom åra.

– Men ein lærer å køyre bil, da.

Det kan bli ein dyr hobby om ein skal ta det heilt ut, men dette er også ein del av både lærdommen og moroa, ifølgje Ness.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er difor eg har denne bilen her, det er vinterbil. Men det har vore fleire, mest Audi. Det er det det går i.

Han poengterer at det er viktig å øve på glatt føre, og at det er slik ein blir ein god sjåfør ute i trafikken også.

Eskil Turhus hadde rykande fersk lapp i lomma på trafikkdagen, og han brukte dagen max. Han hadde tatt alle forholdsreglar, for å ikkje gå glipp av eit minutt på banen. Difor hadde han hamstra fleire kanner med ekstra bensin, slik at det berre var å fylle opp att tanken når det minka.
Eskil Turhus hadde all grunn til å smile. Ein heil dag der han fekk drive med det han likar best, nemleg motorsport.

Sjå fleire bilete her:

Jentene viste også musklar på banen

Sara Brenno har køyrd bil sidan 2022, og har vore mykje på bilcrossbanen. Fyrste gong ho sette seg bak rattet på ein bil med manuell giring, var på løp på Fuglehaugen i Gol. Her handlar det om å reagere fort, og då er det om å gjere å treffe, i alle fall omtrent.

– Eg berre røskar den i gir og satsa på at det var riktig når eg køyrer på banen.

Sara Brenno (16) har meir erfaring bak rattet enn dei fleste på sin alder.

Ho tok med seg tanta si i setet ved sidan av, og tanta tok det med eit smil.

– Mamma har ikkje turt å sitte på enno, fortalde sjåføren frå Gol medan ho drog i brekket gjennom ein sving.

Sjå film frå dagen her: