Då maskina nådde att mennesket

Teknologi, kunstig intelligens og datamaskiner. Historia til datamaskina er kort, men utviklinga har kome langt. Frykta for at robotane tek over jorda er reell. Tesla-gründer Elon Musk har sagt at han fryktar for at kunstig intelligens til slutt tek over verda.

I 1951 laga tyskaren Dietrich Prinz, verdas første fungerande sjakkmaskin. Han vart kollega med Alan Turing, ein av pionerane under opphavet til datamaskina. Programmet klarte ikkje å simulere seg gjennom ein heil kamp, men klarte finne «matt» når det berre vart to steg igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På 60-talet kom dei første maskinene som kunne spele mot menneske. Datafirmaet International Business Machines (IBM) kjøpte programmet Deep Tought i 1989. Dei sette saman ei gruppe som hadde ei oppgåve; - å lage ei maskin som kunne slå stormeister og verdsmeister Garry Kasparov. Maskina vart kalla Deep Blue.

Garry Kasparov: Garry Kasparov (Sovjet) og Tibor Karolyi (Ungarn) under junior-VM i sjakk i Dortmund 1980.
Garry Kasparov: Garry Kasparov under sjakk-OL i Valletta (Malta) i 1980.

Garry Kasparov var fødd i Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan, som på den tida var ein del av Sovjetunionen. Frå 1984 til han la opp i 2005 var han rekna som den beste sjakkspelaren i verda, det er rekord til no. På det høgaste hadde han ein rating på 2851, som er den høgaste ratingen nokon spelar har hatt, inntil Magnus Carlsen i 2013 tok rekorden.

Garry Kasparov: Garry Kasparov juniorverdsmeister i sjakk i Dortmund 1980.

Kasparov skulle forsvare menneskas ære mot Deep Blue.

Første slaget var i 1996, då vann Kasparov. Han takka ja til ein omkamp året etter.

Slaget skulle gå føre seg i New York. I eit lite TV-studio, slik at det kunne sendast til alle som sat og følgde med heime.

I den første kampen starta Kasparov med ein enkel angrepsstrategi. Etter 45 trekk var maskinen slått. 1-0 til mennesket.

I den andre kampen valde Deep Blue ein vanleg angrepsstrategi, den spanske opninga. Maskina denne runden over Kasparov. Han påstod at maskina juksa, og at ho ein eller annan måte klarte å vite på førehand kva for trekk Kasparov kom til å ta.

Etter dei tre neste kampane var stillinga to og ein halv mot to og ein halv. Alt skulle avgjerast i den siste og sjette kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kasparov forsvara seg med ei opning han hadde starta med i den fjerde kampen. Caro-Kahn opninga er kalla opp etter engelskmannen Horatio Caro og austerrikaren Marcus Kahn som i 1886 analyserte opninga.

Etter opninga valde Deep Blue ei ofring som Kasparov ikkje såg koma. Den førte til at heile forsvarsrekkja til Kasparov vart øydelagd. Etter 19 trekk reiste Kasparov seg frå stolen og kikka bort mot mora som sat i publikum. Slaget mot maskina vart tapt. Maskina hadde tatt igjen mennesket.