«Eksotisk held ikkje når ein ikkje får brukt seg sjølv jobbmessig»
«Eksotisk held ikkje når ein ikkje får brukt seg sjølv jobbmessig»

Visit Skoglunds

Politimannen møtte henne på glattcella. Så drog ho frå han og barna på ei øy i Lopphavet for å redde reiselivet i Hallingdal, men aldri har framtida vore meir uviss enn no.

Ho kjem imot deg med eit breitt smil, eit fast handtrykk og sikker gonge. Ingen nøling. Han er like stø, men meir avmålt. Seriøs. Smilande og alvorleg på same tid.

Anita Borrmann Skoglund og Gisle Skoglund har ikkje vore i Hallingdal meir enn nokre månader. Ho, som dagleg leiar i Visit Hallingdal AS, og han, som rektor på Hallingdal folkehøgskule. Båe kjempar med ryggen mot veggen. Ho litt meir enn han, rett nok. Så kaotisk er alt blitt at hallingeventyret kan vere over før det har begynt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje var det dømt til å gå gale heilt frå starten av?

– Me møttest på ei glattcelle, fortel Anita og let spenninga henge i lufta.

Ho er eigentleg marknadsførar og veit difor litt om korleis ein skal selje inn ei historie. Når ho les for barna om kvelden får dei med lydeffektar. Ektemannen er meir bokstavtru. Held seg til fakta.

«Eg føler meg ikkje ferdig. Eg blir veldig skuffa dersom me må reise her ifrå igjen no»
«Eg føler meg ikkje ferdig. Eg blir veldig skuffa dersom me må reise her ifrå igjen no»

– Min versjon er meir spennande enn hans, seier ho og kikkar bort i stolen til Gisle. Politimannen møtte henne faktisk der. I cella. Han var på jobb, og ho var der fordi ho hadde fått nyss i at fengselet skulle bli avvikla. Anita såg for seg at noko nytt kunne kome ut av oska. Gjenbruk. Og det gjorde det.

– Han verka å vere verdas mest kjedelege mann. Men han var kjekk, seier Anita med nok eit smil. Gisle trekkjer knapt ei mine. Nikkar.

– Etterpå møttest me over ein kopp kaffi på ein kafé. Og trur du ikkje at eg vart fråstole veska mi, og alt. Mens han sat der!

– Det er faktisk sant. Eg lånte henne to hundre kroner, slik at ho måtte treffe meg igjen, seier Gisle.

Han er ikkje politi lenger. Han var det då dei to budde i Hasvik kommune, eit øysamfunn med kring tusen innbyggjarar i Lopphavet. Med ferje som einaste nervetråd og utflytting som ein av dei meir populære «aktivitetane» var det ikkje så rart at ordføraren vart entusiastisk då Anita ringde og sa ho hadde utdanning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen laga ei stilling til meg. Eit rekrutteringsprosjekt, seier ho. Snart kom ho til å samarbeide med oljenæringa om eit desentralisert utdanningsopplegg. Nye tankar. Korleis skaffe nødvendig kompetanse? Korleis få folk til å bli verande?

Gisle hadde fått jobb som lensmann. Det var eit stykke frå livvaktteneste på det sentrale Austlandet, men dei var båe meir opptekne av å kunne gjere ein skilnad enn å vere urbane.

Det hadde likevel ikkje gått fullt eit år før dei kjende at dei hadde møtt vel mykje stengde dører.

– Kva skjedde?

Gisle startar på eit resonnement, men han blir snart avbroten.

– Eg kjenner deg så eg veit kva du eigentleg skal si, seier Anita og overtek stafettpinnen eit stykkje før veksling.

– Lopphavet er kanskje Norges finaste og mest eksotiske område. Men eksotisk held ikkje når ein ikkje får brukt seg sjølv jobbmessig, seier ho.

– Det vart ei utfordring å kome utanfrå, med kompetanse. Eg trur ein fort ser på det som ein trussel, seier Gisle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med berre eit par dagars mellomrom fekk dei båe jobbtilbod i Hallingdal, 200 mil lenger sør. Han hadde til og med to å velje mellom: lensmann i Gol og Hemsedal eller ein folkehøgskule.

Saman med kona hadde Gisle tidlegare skrive ei mastergradsavhandling og kva som får politifolk til å bli verande i yrket. Plutseleg var han sjølv på veg ut.

– Eg vil byggje sjølvkjensle og bidra til å skape aktive menneske. Er det noko samfunnet vårt treng er det å motverke psykiske lidingar og inaktivitet, seier han og hoppa førebels over frå «brannsløkking» i politietaten til frilynt førebygging.

Ho vart flogen sørover til intervju og trudde ho skulle til Norges reiselivsregion nummer éin.

– Eg tenkte: «Der var dei effektive der». Snart var det nokon som sa at eg hadde stukke hovudet inn i eit kvefsebol, men eg meinte vel meir at «kor vanskeleg kan det vere?».

Det har vore nokre lærerike månader.

– Den erfaringa ville eg ikkje vore forutan, og eg ville jo ikkje fått den dersom eg ikkje hadde hamna i dette kaoset.

Anita trøystar seg med at skuta var skeiv alt før ho vart kalla inn som kaptein. Ei tid hadde reiselivsselskapet segla rundt utan styrmann, og om bord hadde ein vesentleg del av mannskapet alt bestemt seg for å forlate skuta, utan at det vart sagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Kaptein Skoglund» måtte rydde opp i rotet. Ho fekk nesten lagt til kai då regjeringa trekte inn redningsplanken. «Ingen pengar til nye reiselivsselskap». Det gjekk nokre månader før ho oppdaga at skuta hadde hol i sida.

– Korleis der du på dette?

– Det er samansett av politikk og ulike agendaer. Næringa har vore oversett. I «prosessen» har ein gløymt det gode innhaldet. Ein har prøvd å vere alt for alle og kan no ende opp med ingenting for nokon.

For familien Skoglund kan årets adventstid også fort bli ei nedteljing til ein ny runde på FINN.

– Eg har ikkje lyst å røske opp familien igjen no. Me trivst og vil bli. Barn er meir engasjerte her. Det er mykje betre her enn mange andre stadar. Og så er det berre førti minutt til hytta, seier Anita.

I verste fall går dei åtte månadene i Hallingdal inn i familiehistoria som «den litt hektiske perioden me pussa opp hytta i Lykkja og prøvde oss i det lokale arbeidslivet».

Kanskje vil historia gjenta seg. Liksom Hasvik kommune etterspør også Hallingdal folk, helst med kompetanse. Ein etablerer prosjekt for å skaffe slike. Kallar det «Lys i alle glas» eller «Hallingdal 2020», og snakkar om «bulyst» og rekruttering.

– Eg har ikkje sett noko prosjekt for å få folk til å bli, men eg vil tru det er lettare å få folk til å bli enn å jobbe for dei som enno ikkje har bestemt seg for å kome, seier Gisle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje blir det som i Hasvik. Og kanskje var det difor i tolvte time at lokalavisa fekk lagt inn eit besøk hos «Skoglunds». Kanskje må leigebuarane i huset heime på Jessheim også snart ut på FINN.

– Eg føler meg ikkje ferdig. Eg blir veldig skuffa dersom me må reise her ifrå igjen no. Men det å vente på ei løysing gir litt stusslege arbeidsdagar. Eg likar å vere til nytte, seier Anita.

Ho ventar på at Hallingdal skal finne ut om ein kan samarbeide om regionens kanskje viktigaste næring. Ho meiner det er litt å gå på.

– Inntrykket mitt er litt at samarbeid er noko ein driv med når det går trått. Ein gløymer at samarbeid er med å løfte alle. Det er mykje frykt for å bli eten opp, eller usynleg.

– Ein må gjerne våge å ofre seg for noko som er større enn ein sjølv, seier Gisle.

Gisle Skoglund og Anita Borrmann Skoglund