På veg ut i enga for å jakte burot. Ordførar Anne Kari Eriksen viser veg.

Burot-aksjon i barnehagen: – Det heiter ikkje burot, det heiter ugras!

Ungane i Nesbyen barnehage gjer seg klare for å overvinne burota.

Dei får utdelt kvart sitt par med litt for store gummihanskar, og fylgjer på rekke og rad etter ordførar Anne Kari Eriksen. Ho viser dei korleis burota ser ut, og korleis ein skal dra den opp av jorda. Det kan vere greitt med ei lita innføring, for dette er fyrste gongen ungane er med på burot-aksjonen.

– Me skal plukke burot, seier Midiam Samuel Kifle (6) ivrig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvifor er det viktig å plukke burot?

– Det er viktig å plukke burot fordi det ikkje er bra å ha i naturen.

Kvifor er det ikkje bra, da?

– Eg veit ikkje heilt, eg.

Aksjon Burot

Norges Astma- og Allergiforbund har sett i gang aksjonen.

Skuleklasser og barnehagar i heile landet kan plukke burot, og vinne pengar til felleskassa.

Fjerning av burot kan lette allergiplagar som rennande nase og auger.

Aksjonen går føre seg mellom 10. og 30. juni.

Ein glad gjeng frå Nesbyen Barnehage som gjorde ein god innsats i årets burot-aksjon.

Allergisk ordførar

Eriksen har tatt initiativ til å gjennomføre aksjonen i Nesbyen. Ho er sjølv mykje plaga av pollenallergi, rett nok ikkje burotpollen, men ho veit kor slitsamt allergi kan vere i kvardagen. Derfor vil ho bidra til å lette litt på plagene mange kjenner på.

– Eg har skjønt at ordførarrolla er erfaringsbasert. Dei siste åra har eg vore aktiv i Astma- og Allergiforbundet, og fått med meg litt om burot-aksjonen. Me har ikkje fått dratt i gang noko særleg i Hallingdal, men eg veit det var ein skuleklasse som var med for nokre år tilbake. Det er nok litt avhengig av eldsjeler som veit litt om kva slags plager burota gjer. Som ordførar ville eg ta med ein barnehageavdeling på burot-aksjon.

Sesongen for burotpollen går frå midten av juli til starten av september.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ved å plukke bort burota rundt barnehagen, kan det bidra til å redusere sjukefråvær og sjuke ungar til hausten. Og viss me lukar burota fire år på rad på same stad, så blir me kvitt burota på det området. Viss me luker den no før den får sådd nye frø, og får opp røtene også, så fjernar me burota for godt, seier Eriksen.

Ho meiner dette er eit spesielt viktig tiltak å gjennomføre rundt offentlege bygg.

– Når me er ferdige her rundt barnehagen tenkte me oss bort til fotballbana også. Eg har sjølv opplevd at det er nokon ungar som blir tett i pusten og som slit litt om hausten, og det kan jo vere ein burotallergi som ikkje er så godt kjent. At me også får fjerna den rundt fotballbana, tenkjer eg er lurt.

Med famna full av burot, kan ein kalle det ein vellukka aksjon.

Nyttig læring for borna

Dei to seksåringane Ingrid Tandberg Løken og Eilev Kristian Åkelund Eidal diskuterer kva ein eigentleg skal kalle denne lange, grøne veksten med raud stilk.

– Det heiter burot, seier Ingrid.

– Nei det heiter ikkje burot, det heiter ugras!, konstaterer Eilev.

Dei er samde om at ein i alle fall ikkje skal ete det, spesielt ikkje dyra.

– Dei kan få skikkeleg vondt i magen og i halsen, seier Eilev.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når dyra et burot blir dei liksom kvalme, og får veldig vondt i magen. Menneske får ikkje lov til å ete det dei heller. Dei kan vere allergiske, forklarar Ingrid.

Dei vaksne i barnehagen har snakka med ungane om burota i forkant av aksjonen, og meiner det ligg nyttig læring i ein aktivitet som dette. Det er ikkje eit vanleg problem i denne barnehagen at ungar slit med allergi, men det kan likevel vere greitt å førebyggje og informere.

– Me hadde samling med borna og viste dei bilete av burota. Det trur eg dei synest var interessant. Det er ein fin aktivitet for ungane å vere med på, for det er jo ein del læring i dette, seier Mari Olava Bråten Ryen, som jobbar som lærling i barnehagen.

Klare for aksjon! F.v. Midiam Samuel Kifle, Eilev Kristian Åkelund Eidal, og Ingrid Tandberg. Alle seks år.

Ein sommardag fylt med mange inntrykk

Rundt barnehagen finst masse burot, og dei flittige ungane plukkar for harde livet. Men brått er det noko anna som fangar merksemda deira …

– Sjå, ei daud kråke!, seier dei nesten i kor.

Barnehagekvardagen byr på både store og små eventyr, og dagen i dag vart heilt klart innhaldsrik.

– Korleis var det å vere med på burot-aksjonen?

– Gøy! Det var gøy å plukke burot. Me skal bade seinare i dag, og så fant me ei daud kråke, seier Midiam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mykje å oppdage i naturen. Då dei fann ei daud kråke i området utanfor barnehageporten, måtte dei sette plukkinga litt på vent.